Boktips: Operasjon tordensky

Leksjon 2: Oppgåve A. 

Hei alle i 3. klasse!

Er du glad i spenning og mysterier?  Liker du å sjå samanhengar og løyse vanskelge gåter?
Då bør du lese om Tiril og Oliver i Detektivbyrå nr. 2!

Tiril: modig, sporty og god på data!
Oliver: smart, teknisk, ser samanhengar!

Åtto: sporhund med god luktesans!

Kvifor dei heiter Detektivbyrå nr. 2:
– Det fins allereie eit detektivbyrå i Elvestad.
   Tiril og Oliver sitt er det andre.
– Om ein set saman første bokstav i namna deira, blir det TO.
– Dei bur begge i Bakergata nr. 2. Tiril i 2A og Oliver i 2B.

OPERASJON TORDENSKY
I den koselege byen Elvestad skin sola. Det er sommarferie og late dagar for Tiril og Oliver. Litt for late, i følge Tiril.  Dei er jo trass alt detektivar!
Men ho har ikkje før sagt det, så begynner det å skje ting. Først blir varebilen til sukker-Larsen i nabobyen borte. Ikkje lenge etter hender det mystiske ting også i deira eigen by; all gjæra til bakar Monsen blir stolen.
Og det stoppar ikkje der. Fleire og fleire ting blir som sunke i jorda.
Kva er på ferde i den lille byen deira?
Dette er ei sak for Detektivbyrå nr. 2!

Tiril og Oliver må bruke alle sine kunnskapar for å finne samanhengane som kan lede dei til svaret på dette mysteriet. Ved hjelp av mobiltelefon, interenett og sine eigne kloke hovud, kjem dei stadig nærmare eit svar. Men er det heilt ufarleg?

Vi følgjer dei to detektivane gjennom trange smug, inn på politistasjonen og i møte med heilt ekte tjuvar.
Heldigvis har dei Åtto med på laget!

Tør du lese Operasjon tordensky?

Heilt fremst i boka er det eit kart over Elvestad. Her kan du bli litt kjent med byen. Du kan også sjå kva plassar Tiril og Oliver besøker. 

(Foto frå s. 102 i Operasjon Tordensky)


Bak i boka er det oppgåver du sjølv kan bryne deg på. Greier DU å sjå dei små detaljane som skal til for å vere ein god detektiv?
Om du vil finne ut enda meir om Detektivbyrå nr. 2, kan du trykke her.

Forfattaren, Jørn Lier Horst, er tidlegare
politimann og etterforskningsleiar.
Han kan derfor mykje om krim og mysterier. Kanskje lærer du sjølv nokre etterforskningstriks av å lese denne boka?

I tillegg til bøkene om Tiril og Oliver, har han skrive krim både for eldre barn og vaksne.

Operasjon Tordensky er den første boka i serien om Detektivbyrå nr. 2.
Til no har det komme ut meir enn tjue bøker om Tiril og Oliver. Så om du liker dennne boka, har du mange fleire å glede deg til! 

Alle bøkene om Detektivbyrå nr. 2 kan du låne på skulebiblioteket.
Om du vil høyre Operasjon tordensky som lydbok, kan du gjere det gratis her:  Operasjon Tordensky (Lydebok) – YouTube

3 svar til “Boktips: Operasjon tordensky”

  1. Hei!

    Dette var ei god bokanbefaling.

    Det første eg vil peike på er kor estetisk gjennomført framstillinga er. Det er både behageleg og engasjerande med eit så fint oppsett som utnyttar det visuelle så godt, og som har eit luftig og lett tilgjengeleg grafisk oppsett. Slike ting betyr faktisk ein del for kommunikasjonen, etter mitt syn.

    Vidare er du god til å opprette kontakt med lesaren, og du aktiviserer og engasjerer dei som les. Både bileta og lenkene fungerer godt her. Også fint at du viser vidare til meir kunnskap og fleire leseopplevingar.

    Helsing Svein S.

  2. Hei, endelig ser det ut som jeg kan kommentere på den fine bloggen din! Både oppsettet på selve bloggen og innlegget er veldig estetisk fint og ryddig, det skal du ha ros for.
    Boktipset til tredje klasse vekker nysgjerrigheten og er passe detaljert – ikke bare er forfatteren politimann selv så han vet hva han snakker om, men etter denne boka kan du kose deg med mange flere i samme serie – hvis du tør da!
    Spennende omtale som viser viktige detaljer fra boka – kartet over Elvestad, og du får løse oppgaver selv i slutten av boka.

    Jeg koste meg med blogginnlegget ditt.

  3. Flott boktips, Mari Anna!

    Det var fint å starte med ein liten introduksjon av persongalleriet og Detektivbyrå nr.2 før du gikk vidare med smakebiten frå handlinga. Samla vart det kort nok til å passe for 3.klassingane, men nok til å vere fengande og vekke interessen.

    Det var ein god idé å skrive litt om forfattaren og hans bakgrunn. Ikkje berre aukar det autentisiteten til teksten (han veit kva han snakkar om), men emnet i seg sjølv vil vere interessant for mange born. På same måten var det veldig kjekt å finne lenke til tilleggsmateriane til serien. Det kommersielle aspektet kjem i bakgrunnen og er ikkje på noko vis framtredande, men nettsida legg til kjøt på beina og gir meirsmak på fleire historier.

    Og ettersom skolebiblioteket har alle bøkene i serien, er det fint at du tok med det også. Serielesing er jo noko for seg sjølv, og det spelar heilt klart ein rolle for nye lesarar å vite at ein kan få halde fram å lese mange fleire mysterier frå Elvestad.

    Takk for godt og inspirerande innlegg!
    – StineC.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.