Kvifor skulebibliotekar

Då eg gjekk på barne – og ungdomsskulen, hadde vi ikkje bemanna skulebibliotek. Det fantes vel og merke eit lite rom (les: kott) med bøker på skulen, men det blei skjeldan besøkt. Likevel har eg mange gode leseminne frå eg var lita.

Før skulealder var mamma og pappa flinke til både å lese for meg og ta meg med på folkebiblioteket. Hos dagmamma blei eg introdusert for Aurora og Sokrates.
Og læraren eg hadde frå 1.-3.klasse las ofte høgt for oss elevane.
I tillegg fekk vi mykje tid på skulen til å lese sjølve.
Etter dette kan eg ikkje hugse mykje organisert lesing frå skulen si side. Likevel var det nok til at eg fekk ein kjærleik for bøker og litteratur. Eg hadde vorte ein «lesar».

Foto: privat

Då eg skulle ta høgare utdanning, var likevel ikkje bibliotekar i tankane mine. Eg utdanna meg innanfor teater og kulturleiing – og hadde ingen tankar om å bytte retning.
Men (livet og) tilfeldigheitene gjorde det til at eg etter kvart begynte å jobbe litt ved det lokale folkebiblioteket.
Frå før av hadde eg inga erfaring med bibliotekdrift. Det var både skummelt og spennande å prøve noko nytt. Takka være ein flott sjef, fekk eg god opplæring både i dataprogramma og dei daglege rutinene ved biblioteket.
Men eg fann raskt ut at det å arbeide på bibliotek ikkje berre handla om inn/utlån og det å halde orden blandt bøkene. Eg begynte å kjenne på eit behov for meir kompetanse.

Det heile toppa seg då ei jente, som berre hadde budd i Noreg nokre år, kom på biblioteket for å låne ei bok. Læraren hadde sendt henne med beskjed om at det einaste kriteriet var at boka var skrive på nynorsk.
Jenta sjølv hadde verken formeining om kor lang boka skulle vere, sjanger eller kva ho ønskte den skulle handle om. Men ho trengte altså hjelp til å finne ei bok på nynorsk..
Der og då hadde eg så utruleg lyst å finne ei bok som kunne gi denne jenta ei god leseoppleving – at ho skulle få med seg den rette boka.
Dessverre hadde eg ikkje verktøya eg trengte for å finne den perfekte matchen.
Eg kan ikkje hugse kva bok ho endte opp med å låne. Sikkert eit elller anna eg sjølv hadde lese og funne fengjande. Eg har heller ikkje møtt henne etter dette, og veit dermed ikkje kva ho syntes om boka…
Men der og då bestemte eg meg: Eg (treng og) vil ha meir kompetanse innanfor det bibliotekfaglege. Eg vil lære korleis eg kan hjelpe barn og unge med å finne rett bok til rett tid. Eg ønsker å bli god til å formidle litteratur og legge til rette for at barn og unge skal finne leseglede.
Eg vil bli skulebibliotekar!

..og med det hamna eg på studiet i Skolebibliotekkunnskap.
Noko eg absolutt ikkje angrar på!

Eg har eit stort ønske om at biblioteket eg arbeider ved skal bli meir brukt av familiar, elevar, barn og unge. Sidan det ikkje finst bemanna skulebibliotek i kommunen, har folkebiblioteket ei viktig oppgåve med å formidle litteratur til denne gruppa.
Gjennom studiet håper eg å få den kunnskapen og dei ferdigheitene som trengst for å bidra til at dette blir ein realitet.

Foto: Pixabay


Den siste tida har eg ofte vore innom denne resurssida og henta inspirasjon.

Ønsker alle mine medstudentar eit godt skuleår!

Boktips: Operasjon tordensky

Leksjon 2: Oppgåve A. 

Hei alle i 3. klasse!

Er du glad i spenning og mysterier?  Liker du å sjå samanhengar og løyse vanskelge gåter?
Då bør du lese om Tiril og Oliver i Detektivbyrå nr. 2!

Tiril: modig, sporty og god på data!
Oliver: smart, teknisk, ser samanhengar!

Åtto: sporhund med god luktesans!

Kvifor dei heiter Detektivbyrå nr. 2:
– Det fins allereie eit detektivbyrå i Elvestad.
   Tiril og Oliver sitt er det andre.
– Om ein set saman første bokstav i namna deira, blir det TO.
– Dei bur begge i Bakergata nr. 2. Tiril i 2A og Oliver i 2B.

OPERASJON TORDENSKY
I den koselege byen Elvestad skin sola. Det er sommarferie og late dagar for Tiril og Oliver. Litt for late, i følge Tiril.  Dei er jo trass alt detektivar!
Men ho har ikkje før sagt det, så begynner det å skje ting. Først blir varebilen til sukker-Larsen i nabobyen borte. Ikkje lenge etter hender det mystiske ting også i deira eigen by; all gjæra til bakar Monsen blir stolen.
Og det stoppar ikkje der. Fleire og fleire ting blir som sunke i jorda.
Kva er på ferde i den lille byen deira?
Dette er ei sak for Detektivbyrå nr. 2!

Tiril og Oliver må bruke alle sine kunnskapar for å finne samanhengane som kan lede dei til svaret på dette mysteriet. Ved hjelp av mobiltelefon, interenett og sine eigne kloke hovud, kjem dei stadig nærmare eit svar. Men er det heilt ufarleg?

Vi følgjer dei to detektivane gjennom trange smug, inn på politistasjonen og i møte med heilt ekte tjuvar.
Heldigvis har dei Åtto med på laget!

Tør du lese Operasjon tordensky?

Heilt fremst i boka er det eit kart over Elvestad. Her kan du bli litt kjent med byen. Du kan også sjå kva plassar Tiril og Oliver besøker. 

(Foto frå s. 102 i Operasjon Tordensky)


Bak i boka er det oppgåver du sjølv kan bryne deg på. Greier DU å sjå dei små detaljane som skal til for å vere ein god detektiv?
Om du vil finne ut enda meir om Detektivbyrå nr. 2, kan du trykke her.

Forfattaren, Jørn Lier Horst, er tidlegare
politimann og etterforskningsleiar.
Han kan derfor mykje om krim og mysterier. Kanskje lærer du sjølv nokre etterforskningstriks av å lese denne boka?

I tillegg til bøkene om Tiril og Oliver, har han skrive krim både for eldre barn og vaksne.

Operasjon Tordensky er den første boka i serien om Detektivbyrå nr. 2.
Til no har det komme ut meir enn tjue bøker om Tiril og Oliver. Så om du liker dennne boka, har du mange fleire å glede deg til! 

Alle bøkene om Detektivbyrå nr. 2 kan du låne på skulebiblioteket.
Om du vil høyre Operasjon tordensky som lydbok, kan du gjere det gratis her:  Operasjon Tordensky (Lydebok) – YouTube