Ein skule utan skjønnlitteratur

Eg kan ramse side opp og side ned, nei… skjermbilete opp og skjermbilete ned, om korfor vi treng skjønnlitteratur i skulen. Men, for å verkeleg fatte kva skjønnlitteratur betyr for skulekvardagen, la oss gjere eit tankeeksperiment: korleis ville skulekvardagen fortone seg utan skjønnlitteratur?

«Eg er ferdig, kva skal eg gjere no?», spør vesle Frida. Læraren sjår seg om i klasserommet. Kun ein eller to er ferdige med oppgåva, og ho har ikkje noko ekstra materiale! Utan ei hyllebok å ty til, ber ho Frida teikne noko. Samstundes ser ho hylla hennar flyte over av teikningar, og læraren kjenner ei bølgje av dårleg samvete skylje over ho. «At eg aldri får gitt ungane ei riktig teikneoppgåve, med mål og meining!» sukkar læraren.

I neste time er det norsk. Elevane skal skrive ei forteljing. Læraren har fortalt gong på gong at ei forteljing skal ha innleiing, mellomdel med høgdepunkt og ei avslutting. Det skal vere ein hovudkarakter, eit problem og ei utvikling. Men ho fattar ikkje kvifor dei berre skriv faktaopplysningar om fuglar, bilar, folk og fe? Ho skulle så gjerne ønskje at ho kunne vise til noko anna enn faglitteratur for at dei skal forstå korleis ei god forteljing skal vere.

Lise underviser i femte klasse. Og endeleg har alle elevane knekt lesekoden! Det må ha vore noko heilt spesielt med ungane frå tida når ho sjølv gjekk på skule. Då kunne dei fleste lese allereie etter første klasse. Merkeleg, tenkjer ho, og set på atter ein film for ungane.

Når skuledagen er over og ho seier farvel, minner ho elevane på leksa til i morgon: «Hugs å les i boka Kven-Kva-Kor, 2013 Ho høyrer stønn og sukk spreie seg i rommet. Det er ikkje mange som liker å lese, tenkjer ho. Vi får kutte ned på det i neste veke.

Ein veit ikkje kva ein har før ein mistar det, er det noko som heiter. Eg håpar verkeleg eg aldri treng å kjenne på korleis det er å vere lærar utan å late elevane mine få flykte inn i ei verd av fantasi og spenning. Kva skal elevane gjere for å få til det? Lese ein fagtekst eller spele eit dataspel? Ein kunne kanskje fått ungar som var makelause til å diskutere munnleg, for ikkje å snakke om deira evne til å lese og skape multimodale tekstar. Men evna til fantasi og fabulering, ville vore kraftig understimulert. Spør du meg, er fantasien sjølve kronjuvelen i eit barn sitt liv. Det legg grunnlag for skaping, og må takast vare på, som den skatten den er.

Treng du meir motivasjon?

 

1 thought on “Ein skule utan skjønnlitteratur

Legg att eit svar