Tag Archives: Bruk biblioteket ditt

Bli kjent med biblioteket vårt!

Når du som lærar kjem på biblioteket for å låne ei bok, så har du gjerne gjort eit forarbeid sjølv ved hjelp av Google eller søkesida for biblioteket. Du har ein tittel og/eller forfattar. Med eit forfattarnamn er ein til ei viss grad sjølvhjulpen og kan finne fram på eigahand – i alle fall om det er skjønnlitteratur som gjeld. Men kva når det er faglitterær bok? Me som jobbar i skulen veit óg at stort sett er det helst emne elevane spør etter. Ei bok med ei heftig kjærleikshistorie, noko om frelsesvegar i verdsreligionane eller oljeutvinning på Vestlandet. Då kjem ein over til det Vanda Broughton I boka «Essential Classification» (2017) forenkla kan kalle emnejakt.

Looking for information based on the content of documents is known as subject retrieval,subject searching, or subject access. In the majority of libraries andinformation services this formal identification of the subject content,and subsequent searching, is done by using a classification schemeand/or a system of subject headings. (Broughton (2017) s. 5)

Det er då du treng hjelp frå både menneske og teknologi. Dette blogginnlegget forklarer korleis skulebiblioteket vårt er sett saman. Bli med inn!

Kva finn du kor?
Biblioteket vårt er delt inn i to rom: Sjølve biblioteket og lesesalen. Biblioteket har all skjønnlitteratur, på lesesalen finn du faglitteratur – alt frå ordbøker til Koranen. Inne på lesesalen er bøkene ordna etter talsystemet i Dewey, med tala kan ein halde struktur (Broughton, 2017, s. 97). Sjå plakaten på veggen for å vite kva emne som høyrer til kva tal. Det står og merkelappar på hyllekanten.

Skjønnlitteraturen er delt inn i større kategoriar for å gjere det enklare å finne fram. Til høgre når du kjem inn har du Fantasy og Sci-fi-bøker. Til venstre er engelskspråkleg litteratur (82 på ryggen)samla. Klassikarane i norsk litteraturhistorie i samla verk står like ved. Ungdomslitteraturen er i dei gule hyllene som lyser opp rommet. Reolane rett fram når du kjem inn er «vanleg» skjønnlitteratur, med kriminallitteratur i enden mot ungdomshyllene. Bøkene har forfattaren sin forbokstav på ryggen + evt merking med NN(nynorsk). På bokkarusellane står dei nyaste bøkene eller tema ut frå emne trinn/klassar jobbar med. I kassane ved døra finn du grafiske romanar og teikneseriar. «Den systematiske hylleoppstillingen i det fysiske biblioteket, sammen med et godt utbygd katalogapparat med muligheter for å søke på forfatter, tittel, emne eller fritekst, er en av nøklene til et kvalitativt godt tjenestetilbud» (Hoel, 2008, s.109).

 

No description available.

På karusellane finn me aktuelle saker. Her er det foreslått bokpakkar til fordjupingsoppgåva med tema og forslag til ulike problemstillingar som passar til dei. 

No description available.
Her ser du korleis ein følgjer alfabetet og at du finn forfattaren sin første bokstav på ryggen av bøkene. NN står for nynorsk.
No description available.

Engelsk skjønnlitteratur er merka med 82 + første bokstav i forfattaren sitt etternamn. 

Utfordringane her er at sidan det berre er samla verk i Klassikar-hylla, så finn du likevel til dømes «Sjur Gabriel» på hylla for «vanlege bøker» under Skram. Kva med Helga Flatland si «Alle vil hjem. Ingen vil tilbake», som både passar for vaksne og ungdom? Valet har blitt å ha ei på kvar plass. Alle bøker er ikkje merka NN som nevnt over, for kva med t.d.Erlend Loe sin «Helvete» som har båe målformar? Som de forstår, ein forsøker å halde eit system for orden, men 100% gjennomført er det ikkje. La meg fortelje meir om systemet me følger og kva val ein må ta.

Dewey-systemet og lokale tilpassingar
Det første ein lyt gjere når ein skal organisere eit bibliotek er å sjå kva bøkene har til felles. Bibliotekaren vil ta fagleg grunna val for kva bøker som kan reknast som ein del av same kategori. Det kan gje eit svakt ledd ved at ein ikkje naudsynt er einig eller ser same kopling som bibliotekaren, eller det Broughton trekk fram på side 12: «Problems occur when objects have more than one attribute and we have todecide which is most important for grouping». Det er ofte fleire emne bøkene kan passe inn under. Bibliotekaren må difor sjå fleire løysingar før ein vel å samle bøkene i ein eigen kategori.

