Boka ”Svartedalen” kan gje barn og unge lyst til å lesa meir av fantastisk litteratur.

”Svartedalen”(2015) er ein grøssar skriven av Atle Hansen.

Foto: Marius Knutsen

”Svartedalen” er gitt ut med midlar frå ”Leser søker bok” på nynorsk. Dette er bøker tilpassa for lesarar som har utfordringar med å få med seg innhald i vanleg tekst.

Boka passar for barn og unge mellom 10-16 år, men er spanande for vaksne som slit med lesing også. Framandspråklege kan ha nytta av det enkle språket, spaning, kort historie og introduksjon til norsk kultur og overtru.

Handlinga i boka føregår i sommarferien og eg-personen må feriere i huset der faren budde då han vaks opp. Det gjekk rykte om at Kapteinen spøkte i huset. Kapteinen var han som hadde bygd huset og han hadde tent seg rik på å vere kaptein på seglskutar.

Hovudpersonen som me aldri får vite namnet eller kjønnet på (sjølv om hen får kallenamnet «Romeo»), kjedar seg åleine på ferie. Til slutt tar hen seg ein tur ut i skogen. Hen får ikkje får lov av faren å gå der, men gjer det likevel. Heilt utan mobil, mål og plan startar hen turen. Inni skogen kalt Svartedalen opplev hen noko underleg og uforklarleg. Det er ei stemme som kviskrar: ”Gi meg att det som er mitt!”(s.19). Hen må finna ut kva stemma krev tilbake.  Faren hadde ein liknande oppleving då han var gut. Dette fortel han til eg-personen, men det er som om faren ikkje fortel heile historia.

Svartedalen føregår i den realistiske verda med glidande øvergong til den magiske verda. Den er underfundig og gjev oss ein kjensle av å ikkje vere heilt sikker på om dette er noko magisk eller ikkje. Forfattaren har ofte opne rom som lesaren må tolke sjølv. Tzvetan Todorov(1970) seier: ”fantastisk litteratur er noe som utfordrer normalvirkeligheten der vi ikke kan helt få bestemt om det er snakk om noe magisk eller ikke.”

Det fantastiske i Svartedalen er med på å skapa noko uregjerleg og oppdragande problematisk. Som når guten berre går ut i skogen sjølv om faren har advart han:

«Eg er ikkje ein unge lenger.

Eg går der eg vil.»

(s. 10)

Dette er eit opprør mot faren og eit steg mot løsriving frå foreldra. Denne initiasjonsprosessen er typisk når barn er på veg mot å bli vaksen. Den mørke skogen kan også vere ein metafor for dei kjenslene eit barn kan oppleva i prosessen til å bli eit meir sjølvstendig individ. Frå å vere eit barn som ikkje må ta viktige val, så opplev barnet eit behov for å styra vala sine sjølv.

Svartedalen er ei bok som er er god til å lesa høgt i klasserommet. Den tar ikkje lang tid å lesa og det er få daudpunkt. Som formidlar kunne eg lagt inn lesestopp og diskutert undervegs. Samstundes er boka så kort at ein kunne fyrst lest boka samanhengande, så lese den med lesestopp. Det kan også vere spanande å prøva å laga forskjellig slutt på boka. Det er mange tema som ein kan ta opp. Du kan snakka med elevane om kva dei tenkjer om korleis eg-personen løyser problema og korleis elevane ville løyst problema sjølv. Ein kan også snakka om det var rett av hen å trosse faren og om elevane har opplevd liknande situasjonar sjølv. Dei kan også snakka om dei trur på overtru og om dei har høyrt om plassar i nærmiljøet der det spøkar.

Dei fleste stadar har eit sagn frå der dei bur og er ein fin måte å introdusera dei for kultur og historie der dei kjem frå. Det å dela gruppa inn i små grupper kan gjere det lettare å få diskutert bok og våga å sei noko om eigne opplevingar rundt overtru og opplevingar av at det spøkar. Det hadde vore fint å prøva å laga eit lite rollespel frå ei eller fleire scenar frå boka. Korleis vil eit vesen frå Haugfolket opptre og kva klede vil det ha? Eller teikne kva eg-personen såg når hen gjekk inn i skogen:

”Sjølv midt på dagen er det mørkt.”

(s.11).

