Korleis eg vil legge opp ein undervisningsøkt i musikk

I dette innlegget vil eg ta føre meg ein undervisningsøkt i musikk, der eg fyrst og fremst tek for meg musisering som er eit av dei tre hovudtema kunnskapsløftet favnar om.Dei viktigaste aspekta med ein god time, er variasjon.Variasjon gir motivasjon. Kunnskapsløftet seier at » formål med faget

Som et allmenndannende kunstfag skal musikkfaget gi elevene grunnlag for å kunne oppleve, reflektere over, forstå og ta del i musikalske uttrykk. Som et skapende fag skal musikkfaget gi grunnlag for utvikling av kreativitet og skapende evner slik at elevene blir i stand til å skape musikalske uttrykk ut fra egne forutsetninger.(Læreplan i musikk)  »                                                Det er som skapande fag eg vil presentere denne undervisningsøkta.

Denne økta har som mål at elevane skal kunne spele ein solo(improvisere) medan ein taktfast puls og melodi gjeng i bakgrunnen.

Oppstart: I starten ville eg byrja med å presentere målet for timen, samt vist dei korleis ein skal bruke dei ulike instrumenta for puls, melodi og improvisasjonen. ein enkel basstromme vil fungere som puls(fleire trommer dersom det blir for lett) , enkle gitarakkordar som fungerar som melodi og ein xylofon, der ein berre har dei passande tonane til improvisasjon. xylofon, er eit Carl Orrf instrument, som er utvikla for grunnskuleelevar for enkel improvisasjon. Når eg har presentert (mesterlære) instrumenta og målet for timen, så vil eg dele klassa inn i trommissar, gitaristar og xylofonistar.(ca 10min)

hovuddel: her vil eg gå rundt å lære dei forskjellige gruppene den melodien, pulsen og måten ein burde spele på for å improvisere, for så å gå rundt å hjelpe elevane. dei vil få fem minutt til å øve på instrumenta, før me tar eit samspel med alle gruppene saman. Når dette er gjordt, så skal elevane rulere på instrumenta og gjere det same med dei andre instrumenta. Elevane vil då få ein variasjon i instrument, takt og melodi. denne delen tek omlag 25 min.

Avslutning: for å få mest mogleg variasjon, så ville eg hatt ein type, song eller dansleik som ville avrunda det heile. Dette fordi det er morosamt, samt at det er eit mål i kunnskapsløftet å utfolde seg fysisk iform av dans.

Her ser du ein time med variasjon og aktivitetar som motiverar og utfordrar elevane. Det at elevane får skape sin eigen musikk(improvisere) gjer også at dei får utvikla sin kreativitet som er viktig for å bli ein «danna» elev.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2 tanker om “Korleis eg vil legge opp ein undervisningsøkt i musikk

  1. Jeg har ikke mye å stille opp med da det kommer til teorien rundt musikken du prater om, men det virker som du har full kontroll på dette! Ellers er timen godt planlagt og veldig varierende. Jeg likte måten du velger å avslutte timen på, og at du trekker inn at det er et mål i kunnskapsløftet! Jeg tror du vil kunne tilføre musikkundervisningen mye!

  2. Jøss, hørtes spennende ut Djuve. Hørtes ut som en heavy time dette her. Merker at musikkfaget er noe du har grep om og merker at du har undervist mye i det. Ikke noe spesielt overraskende at musikk er faget du ville undervist i, i og med det kanskje er faget du stiller sterkest i. Flott opplagt time dette her uten at jeg kan kommentere så mye på det faglige innenfor musikkfaget. Meget bra at du har dratt inn så mye teori.

Legg igjen en kommentar