Organisk organisering

Oppgåve 1:

Å, eg vert så glad når eg ser at folk i heimane sine har alfabetisert bokhylla si etter forfattarnamn! Eg føler at det vitnar om at dei bryr seg. Dei har kunnskap og bevisstheit om kven som har skrive bøkene deira, og dei ynskjer ikkje minst å kunne finne dei att. Slik står gjerne eit heilt forfattarskap nydeleg på rad og rekke, krimseriar som klassikarar. Men dette gjeld no helst romanar for vaksne.

No har eg nett fått draumejobben som skulebibliotekar på ein kombinert barne- og ungdomsskule, og her er absolutt alle bøker og andre dokument oppstilt alfabetisk (på forfattarnavn)!

Som sagt er eg glad i å ordna bøker etter forfattar, det er eit enkelt og greitt system. Og for bibliotekarar med superhukommelse og datasystemet nesten i blodet, er det heller ikkje så stort problem å finna fram. Då slepp ein billeg frå kompliserte dilemma om kva emne eller hylleplassering det enkelte dokumentet skal få, det er berre til å vite eller søkje opp forfattar. Lite komplisert og ikkje tidkrevjande for den eller dei som skal halde sirleg orden!

Kanskje vert også elevar og lærarar med tid og stunder gode til å hugsa forfattarar, og dei kjem nok ofte til å søkje opp forfattar på førehand, dersom dei veit kva bok dei skal ha. Men – det er vel nettopp dét ein ofte ikkje veit på førehand. Skulebiblioteket er eit rom for mellom anna å oppdage heilt ny litteratur, kjenne ei tiltakande kribling av leselyst, enkelt finne fram til emner ein er interesserte i (eller vert påtvungne å ha prosjekt om), finne fortsetjing på bokserien ein har starta på, og bøker som kan vera liknande til dei ein veit ein likar.

Så her er det berre til å bretta opp ermene.

For meg er det sjølvsagt at hovudrollene i eit skulebibliotek skal vera elevane sjølv. Dei spenner mellom første til tiande klasse, frå ferske til erfarne lesarar med ulike interesser – og lærarane deira!

Skulebibliotekaren bør ha ei såpass stor stilling at ho slepp å legga opp organiseringa etter det som er enklast og minst tidkrevjande for seg sjølv. Ho er ikkje soloartisten, men mellom anna ein fasilitator, motivator og «forløysar» for kunnskap og leselyst, som skal backa opp elev og lærar.

Eg ynskjer meg til dømes lettlest-bøkene inndelt etter dei mange Lettles-bokseriane frå forlaga. Desse er jo allereie klassifisert etter nivå frå utgjevar si side. Bokløve, lesehest, brilleslange, stjerneleser, lesestart, lesemuldvarp og kva dei no heiter alle saman. I nokre bibliotek står alle lettlest-bøker i same hylle, alfabetisert etter forfattar, og alle nivå blanda saman. Det gjer det ikkje så intuitivt å komma fram til rett nivå. Det er lettare å sjå dei ulike seriane når dei står samla, både for lærar og elev. På denne måten kan også den enkelte elev sjå kva som er «neste nivå» jamført eigen lesedugleik. Nokre seriar har endåtil same tema eller seriar om dei same karakterane. Bibliotektimen treng ikkje handle om å leite fortvila og forgjeves etter rett bok, eller vente passivt på hjelp frå bibliotekaren.

Skjønnlitterære romanar likar eg som utgangspunkt godt å alfabetisera etter forfattar, særleg for ungdomskuletrinna. Å setja desse tematisk kan vera ein god idé, men det er fleire faktorar som spelar inn på favorittbøkene; Språk og skrivestemme, tempo i teksten, spaningsnivå, stemning og framdrift. Ei løysing med fleksible emner hadde vore bra! Ein har rom for å bytta «emneknaggar» og utstilling etter kva som «trendar» i borna sine liv til ei kvar tid. Eksempel på slike utstillingar kan vera «bøker med raskt tempo», «dagbøker», «humor», «snart ungdom», «tankevekkere», «gaming», «dans», i tillegg til sjølvsagt «kjærleik», «hestar», «halloween» og «fotball». Det er flott å få fokusert på innhaldet i litteraturen, finna noko brukarane kan lika å lesa, i staden for det som somme tider vert einaste kriterium: -Har du ei tynn bok med lite tekst i?

På eit bibliotek i ein nabokommune har dei ei fantastisk god organisering på barneavdelinga! Biblioteksjefen der er utdanna skulebibliotekar, og det er tydeleg at ho er bevisst at borna er målgruppa. Til dømes står populære bokseriar side om side på ei eiga hylle, med fronten fram. Eksemplar og «boknummer» i serien står bak ein annan.  

Foto: Silje V. Torbjørnsen, Fitjar folkebibliotek

Det er viktig at skulebiblioteket vert eit aktuelt bruksbibliotek (Sætre, 2008), og samarbeid med lærarane gjer at bibliotekaren kan laga spesialutstillingar eller framheva emner etter prosjekt, tema, måloppnåing og arbeidsplan. Læraren kjenner også klassane og elevane betre enn bibliotekaren har høve til. «Noen gjennomgående temaer fra læreplanen […] foreksempel eventyr, naturen, kropp og helse, miljø og klima, mineraler og bergarter, energi, teknologi og design […]» (Hjellup 2018 s. 142.)

Å ha faglitteraturen katalogisert etter Dewey desimalklassifikasjon meiner eg er eit svært fint utgangspunkt. Slik vil litteratur om eitt fag stå samla, og beslekta fagområder står like ved. Så meiner eg også at tydelege skilt i bokhyllene med emner er vesentleg og motiverande.

Mor mi har bokhyllene sine sortert etter farge på ryggen, og det er nydeleg å sjå på og skapar ein viss harmoni i stova (med mindre ein er bibliotekar?!). Men ho kjenner bøkene sine og finn dei att uansett. Med tanke på skuleelevane si læring og danning i samfunnet utanfor skulen, kan skolebiblioteket organiseres ut fra en logikk som er overførbar og gjenkjennelig i det arbeids- og samfunnslivet elevene skal fungere i som ungdom og voksne. Deweys desimalklassifikasjonssystem vert mellom anna nytta i alle folkebibliotek. (Hoel, s. 102) 

Foto: privat (illustrasjon)

Å finne fram til rett sjanger innan skjønnlitteraturen er også motiverande for lesegleda, og å finna liknande bøker som du allereie likar. Klistremerker på bokryggane som viser til om det er ei bok innan fantastisk, grøssande eller romantisk litteratur du held i hendene, er eit godt tiltak i tillegg til emne i katalogen.

Biblioteka er til for lånarane, og me veit målgruppa til skulebiblioteket: born og ungdom med ulike interesser, «tempo» og nivå på lesedugleik!

 

Kjelder:

Hjellup, L. H. (2018). Skolebibliotek. Oslo: Cappelen Damm Akademisk

Sætre, T.P. (2008) Hvordan velge ut og organisere innholdet i skolebiblioteket i Hoel, T. et al (2008) Opplevelse, oppdagelse, opplysning. s.78-119Oslo: Biblioteksentralen

 

Legg igjen en kommentar