Treng du meir spaning i kvardagen?

Det er ikkje så vanskeleg som ein trur å endra på kjedelege dagar. I alle høve om du har eit bibliotek eller eit skulebibliotek tilgjengeleg. Når du kjem inn dørene der, vil eg råde deg til å finna hylla kor Jørn Lier Horst sin CLUE-serie står. Det er ein serie på 13 bøker som passar for deg mellom 9-13 år.

Illustrasjon henta frå nettsida til Jørn Lier Horst: http://www.jlhorst.com/clue/?page=446

Ta tak i fyrste bok i Clue-serien med tittelen: ”Salamandergåten”, skriven av Jørn Lier Horst. No kan eg lova deg at ditt nye spanande liv startar. Om du vil utsetja spaninga litt,  kan du lesa litt om forfattaren og Clue-serien her: Jørn Lier Horst.

Sjølvsagt er det lov å lesa om forfattaren etter du har byrja på serien også. Han har jobba sjølv i politiet, så han har godt grunnlag for å skrive om brotsverk som må løysast.

 

Foto: Kagge forlag

Når du ser boka er det ein salamander på framsida som er gul og svart og litt mystisk. I bakgrunnen spring tre personar med hunden framfor. Dei spring mot noko som ligg i strandkanten. Det visar seg at det er eit lik. Allereie her vil du skjøna at det blir fart, spaning og mysterier.

Inni boka møter du på fire hovedpersonar med namn Cecilia, Leo, Une og hunden Egon. Om du tar fyrste bokstav av namna, så får du ordet CLUE. Clue oversett til norsk betyr også spor til å løyse mysterier.

Det er ei kriminalhistorie som er spekka med mange uløyste mysterier. På slutten av kapitla er det ofte ein ”cliffhanger”*, som gjer at du berre må lesa vidare for å sjå korleis dette vil gå.

Som leser så føler ein seg nesten som detektiv sjølv. Personane i boka opplever ting som ikkje stemmer. Det får oss til å lura og tenkje etter kven som har myrda mannen som ligg i strandkanten.

Boka handlar om dei tre venane og hunden Egon. For å løyse mysteriet må dei samarbeida, så her er det venskap som oppstår.  Det utviklar seg til eit enno sterkare veskapsband gjenom det dei opplevar saman. Dei må tenkje saman for å løysa mysteriar. I kvar bok vil du treffa ein ny filosof som er grunnlag for korleis dei tenkjer når dei løyser brotsverka.

Boka har kart over Skutebukta kor dei bur og handlinga føregår. Det er også teikning av Perlen pensjonat kor du får oversikt over kor dei forskjellige romma ligg. Slike grep får deg til å tru at dette er ein plass som verkeleg eksisterar.

På slutten av boka vil du også kunne lesa starten på neste bok. Det er stor sjanse for at du berre må ta deg ein ny tur til biblioteket. Der vil du gripe fatt i neste bok i serien fordi du endeleg har fått spaning i kvardagen. Det beste er jo at denne spaninga er heilt utan fysiske skadar. Med mindre du mister boka i hovudet i det du les. Akkurat der har eg ikkje nokre garantiar å gje deg.

 

*Cliffhanger=Når nokon er i fare som t.eks. når ein heng utfor ei klippe og me lurar på korleis dette skal gå.

4 kommentarer til «Treng du meir spaning i kvardagen?»

  1. Eg synest dette var ei god bokanbefaling. Lett og morosam i forma, med ei personleg stemme, og også informativ. Lenka til heimesida til forfattaren er relevant. Der er det mykje informasjon.

    Ein kan alltids diskutere kor mykje det er rimeleg å ta med av handlinga i ei slik bokanbefaling. I dette tilfelle synest eg du har ei grei løysing. Likfunnet på stranda er eit svært dramatisk motiv som er eigna til å skape interesse, og elevane kan kanskje tenkje at det er greit at dei finn ut av handlinga vidare på eiga hand.

    Helsing Svein S.

  2. Hei. Jeg liker at du inntar en slags «selgerrolle» i dette innlegget. Humor og hverdagslig språk er virkemidler du bruker godt. Dette minner meg om noe den greske filosofen og lyrikeren Horats skrev: «Alles stemme får den som forener det nyttige med det behagelige, for han fornøyer og formaner leseren på samme tid.» Med andre ord er dette innlegget både informativt og fornøyelig.

    Du «selger» boka bra, gjennom beskrivelsen av at du selv føler deg som en detektiv når du leser denne boka. I tillegg kommer det godt fram hva boka og bokserien handler om og går ut på.

  3. Salamandergåten er ei veldig god og spanande bok! Heilt klart ei bok som kan gje deg meir spaning i kvardagen.

    Eg likar at du fortel litt om forfattaren og om at han sjølv har jobba i politiet. Dette tenkjer eg kanskje kan pirre nysgjerrigheita til lesarane nok til at dei vil lese ei bok av denne. Eg tykjer og at det er lurt at du seier noko om korleis boka ser ut, slik at ho blir lettare å finne att for borna når dei ser seg om i boksamlinga.

    Fint at du skriv litt om handlinga, men kanskje kunne du tatt med enda meir? Kanskje noko av det spanande som skjer i boka, t.d. at dei finn eit lik? Eller kanskje eit sitat frå boka? Eg tenkjer at dette kan engasjere borna meir, og gjere at dei har lyst til å finne ut meir av handlinga. Eg trur og eg hadde ville teke bort at boka passer for dei mellom 9-13 år. Dette fordi eg erfaringsmessig veit at det er ein del eldre born og ungdom som ynskjer å lese litt enklare bøker. Men kanskje dei vil vegre seg for å lese denne, sidan det er «bestemt» kven den passer for?

    Morosamt med litt tørr humorpå slutten av innlegget. Der traff du verkjeleg meg som lesar!

    Tommel opp for eit godt blogginnlegg!

Det er stengt for kommentarer.