Denne korte, spanande og meiningsfortetta boka kan vere ein fin inngongsport til fantasisk litteratur. Det at den berre har 111 sider, luft mellom linjane, luft rundt kvar side og kvar linje har få ord gjer at lesaren held oppe konsentrasjonen lengre. Boka si skumle forside med den svarte katta med gule lysande auge kan gje barnet lyst til å plukke den med seg frå hylla. Tema er også noko barn og unge kan kjenne seg att i. Boka har ikkje så mykje skildring, men er meir spaningsdriven. Dette gjer at lesaren ikkje ønskje å legge boka frå seg.

Få rollefigurar gjer det lettare å få oversikt og hugse handlingsforløpet. På slutten av kvart kapittel, så har forfattaren ofte ein ”cliffhanger”. Dette gjer at boka driv lesaren vidare i historien. Ein må berre finna ut kva som skjer vidare. Dei opne romma i boka er også noko som gjer at lesaren aldri er heilt sikker på kva som kan skje. Dette engasjerar lesaren til å laga sine eigne refleksjonar. Den erfarne lesaren kan gjere sine refleksjonar, men den uerfarne vil også ha høve til sine refleksjonar. Her er ingen fasit. Som lesar kan den skapa meistringskjensle og få lyst til å lesa fleire bøker i same sjangaren.

I denne tunge tida me opplevar koronaviruset kan lesing av uforståeleg og skremmande ting, der det går bra til slutt, vere terapeutisk lesing.

Klikk på boka for å høyra Atle Hansen lesa frå boka.

Treng du meir spaning i kvardagen?

Det er ikkje så vanskeleg som ein trur å endra på kjedelege dagar. I alle høve om du har eit bibliotek eller eit skulebibliotek tilgjengeleg. Når du kjem inn dørene der, vil eg råde deg til å finna hylla kor Jørn Lier Horst sin CLUE-serie står. Det er ein serie på 13 bøker som passar for deg mellom 9-13 år.

Illustrasjon henta frå nettsida til Jørn Lier Horst: http://www.jlhorst.com/clue/?page=446

Ta tak i fyrste bok i Clue-serien med tittelen: ”Salamandergåten”, skriven av Jørn Lier Horst. No kan eg lova deg at ditt nye spanande liv startar. Om du vil utsetja spaninga litt,  kan du lesa litt om forfattaren og Clue-serien her: Jørn Lier Horst.

Sjølvsagt er det lov å lesa om forfattaren etter du har byrja på serien også. Han har jobba sjølv i politiet, så han har godt grunnlag for å skrive om brotsverk som må løysast.

 

Foto: Kagge forlag

Når du ser boka er det ein salamander på framsida som er gul og svart og litt mystisk. I bakgrunnen spring tre personar med hunden framfor. Dei spring mot noko som ligg i strandkanten. Det visar seg at det er eit lik. Allereie her vil du skjøna at det blir fart, spaning og mysterier.

Inni boka møter du på fire hovedpersonar med namn Cecilia, Leo, Une og hunden Egon. Om du tar fyrste bokstav av namna, så får du ordet CLUE. Clue oversett til norsk betyr også spor til å løyse mysterier.

Det er ei kriminalhistorie som er spekka med mange uløyste mysterier. På slutten av kapitla er det ofte ein ”cliffhanger”*, som gjer at du berre må lesa vidare for å sjå korleis dette vil gå.

Som leser så føler ein seg nesten som detektiv sjølv. Personane i boka opplever ting som ikkje stemmer. Det får oss til å lura og tenkje etter kven som har myrda mannen som ligg i strandkanten.

Boka handlar om dei tre venane og hunden Egon. For å løyse mysteriet må dei samarbeida, så her er det venskap som oppstår.  Det utviklar seg til eit enno sterkare veskapsband gjenom det dei opplevar saman. Dei må tenkje saman for å løysa mysteriar. I kvar bok vil du treffa ein ny filosof som er grunnlag for korleis dei tenkjer når dei løyser brotsverka.

Boka har kart over Skutebukta kor dei bur og handlinga føregår. Det er også teikning av Perlen pensjonat kor du får oversikt over kor dei forskjellige romma ligg. Slike grep får deg til å tru at dette er ein plass som verkeleg eksisterar.

På slutten av boka vil du også kunne lesa starten på neste bok. Det er stor sjanse for at du berre må ta deg ein ny tur til biblioteket. Der vil du gripe fatt i neste bok i serien fordi du endeleg har fått spaning i kvardagen. Det beste er jo at denne spaninga er heilt utan fysiske skadar. Med mindre du mister boka i hovudet i det du les. Akkurat der har eg ikkje nokre garantiar å gje deg.

 

*Cliffhanger=Når nokon er i fare som t.eks. når ein heng utfor ei klippe og me lurar på korleis dette skal gå.