«BIBBEN»: Ein stad å vere, ein stad å lære

«SNAKKES PÅ BIBBEN! <3» / «Katti e du på bibben denna vekå????» / «Fant du boka? Hvis ikke du fant den, kanskje vi kan se etter en lignende? :)»
Slik ser dei tre siste meldingane frå elevar ut. Desse er fine bilete på kva eg liker best med jobben som skulebibliotekar på ein middels stor vidaregåande skule med linjene studiespesialisering, idrettsfag og mediefag. I dette innlegget vil eg trekkje fram det eg tenkjer at fungerer godt ved skulebiblioteket og løfte fram det eg ser potensial for utvikling.

KVILE OG UTVIKLING  – det beste med biblioteket
Som skulebibliotekar møter eg mange som treng hjelp i prosessen for å løyse oppgåver av ymse slag. Elevar opplever at faglærarane er borte frå klasserommet like etter timen er over, og får ikkje sjansen til å spørje om det dei lurer på. Med eit bibliotek utan tersklar og ein bibliotekar som (stort sett) ikkje skal vurdere dei, blir vegen kort når ein sit fast eller ikkje orkar å kome i gong. For meg gjev det stor meining i arbeidskvardagen å få rettleie elevar i større oppgåver. Kva for nokre kjelder ein kan bruke og korleis gjere det riktig, tips til god struktur og å forstå kva oppgåva spør etter. Altså både skrive- og leseopplæring slik den nye strategiplanen for IKT og bibliotek trekk fram. Her får eg nytta bakgrunnen min som norsklektor og er av den grunn naturleg nok gira på dette. Dessutan: Fordjupingsoppgåva i norsk får meg til å logre som ein hund. Nerd alert. Først å finne interessefelt, problemstilling og bøker som kan treffe, for så hjelpe dei til å sjå kva oppgåva krev av kjelder og tekst. Det blir spennande korleis det blir i framtida når ho er fjerna frå læreplanen. Vil det bli prioritert å lese bøker og skrive ei slik stor oppgåve når det ikkje er eit eige kompetansemål? Bibliotekarlektoren ser i alle fall mykje mestring og forståing i korleis større oppgåver skal gjennomførast, og slik er det fint å vere med på å gjere elevane studieførebudde.

Biblioteket er ikkje berre ein stad å lære, men óg å vere.  Alle treng ein stad å jobbe med skulearbeid. Mange treng ein sosial stad «å henge». Somme treng «a safe space». Biblioteket blir staden for alle desse. Eg opplever at biblioteket er staden på skulen der elevane i størst grad «kan vere seg sjølve», som ein elev sa. Det å vere ein vaksen som er tilgjengeleg har gjeve meg mange relasjonar som eg elles ikkje ville fått om eg «berre» underviste. Dei veit eg er på «Bibben», stikk innom om dagen er magisk eller prøven gjekk rett vest. Om dei er nervøse for ein fagsamtale eller om livet verkeleg sparkar bein på dei. Desse uformelle små samtalane, å vere tilgjengeleg og interessert i elevane gjer at eg har god relasjon til elevane på skulen. Dei kjem for å kvile, å bli sett, le oppgitt av ein flåsete replikk frå bibliotekaren. Eg elskar stemninga på biblioteket vårt. Det er rom for læring og kvile, gode og vonde dagar. Eg har trua på at ungdommane treng vaksenkontakt. Som bibliotekar merkar du korleis ungdommar søker kontakt og vil ha ein relasjon. For meg er denne sosiale sida av «livet på bibben» vel så viktig som den faglege.