Sjå oppslag som forklarer hovudkategoriane i Dewey-systemet, så kan du vere sjølvhjulpen eit stykke på vegen. Igjen må eg be deg vere på vakt – boka kan gjelde fleire av kategoriane innanfor Dewey-systemet. Kva med Zlatan Ibrahimovic si sjølvbiografiske bok «Jeg er Zlatan»: Har skulebibiotekaren plassert boka under «Idrett» eller «Biografiar»? Diverre (eller heldigvis) vil du her finne boka begge stadar. Kvifor? Fordi ei side i meg vil følge systemet som boka blir katalogisert som i databasen ut frå ISBN-koden, ei anna side veit at det ofte er elevar ved idrettslinja ved skulen som spør etter denne boka. Dei er mest kjent i «Idrettshylla» og vil truleg gå der først. Med det kan ein sjå at det overordna systemet kan bli utfordra av lokale tilpassingar for å gjere bøker enkelt å finne for lånarane på skulen. På same måte kan ein leggje inn fleire emne for kvar bok, både barndom, homofili, kristendom kan seie oss kva boka handlar om. Slik kan katalogen gje oss breidde i informasjonen. (Broughton, 2017)

Ei slik utfordring skriv Broughton om (s 43), og kallar det «compromised solutions», at til krigslitteratur står samla i ei hylle, medan lokal krigshistorie står under lokalhistorie. Kjenner ein ikkje biblioteket, eller er bibliotekaren utilgjengeleg, så kan ein ikkje automatisk forstå det. Her har me forbetringspotensiale; å vere så tydelegare.

No description available.
Når skiltinga seier at her finn du faglitt.om 2. verdskrig, men lokal krigshistorie står ein annan plass, ja då har systemet lurt deg litt.

Målet med å følge eit universelt system gjer at brukarane kan kjenne seg att om dei er hjå oss, folkebiblioteket eller når dei kjem på universitetsbibliotek. Universitetslektor Trude Hoel skriv «(…) skolebiblioteket organiseres ut fra en logikk som er overførbar og gjenkjennelig i det arbeids- og samfunnslivet elevene skal fungere i som ungdom og voksne» (Hoel, 2008, s.102) Biblioteket som noko kjent – og kjært!

Bruk biblioteket!
Avtal gjerne tid for guiding på biblioteket! Eg har undervisingsopplegg som handlar om kjeldebruk og bli kjent med biblioteket som byggjer på «Escape room» der elevane får oppdrag, leiter etter boka og sidetalet(eller kva oppgåva spør etter), registrere koden hjå bibliotekar og få nytt oppdrag. Gi eit vink tideleg i semesteret om kva emne de skal jobbe med i faga dine, så finn eg fram litteratur av ymse slag om same tema. Når du jobbar med internasjonale konfliktar i samfunnsfag vil romanar som viser korleis enkeltindivida opplever konflikta gje ei heilt eigen type kunnskap for å forstå årsak og konsekvens. Send elevane til biblioteket, minn dei på at fysiske bøker er nyttig og ekte personar (bibliotekar) forstå deg betre enn Google!

Når du har funne bøkene du vil låne, så registrerer du dei hjå bibliotekar eller utlånsautomat. Skulle det vere problem, så skriv namn og strekkode i permen. Utfordringa hjå oss er at biblioteket ikkje har 100% dekking, men 15 timar per veke på det meste. Då må ein sjølv kunne søke i katalogen, noko eit fåtall kan, og ein har heller ikkje tilgong til magasin. Når biblioteket er utan tilsyn kan det óg oppstå rot i systemet, slik at bøkene ikkje står der dei skal. Eg håper likevel at dei gode opplevingane overskuggar utfordringane.

PS! Hugs at ved å vere ein aktiv lånar og lesar sjølv, så er du eit forbilete for elevane våre. Kvifor skal dei lese, om dei aldri ser vaksne lese?

No description available.            No description available.

Ein av to veggar med dei gule hyllene. Her finn du ungdomslitteratur. // Sjakk har blitt enda meir populært no når «Queen´s gambet» går på Netflix.

Kjelder:
Broughton, Vanda (2017) Essential Classification. Facet Publishing.
Hoel, Trude (2008) Opplevelse, oppdagelse, opplysning. Fagbok om skolebibliotek. Biblioteksentralen, Oslo.

Bilete er teke av studenten og treng difor ikkje kjelde.

Kommentarer er skrudd av for Bli kjent med biblioteket vårt!

Filed under Uncategorized