Norskfagets og morsmålets betydning for «kultur og samfunn»

Norskfagets og morsmålets betyding for
«kultur og samfunn».

Det er ikkje noko nytt at norskfaget har hatt ein viktig oppgåve med å
vere eit  nasjonalbyggjande fag.  På 1800 talet etter vi hadde blitt eit
sjølvstendig land, gjaldt det å byggje opp ein norsk kultur og ein norsk
fellesskapskjensle. I dette arbeidet fekk norskfaget ei viktig oppgåve. Norskfaget skulle vere med å byggje opp samhaldet mellom ulike grupperingar i det norske samfunnet. Mellom embetsmannsøner og småbrukardøtrer, mellom fiskerar  og industriarbeiderar og så danne den norske kulturen(Smidt, Jon,red. 3.utgave2009 s. 17), og det norske samfunnet. Norskfaget  var med på å formidle standarar for korleis/kva det norske skulle vere. Frå denne tida og fram til i dag har tematikken endra seg frå eit «kulturen vår», til eit meir globalt uttrykk der ein legg meir vekt på kulturforståing.

I Kunnskapsløftet LK06, har vi fått eit meir vidt begreip om kulturforståinga då det blir lagt meir vekt på at: «internasjonale perspektiver i norskfaget kan bidra til å utvikle kulturforståelse, toleranse og respekt for menneske frå andre kulturer» (Smidt 3. utgåve 2009 s.17). Jon Smidt sei i kappitelet om norskfagets dimensjonar at det fleirkulturelle gjev oss ein moglegheit til å ta inn over oss andre sitt perspektiv. Og Bjørn Kvalsvik Nikolaisen skriv rundt det å kunne møte «eit mangfald utan å bli fælen» (Jon Smidt 3.utgave2009 s. 20). Når vi ikkje er engstelege for det framande,
gjev det oss ein moglegheit i å sjå nye samanhengar og bruke det
nye  til å utvikle oss sjølv og andre. Eg tenker at mange er som meg, og har eit snev av konservative haldningar. At det vi kjenner er trygt, og at det er behageleg å vere i denne «bobla». Men vi må som norsklærerar formidle det kulturelle mangfaldet og det ukjende,  på ein måte som gjer kulturforskjellande i samfunnet ufarlege. Og vi må jobbe for at dei ulike kulturane blir sett på som ein ressurs for alle. Ved hjelp av norskfaget har vi gode moglegheiter til å få resultat i dette arbeidet.

I LP13 står det at eit mål for norskopplæringa etter 7. klasse er at
eleven skal: «Gi eksempler på og reflektere over hvordan språk kan
uttrykke og skape holdninger til enkeltindivider og grupper med mennesker»(LK06,s.23). Her tenker eg at det mellom anna handlar om korleis vi talar om kvar andre/med kvar andre i daglege gjeremål. Vidare handlar det om å kunne setje seg inn i andre sin situasjon. Kva hadde eg følt om…, kva ville eg ha gjort om…, osv. Som norsklærer har eg ein unik moglegheit til å bruke ulike tekstar til å eksemplifisere hendingar og samtale rundt desse.

Eit av kompetansemåla i norsk etter 10. klasse er at elevene skal kunne
drøfte:» hvordan språkbruk kan virke diskriminerende og trakaserende»(LK06,
s.24).  Eg synest at det i tillegg til det tekniske med å drøfte,  er viktig
at elevane kjenner til at vi brukar andre språk enn det talte i munnelege
samanhengar. Dette kan vere mimikk, kroppsspråk og toneleie, då drøftingar som regel  er i munnlege.

Det skriftlege har blitt ein viktig måte å kommunisere på i det moderne
samfunnet. Difor vil eg til slutt trekke fram formålsparagrafen i LK06. Her
står det at faget representerer ein demokratisk offentligheit som rustar til
deltaking i samfunn og arbeidsliv. Og så står det:» Mer enn noen gang krever samfunnet mennesker som mestrer språk og tekst»(LK06, s.19). Så det er vel ingen tvil at norskfaget er viktig når det gjeld kultur og samfunn.

 

 

 

Kjelder:

Smidt, Jon (red.)(2009). Norskdidaktikk – ei grunnbok 3.utg.
Universitetsforlaget.

Kunnskapsløftet(2006)Fag og læreplaner i grunnskolen.

Kunnskapsdepartementet (2013) Læreplan i norsk, fastsatt
20.juni 2013.