Organisk organisering

Bilde

Oppgåve 1:

Å, eg vert så glad når eg ser at folk i heimane sine har alfabetisert bokhylla si etter forfattarnamn! Eg føler at det vitnar om at dei bryr seg. Dei har kunnskap og bevisstheit om kven som har skrive bøkene deira, og dei ynskjer ikkje minst å kunne finne dei att. Slik står gjerne eit heilt forfattarskap nydeleg på rad og rekke, krimseriar som klassikarar. Men dette gjeld no helst romanar for vaksne.

No har eg nett fått draumejobben som skulebibliotekar på ein kombinert barne- og ungdomsskule, og her er absolutt alle bøker og andre dokument oppstilt alfabetisk (på forfattarnavn)!

Som sagt er eg glad i å ordna bøker etter forfattar, det er eit enkelt og greitt system. Og for bibliotekarar med superhukommelse og datasystemet nesten i blodet, er det heller ikkje så stort problem å finna fram. Då slepp ein billeg frå kompliserte dilemma om kva emne eller hylleplassering det enkelte dokumentet skal få, det er berre til å vite eller søkje opp forfattar. Lite komplisert og ikkje tidkrevjande for den eller dei som skal halde sirleg orden!

Kanskje vert også elevar og lærarar med tid og stunder gode til å hugsa forfattarar, og dei kjem nok ofte til å søkje opp forfattar på førehand, dersom dei veit kva bok dei skal ha. Men – det er vel nettopp dét ein ofte ikkje veit på førehand. Skulebiblioteket er eit rom for mellom anna å oppdage heilt ny litteratur, kjenne ei tiltakande kribling av leselyst, enkelt finne fram til emner ein er interesserte i (eller vert påtvungne å ha prosjekt om), finne fortsetjing på bokserien ein har starta på, og bøker som kan vera liknande til dei ein veit ein likar.

Så her er det berre til å bretta opp ermene.

For meg er det sjølvsagt at hovudrollene i eit skulebibliotek skal vera elevane sjølv. Dei spenner mellom første til tiande klasse, frå ferske til erfarne lesarar med ulike interesser – og lærarane deira!

Skulebibliotekaren bør ha ei såpass stor stilling at ho slepp å legga opp organiseringa etter det som er enklast og minst tidkrevjande for seg sjølv. Ho er ikkje soloartisten, men mellom anna ein fasilitator, motivator og «forløysar» for kunnskap og leselyst, som skal backa opp elev og lærar.

Eg ynskjer meg til dømes lettlest-bøkene inndelt etter dei mange Lettles-bokseriane frå forlaga. Desse er jo allereie klassifisert etter nivå frå utgjevar si side. Bokløve, lesehest, brilleslange, stjerneleser, lesestart, lesemuldvarp og kva dei no heiter alle saman. I nokre bibliotek står alle lettlest-bøker i same hylle, alfabetisert etter forfattar, og alle nivå blanda saman. Det gjer det ikkje så intuitivt å komma fram til rett nivå. Det er lettare å sjå dei ulike seriane når dei står samla, både for lærar og elev. På denne måten kan også den enkelte elev sjå kva som er «neste nivå» jamført eigen lesedugleik. Nokre seriar har endåtil same tema eller seriar om dei same karakterane. Bibliotektimen treng ikkje handle om å leite fortvila og forgjeves etter rett bok, eller vente passivt på hjelp frå bibliotekaren.

Skjønnlitterære romanar likar eg som utgangspunkt godt å alfabetisera etter forfattar, særleg for ungdomskuletrinna. Å setja desse tematisk kan vera ein god idé, men det er fleire faktorar som spelar inn på favorittbøkene; Språk og skrivestemme, tempo i teksten, spaningsnivå, stemning og framdrift. Ei løysing med fleksible emner hadde vore bra! Ein har rom for å bytta «emneknaggar» og utstilling etter kva som «trendar» i borna sine liv til ei kvar tid. Eksempel på slike utstillingar kan vera «bøker med raskt tempo», «dagbøker», «humor», «snart ungdom», «tankevekkere», «gaming», «dans», i tillegg til sjølvsagt «kjærleik», «hestar», «halloween» og «fotball». Det er flott å få fokusert på innhaldet i litteraturen, finna noko brukarane kan lika å lesa, i staden for det som somme tider vert einaste kriterium: -Har du ei tynn bok med lite tekst i?

