Fagblogginnlegg

Norskfagets betydning for “Demokrati og medborgerskap”

For å kunne svare på kva norskfaget har for betydning for demokrati og medborgerskap, tenkjer eg at det er viktig å stille spørsmål om faget sin relevans og sentrale verdier kan hjelpe elevane til å få ei breiare kulturforståing og identitetsutvikling? Samt kor godt greier norsklærarane i skulen å implementere tverrfaglege tema i norskfaget? 

Etter innføringa av fagfornyinga, har vi erfart på min skule at vi bruker mykje meir tid på samhandling på utarbeiding av fagplaner. Kritikere av fagfornyiga vil kanskje stille spørsmål om dette har ført til kunstige og utenomfaglege undervisningsopplegg som stjeler enda meir tid frå læraren sin skulekvardag. Andre vil kanskje sjå vektinga av dei tverrfaglege temane som ein gyllen moglegheit for nye kjelder til engasjement og inspirasjon for god undervisning som tek utgangspunkt i dybdelæring. -Eg vel å sjå på norskfaget som ein viktig komponent for at elevane skal forstå heile begrepet av alle dei tre tverrfaglege temane. Der forekspempel demokrati og medborgarskap ikkje er forbeholdt samfunnsfag åleine, men inngår i alle fagplanane. I norsk handler det tverrfaglige temaet demokrati og medborgerskap om å utvikle elevenes muntlige og skriftlige retoriske ferdigheter, slik at de kan gi uttrykk for egne tanker og meninger og delta i samfunnsliv og demokratiske prosesser (Utdanningsdirektoratet, 01.08.2020). Ein del av norskfagets eigenart er å eksponere elevane for tilstrekkeleg med både skjønnlitteratur og fagtekstar til at dei blir øvd i å tenkje kritisk, og til å samhandle gjennom diskusjon og refleksjon. Det å øve elevane på å kunne uttrykkje eigne meiningar, men og å respektera andre sine synspunkter, vil utvikle evna til forståing og respekt for andre menneskjer og kulturar. Her tenkjer eg at vi i norskfaget har i større grad anledning til å ta eleven med inn i den litterære samtalen enn andre fag. Dette for å forstå seg sjølv og verden betre. Marianne Lillevangstu trekker frem det å gi rom for det personlege (Lillevangstu et al., 2007, s.18), der vi som lærarar kan hjelpe elevane til å uttrykke sin personlege reaksjon til litteraturen dei les ved å gi dei ei liste med setningstartarar. Elevane skal analysere og tolke, og her kan nettopp den litterære samtalen i norskfaget vere inngangen til arbeidet med å belyse temaet demokrati og medborgarskap. Der litteratur er med på å utvikle forståelse og empati gjennom å lese og tolke karakterar som er forskjelleg frå ein sjølv. Dette med mål om å gi elevane kunnskap og forståing om korleis dei kan leve demokratisk saman med andre mennesker som er annleis enn seg sjølv.

Spørsmålet eg stillar meg, er om det er tilstrekkeleg tid til å jobbe “djupt nok” med dei tverrfaglege temane i norskfaget? Djubdelæring har blitt eit av dei mest sentrale begrepa i Fagfornyinga, og Udir definerar djubdelæring som det å gradvis utvikle kunnskap og varig forståelse av begreper, metoder og sammenhenger i fag og mellom fagområder. Eg vil tru at dei fleste skular har jobba godt med korleis vi som lærarar kan bruke djubdelæring i undervisninga. Dette spesielt med tanke på kva for spørsmål me stillar elevane for å fremme kritisk tenkning og refleksjon. Og sidan læring er ein sosial prosess, må elevane blant anna lære å sjå ei sak frå fleire sider, argumentera for sine påstandar samt reflektera over andre sine meiningar. Viktige tema som går rett inn i kjernen i norskfaget, og som faget har eit ekstra ansvar for å gi elevane fagkunnskap om.