Korleis lærarar og elevar kan arbeida med forteljingar i norskfaget

Å arbeida med forteljingar i norskfaget er viktig for å stimulera elevanes utvikling og kompetanse generelt i skulen og på fritida. Forteljingar gjer det mogleg for elevane å utvikla eit godt ordforråd og medkjensle for andre medmenneske. Eg hugsar sjølv at forteljingar var ein fasinerande og morosam stund i klasserommet, kor læraren ellar oss sjølv som elevar, fortelde eventyr, mytar, sagaer, religion og etikk forteljingar og så vidare. Desse forteljingane som me sjølv arbeida med ellar som læraren formidla til oss, sit godt i meg enno. Dette trur eg er mykje på grunn av at eg hadde lærarar som var engasjerte og dei klarte å formidla forteljingane på ein måte som motiverte oss og fanga heile oppmerksemda våra.

I sin bok Muntlig fortelling i norskfaget – en vei til tekst- og tolkningskompetanse visar Fridunn Tøra Karsrud til ein metode for korleis lærarar og elevar kan læra seg å bli gode forteljarar (Karsrud 2010). Ho skriv at fyrst og fremst må forteljaren hugse og kjenne forteljinga godt, og dette kan dei læra ved hjelp av ein metode som består av tre etappar: memoreringsteknikk i punkter, visualiseringsteknikk og øving (Karsrud, 2010, s 92).

Fyrste etappe i metoden er memoreringsteknikk i punktar, me har fyrst valt oss ei forteljing og det fyrste me må gjera er å lesa forteljinga. Etter dette må me prøva å skrella vekk så mykje som mulig for at me til slutt berre sit att med få punktar. Me finnar fyrst sju ellar åtte hovudpunktar frå forteljinga, etter dette prøvar me å finn fem gjenstandar ellar substantiv, så blir det å finn fem verb og heilt til slutt prøvar me å kjenne etter på kva for nokon følelsar me føle i denne forteljinga (Karsrud, 2010, s 94-95).

I visualiseringsteknikk-etappen er det om å gjere å visualisere forteljinga i hjelp av å laga ein teikneserie. Her har det ingen tyding på om læraren ellar eleven er flink til å teikne ellar ikkje, teikninga skal berre vera ein slags minne-hjelp, slik at me kan dra frem knaggar og henga forteljinga på (Karsrud, 2010, s 95).

Til slutt har me øvingsetappen, og her legg me vekk alt av hjelpemiddel. For å klare å festa forteljinga ennå betre til minne, er det viktig å øve inn forteljinga utan skrift og bilde. Fyrst skal ein fortelja forteljinga på to minuttar, etter det på eit minutt. Her er det viktig å prøve mange gongar slik at forteljinga sit skikkeleg godt i minne, og om du ikkje får til å fortelja innanfor tidsramma fyrste gonga, så prøv du fleire gongar.

Eg vert veldig forbausa over kor morosamt og lærerikt det vart å arbeida med forteljarkurs då me hadde besøk av Fridunn Tørå Karsrud på Universitetet i Agder. Ho viste oss korleis me kan bli gode forteljarar med hjelp av modellen som ho har forma, og eg merka at forteljinga sat kjempe godt i minne mitt etter å har prøvd hennas metode. Så eg er sikker på at hennas metode er ein god metode å ta i bruk i skulen for å bli ein god forteljar sjølv, og for å læra elevane å bli gode forteljarar.

Kildar: Karsrud, T. Fridunn. Muntlig fortelling i norskfaget. En vei til tekst- og              tolkningskompetanse. (2010). Oslo: Cappelen Damm