Treng du meir spaning i kvardagen?

Det er ikkje så vanskeleg som ein trur å endra på kjedelege dagar. I alle høve om du har eit bibliotek eller eit skulebibliotek tilgjengeleg. Når du kjem inn dørene der, vil eg råde deg til å finna hylla kor Jørn Lier Horst sin CLUE-serie står. Det er ein serie på 13 bøker som passar for deg mellom 9-13 år.

Illustrasjon henta frå nettsida til Jørn Lier Horst: http://www.jlhorst.com/clue/?page=446

Ta tak i fyrste bok i Clue-serien med tittelen: ”Salamandergåten”, skriven av Jørn Lier Horst. No kan eg lova deg at ditt nye spanande liv startar. Om du vil utsetja spaninga litt,  kan du lesa litt om forfattaren og Clue-serien her: Jørn Lier Horst.

Sjølvsagt er det lov å lesa om forfattaren etter du har byrja på serien også. Han har jobba sjølv i politiet, så han har godt grunnlag for å skrive om brotsverk som må løysast.

 

Foto: Kagge forlag

Når du ser boka er det ein salamander på framsida som er gul og svart og litt mystisk. I bakgrunnen spring tre personar med hunden framfor. Dei spring mot noko som ligg i strandkanten. Det visar seg at det er eit lik. Allereie her vil du skjøna at det blir fart, spaning og mysterier.

Inni boka møter du på fire hovedpersonar med namn Cecilia, Leo, Une og hunden Egon. Om du tar fyrste bokstav av namna, så får du ordet CLUE. Clue oversett til norsk betyr også spor til å løyse mysterier.

Det er ei kriminalhistorie som er spekka med mange uløyste mysterier. På slutten av kapitla er det ofte ein ”cliffhanger”*, som gjer at du berre må lesa vidare for å sjå korleis dette vil gå.

Som leser så føler ein seg nesten som detektiv sjølv. Personane i boka opplever ting som ikkje stemmer. Det får oss til å lura og tenkje etter kven som har myrda mannen som ligg i strandkanten.

Boka handlar om dei tre venane og hunden Egon. For å løyse mysteriet må dei samarbeida, så her er det venskap som oppstår.  Det utviklar seg til eit enno sterkare veskapsband gjenom det dei opplevar saman. Dei må tenkje saman for å løysa mysteriar. I kvar bok vil du treffa ein ny filosof som er grunnlag for korleis dei tenkjer når dei løyser brotsverka.

Boka har kart over Skutebukta kor dei bur og handlinga føregår. Det er også teikning av Perlen pensjonat kor du får oversikt over kor dei forskjellige romma ligg. Slike grep får deg til å tru at dette er ein plass som verkeleg eksisterar.

På slutten av boka vil du også kunne lesa starten på neste bok. Det er stor sjanse for at du berre må ta deg ein ny tur til biblioteket. Der vil du gripe fatt i neste bok i serien fordi du endeleg har fått spaning i kvardagen. Det beste er jo at denne spaninga er heilt utan fysiske skadar. Med mindre du mister boka i hovudet i det du les. Akkurat der har eg ikkje nokre garantiar å gje deg.

 

*Cliffhanger=Når nokon er i fare som t.eks. når ein heng utfor ei klippe og me lurar på korleis dette skal gå.