På eit bibliotek i ein nabokommune har dei ei fantastisk god organisering på barneavdelinga! Biblioteksjefen der er utdanna skulebibliotekar, og det er tydeleg at ho er bevisst at borna er målgruppa. Til dømes står populære bokseriar side om side på ei eiga hylle, med fronten fram. Eksemplar og «boknummer» i serien står bak ein annan.  

Foto: Silje V. Torbjørnsen, Fitjar folkebibliotek

Det er viktig at skulebiblioteket vert eit aktuelt bruksbibliotek (Sætre, 2008), og samarbeid med lærarane gjer at bibliotekaren kan laga spesialutstillingar eller framheva emner etter prosjekt, tema, måloppnåing og arbeidsplan. Læraren kjenner også klassane og elevane betre enn bibliotekaren har høve til. «Noen gjennomgående temaer fra læreplanen […] foreksempel eventyr, naturen, kropp og helse, miljø og klima, mineraler og bergarter, energi, teknologi og design […]» (Hjellup 2018 s. 142.)

Å ha faglitteraturen katalogisert etter Dewey desimalklassifikasjon meiner eg er eit svært fint utgangspunkt. Slik vil litteratur om eitt fag stå samla, og beslekta fagområder står like ved. Så meiner eg også at tydelege skilt i bokhyllene med emner er vesentleg og motiverande.

Mor mi har bokhyllene sine sortert etter farge på ryggen, og det er nydeleg å sjå på og skapar ein viss harmoni i stova (med mindre ein er bibliotekar?!). Men ho kjenner bøkene sine og finn dei att uansett. Med tanke på skuleelevane si læring og danning i samfunnet utanfor skulen, kan skolebiblioteket organiseres ut fra en logikk som er overførbar og gjenkjennelig i det arbeids- og samfunnslivet elevene skal fungere i som ungdom og voksne. Deweys desimalklassifikasjonssystem vert mellom anna nytta i alle folkebibliotek. (Hoel, s. 102) 

Foto: privat (illustrasjon)

Å finne fram til rett sjanger innan skjønnlitteraturen er også motiverande for lesegleda, og å finna liknande bøker som du allereie likar. Klistremerker på bokryggane som viser til om det er ei bok innan fantastisk, grøssande eller romantisk litteratur du held i hendene, er eit godt tiltak i tillegg til emne i katalogen.

Biblioteka er til for lånarane, og me veit målgruppa til skulebiblioteket: born og ungdom med ulike interesser, «tempo» og nivå på lesedugleik!

 

Kjelder:

Hjellup, L. H. (2018). Skolebibliotek. Oslo: Cappelen Damm Akademisk

Sætre, T.P. (2008) Hvordan velge ut og organisere innholdet i skolebiblioteket i Hoel, T. et al (2008) Opplevelse, oppdagelse, opplysning. s.78-119Oslo: Biblioteksentralen

 

Kjære medstudentar!

Då eg tok til med studier i skolebibliotekkunnskap, hadde eg ein todelt motivasjon: Eg ville for det første auke kompetansen min på noko eg meiner me treng meir av, nemleg kunnskap og engasjement innan barne- og ungdomslitteratur. Eg ynskte også å stå sterkare i køen om fast jobb som bibliotekar, og tok samstundes delstudium i Kunnskapsorganisering og gjenfinning ved OsloMet.

Det var rimeleg lenge sidan eg hadde lest ungdomslitteratur då eg tok til på studiet. Eg tenkjer at born og ungdom i 2018 heilt sikkert vil lesa andre ting enn me gjorde for 20 år sidan, sjølv om mange av oss «kulturelle 40-åringar» ser på seg sjølv som «ganske så ungdommelege».