TID OG STAD – POTENSIALE FOR UTVIKLING
Biblioteket skal ideelt sett vere hjarta av skulen både i overført og i fysisk forstand. Skulebiblioteket hjå oss blei flytta frå oppe til nede i kjellaren fordi ein skulle få ei ny studielinje som ville trenge biblioteket som klasserom. Difor blei to klasserom i kjellaren gjort om til bibliotek. Mesteparten av klasseromma på skulen ligg oppe, saman med inngang, kantine, administrasjon, lærarrom, arbeidsrom og så bortover. I kjellaren er det tre klasserom utanom biblioteket. Det er ikkje ein naturleg stad du berre svingar innom. Etter at flyttinga skjedde, så merka eg nedgang i både utlån og besøk. (No skal det seiast at eg óg gjekk ut i fødselspermisjon og at skulen ikkje sette inn vikar for den delen av stillinga mi, men det er ei anna historie). Det blei vanskelegare å få elevane innomhus fordi dei måtta aktivt oppsøke biblioteket enn å droppe innom då dei likevel gjekk forbi på veg til noko anna. I tillegg blei det færre kvadratmeter enn tidlegare. Utfordringa eg står i med det er å få ei kopling mellom etasjane, og med det få inn fleire enn dei som fast har biblioteket som arbeids- og sosialiseringsstad. Kvadratmetrane kan nok nyttast betre for å få vist fram bøker.

Stillinga mi er 60% lektor og 40% skulebibliotekar. Eg kjenner meg heldig som får kombinere det eg likar best av alt i ei stilling. Samstundes er det oppskrifta på dårleg samvit. Ein må ta eit val om kva ein ønskjer å bruke desse timane til. Noko seier seg sjølv i løpet av året, som bokinnlevering ved semesterslutt og å lage bokpakkar i august, fordjupingsoppgåva og liknande. Det kan kjennast som om det først er når ein nærmar seg haustferien at ein kan kome i gong med «vanleg biblioteksarbeid» etter arbeidet med elevane sine skulebøker.
Det eg finn utfordrande er å prioritere tid til å vere ute i klasseromma. Konsekvensen er truleg at eg når færre elevar – og tilsette.  Her håper eg studiet vil gje meg mot og kunnskap til å gå ut som reine skjære bokmisjonæren!

Eg ser óg eit potensiale i auka samarbeid med pedagogisk personale. Sidan eg sjølv underviser i norsk blir det norskavdelinga som oftast nyttar biblioteket. Korleis jobbe for å få andre fagkrinsar til å ta biblioteket med i planane sine for året som kjem? No når ein har ny læreplan med auka fokus på å jobbe tverrfagleg og i djupna, så skriv skulebiblioteket seg inn som ein naturleg ressurs. Her kan heile skulen utvikle seg, og biblioteket må med. Ei muleg løysing kan vere å delta på planleggingsmøte med ulike faggrupper. Igjen melder spørsmålet om tidsbruk seg. Likevel: Her lyser det potensiale for utvikling!

Når eg ser over desse momenta som eg kjente mest for å trekkje fram, så ser eg at dei kan samlast i ordet prioritering. Eit skulebibliotek er avhengig av at skuleleiinga og skuleeigarar ser verdien av det for at det skal fungere godt. Prioritere fasilitetar og økonomi vil utvikle biblioteket. I tillegg trur eg ein kan utvikle eit godt læringsmiljø på og i samarbeid med skulebiblioteket om ein klarer å integrere skulebiblioteket i årshjul og årsplanar. Vidare strekkjer greina seg til skulebibliotekaren som må gjere ei prioritering – avgrense for å ikkje gape for høgt og ende med dårleg samvit. Det å ha i fokus enkelte område som ein ønskjer å oppretthalde og utvikle vil

LIVET PÅ BIBBEN
Ein kan ikkje måle kva eit bibliotek gjev, utlånstala maler ikkje eit tydeleg nok bilete på kva ein har fått til. Desse usynlege resultata er likevel ikkje mindre viktige. At elevane veit at «på bibben» er det godt å vere er av det viktigaste. I livet som skulebibliotekar kan ein tidvis kjenne seg åleine i arbeidet. Eg har lyst å få til meir enn eg gjer i dag. Samstundes må ein ikkje gløyme gleda av å få tilsendt skjermdump av Anders Totland si Twittermelding frå fire ulike elevar ein dag i juni omringa av digitale hjarte og emojis med good vibes. Først og framst kan ein glede seg over at dei følgjer forfattarar på Twitter, deretter er det gull verdt å få ei stadfesting for at ein kan vere nokon for andre. Skulebiblioteket og bibliotekaren fyller eit behov og er eit løft når det både gjeld trivsel og læring.  Eg ønskjer for skulebiblioteket vårt at «Bibben» er ein stad å lære og ein stad å vere.

6 Comments

Filed under Uncategorized