Av erfaring ser eg at me oftast tilrår og velgjer ut dei bøkene til borna som me sjølv elska i forrige årtusen. Det er vel og bra, men den fiktive røynda i barnelitteraturen har endra seg, i likhet med den faktiske røynda. Me skulder born og ungdom å visa dei ny litteratur som er meir relevant for deira liv!

Eg er høgst interessert i at litteratur for born verkeleg er for born, i tillegg til at organiseringa av desse bøkene i biblioteket er intuitiv for borna. Eg er interessert i metodar for å styrka lesegleda, og kva dette har å seie for vidare utvikling for den enkelte. Nett no gler eg meg veldig til seminar på barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, der tema skal vera «Formidling til og med barn og ungdom», og «Formidling av biletbøker og teikneseriar». Bli med du óg, perfekt for skulebibliotekarar. Her finn du informasjon og program om sjølve seminaret.

Barnelitteratur er ofte skrive for at vaksne skal lika, godkjenna og kjøpa det til ungane sine. Det vert ikkje alltid på borna sine premissar sjølv om intensjonane er dei beste. Eg kjenner meg jo att, for eg innrømmer at det er så mykje kjekkare å lesa dei bøkene for borna som også har ein dose humor og referansar for vaksne, eller som har ein passande «moral» som støttar opp om den oppsedinga eg vil gje. Men – borna ville kanskje valgt noko heilt anna, som «berre» er verkeleg artig eller spanande for dei.

Eg trur at mange bibliotekarar (inkludert meg sjølv) er glade i system, og synest at bøker og andre medier bør vera organisert korrekt. Men eg ynskjer at det akkurat i skulebiblioteket, særleg for dei yngste, skal vera superenkelt for borna å finne desse bøkene sjølv – dei som dei vil bla eller lesa i. Organisert slik at det er freistande, artig og enkelt tilgjengeleg for dei – og for læraren, å finne, finne att, og anbefale for andre elevar. Ikkje enklast for bibliotekaren.

Eg har gjennom studiet så langt opplevd ei bevisstgjering om kor viktig det er å ha eit godt skulebibliotek, og korleis det kan vera ein pedagogisk meirverdi til undervisninga. Eg ynskjer å lære meir om pedagogisk bruk av litteratur, og samarbeid med lærarar og skuleleiing. Også det å finne bøker og andre tekstar som er midt i blinken for den enkelte, og bidra til ein god lesekultur ved skulen.

Ein kan få så mykje «gratis» gjennom å kosa seg med lesing: læring og danning, kreativitet, empati, toleranse, små sosiale møter «mellom» klasserom og friminutt, språkkunnskap, vidare evne til å forstå, tolke, vera kritisk og undrande til verda. I bøkene kan dei treffa andre som har dei same utfordringane som ein sjølv, få større styrke og «repertoir» til å løysa eigne kvardagsproblem. Alt dette samstundes som ein opplever noko verkeleg kjekt!

Realistisk og fantastisk – om Tonje Glimmerdal

Ein kan skriva mykje om bokskatten «Tonje Glimmerdal», eg vil gjerne få framheva dei elementa som eg personleg sette mest pris på; Kontrastar, samspel og skildringar, og mangfaldet i historieforteljinga som også dreg inn anna barnelitteratur.

Poetisk og flytande, beint og røft

Forteljarstemma set umiddelbart temperaturen, ved å henvende seg direkte til oss. Ei trygg og gjestmild vegforklaring, som óg indikerer at her bur det dessutan nokon som bryt litt med dette rolege inntrykket: «Og dersom du har knust ruta i ei av campinghyttene hans med sprettert ein gong, sjølv om det ikkje var med vilje,…» …og med dette er Tonje Glimmerdal indirekte og såvidt introdusert.

 

Kart over Glimmerdalen

Språket er både humoristisk, poetisk, røft og vart. Det synes eg underbyggjer stemninga iden vesle bygda Glimmerdalen, kor handlinga finn stad. Trass i at det er ytterst få fastbuande her (og med berre eitt einaste barn), er det nemleg ikkje noko monoton og einfaldig kvardag me snakkar om! Det er eit mangfaldig, morosamt og variert språk som tydeleggjer forfattaren sin kreativitet og glede over språk og historiefortelling. Det er poetisk utan å vera pretensiøst, kanskje meir kvardagspoetisk? Her er nydeleg banning utan stygge ord, men som heilt tydeleg har kraft i seg. «Glade gurkemeie» og «Svartaste svartsvidde laurdagsgraut» verkar nærast avvæpnande på aggresjonen som ofte ligg bak framføringa, avdi det vert humoristisk i staden for aggressivt. Ein befriande kontrast!

Den litt røffe tonen i fleire av dialogane, alt som stadig skjer av fart, spaning og humor, gjer at dei gongane det kjem inn varsame, vakre vendingar og superlativ, vert det nærast magi.

Eg er særleg glad i denne typen skildrande språk der val av verb og substantiv speler ei viktig rolle, framfor at det vert ei «adjektivhistorie»:

«Heldigvis er Glimmerdalens vesle keisarinne…»

«Løvekrøllene legg seg i ei vill vifte kring hovudet hennar»

«Tonje vert klistra utover vegen så lang ho er.»

«…og plaffar ned måsar som om dei var leirduer.»

«Dei krabbar lydlaust gjennom nypehekken til Sally og får seg nokre dugelege risp. Så pilar dei over Glimmerdalsbrua som to galne kaninar»

Me finn eit stort mangfald i måtar å skildra på, og når det er beskrive indirekte, vert det ofte poetisk:

«Sola skin lenger kvar dag, og i lufta ligg eit drag av vår som får det til å krible i beina. Men det er ikkje alle som har det slik. I Gunnvald er det akkurat som om vintermørkret har hengt seg fast og ikkje vil sleppe».

«Tonje rettar ryggen og sukkar medan skjennepreika fyller vinterlufta».Bilete frå Pixabay

«Om vinteren lagar skispora og fotspora til Tonje krusedullar og strekar over heile
Glimmerdalen».

Avsnitta om då mora brått kjem heim etter å ha vore lenge på kysten på jobb er rørande. Saknet etter mamma er ikkje så framtredande før ho plutseleg kjem att, og «står der med sollyset rundt seg» (som ein engel!), og alt verkar å felle på plass for både Tonje og pappaen. Det er lett å forstå at dei har sakna kvarandre forferdeleg, sjølv om det ellers ikkje er ein dominerande konflikt i boka. Setninga «Eir har sagt at ingen kan rope «mamma» som Tonje», malar ut saknet indirekte, men tydeleg.

Karakterar, direkte og indirekte 

Boka er hogd ut med tydelege karakterar som likevel ikkje vert stereotype. Dei både overraskar og tiltrekkjer seg sympati. Persongalleriet vert også gjerne skildra indirekte, til dømes gjennom andre karakterar som fortel historiar. Også gjennom dialog ser me til dømes her kva for typar Gunnvald og Tonje er.

«-Dritkjelke, seier Tonje då ho kjem opp att til Gunnvald.

-Dritsjåfør, svarar Gunnvald.

-Lær meg då! ropar Tonje sint.»

Gunnvald sitt overraskande svar til den vesle jenta vert vittig, og det er gøy at ho viser sånt umiddelbart pågangsmot i staden for å verte snurt og gi opp. Den tøffe tonen vert dessutan avløyst av at Gunnvald sjølvsagt lærer bestevennen alt han kan innan kjelkekøyring.

Det litt uvanlege venskapet i ytre faktorar vert skildra som det mest naturlege i verda. Her er det tydeleg kjærleik i ein likeverdig og respektfull venskap mellom Gunnvald og «dunderet», og språket og den direkte tonen dei somme tider har seg i mellom, er ein morosam og verknadsfylt kontrast til dette. «Du er den største tosken eg kjenner! hulkar ho. […] Men han er no bestevennen hennar likevel, og ho har sakna han så det er rart ho ikkje har døydd av det».

Her er stadige kontrastar i tone og tempo, slik at det vert variasjon mellom vittig, temperamentsfullt og raskt, og andre tider roleg og sårt.

Tradisjonsrik, realistisk fantasi

Boka formidlar friheit frå 2000-talet sine mange uskrivne reglar om «overdriven sikkerheit» og barneoppseding, i frå materialisme, fordommar, og det å setje folk i bås, og frå å alltid «trå varsomt» og korrekt høfleg i kommunikasjon med andre.

«Tonje Glimmerdal» kan seias å ha røter og referansar heilt frå opplysningstida og Jean-Jeaques Rosseau (Emile – eller om oppdragelsen (1762), vidare inn i romantikken med Heidi av Johanna Spyri (1880), og heilt fram til den berømte «etterkommaren» Ronja Røverdatter hundre år seinare (1981). I desse bøkene har me det naturelskande, reflekterte barnet, som til slutt bergar den vaksne og representerer håp for framtida. Dei skriv seg alle inn i den vestlege førestillinga om ei skarp skilnad mellom barneliv og vaksenliv. Barnet stod for ein autentisitet som ein meinte dei vaksne hadde fjerna seg frå. Naturen er læremeister til barnet, og vidare skal barnet læra opp igjen den vaksne, som altså ikkje er så naturleg lengre.

Eigenaktivitet og leik i eit landleg miljø, er også gjennomgåande element i denne tradisjonen. Barna er barn, og samtidig kloke og empatiske. Som Tonje til Klaus Hagen, som ho veit mislikar barn: «Er du ikkje glad for at eg begynner å drage på åra? spør Tonje oppriktig. Det må då vere gode nyhende for Klaus Hagen at ho har litt mindre igjen av barndommen.»

Mest av alle Lindgren-barna, synes eg Tonje Glimmerdal minnar om Emil i Lønneberget. Emil er også inderleg god og velmeinande. Begge er kreative, kjappe, usjølviske og handlekraftige i si problemløysing med å (ofte) hjelpa andre, men dette vert som regel misoppfatta som rampestrekar. Dei finn begge på sprell for å hjelpa andre, og utfordrar seg sjølv og eigne redlser på vegen mot måla. Andre likskapar i bøkene er at det er få andre barn å leike med, og at mødrene anten er daude, eller mindre framtredane som omsorgperson i historia.

Eit interessant element, er at me no gjerne tykkjer den fridomen og tilliten som Tonje får, og det å ikkje til ei kvar tid vite kvar borna er, var mykje meir vanleg på 60-talet då Astrid Lindgren skapte sitt herlege univers. Eg tenkjer at Lindgren sine miljøskildringar var meir realistiske for si tid, medan i 2009 (eller 2017), er det same nærast for fantastisk litteratur å rekne. I dag ville mange ha utstyrt jenta med mobiltelefon og fleire formaningar.

Det er dessutan befriande at både forfattar Maria Parr, og Tonje sjølv, ser på Tonje som eit barn, først og fremst, og ikkje som jente, med avgrensningar i korleis ho burde oppføre og te seg. Forfattar Maria Parr viar ikkje dette mykje merksemd i boka anna enn at guten frå «bydn» freser indignert: «-Forresten så slåss du som ei jente! […]

-Eg er ei jente! gaular Tonje rasande etter han.»

eg berre tenka på denne reklamen frå Always: https://www.youtube.com/watch?v=XjJQBjWYDTs  «Like a Girl».

 

Svar på oppgave C, leksjon 2

Kjelder:

-Barnelitteratur (Birkeland og Mjør, 2012)

-Tonje Glimmerdal (Parr, 2009)