Nabospråk og nabospråkundervisning

Norske myndigheiter har i samarbeid med dei andre nordiske landa utarbeida og skrive under på ei avtale, Helsingforsavtalen, som legg føringar om kva plass nabospråka skal ha i skulen.
I samband med fagfornyinga i grunnskulen og Læreplanen Kunnskapsløftet 2020, kjem konkrete kompetansemål om nabospråk inn etter 7.trinn. Då skal elvane kunne lese danske og svenske tekstar og samtale rundt formål, form og innhald (LK20 s.27) Etter 10.trinn er målet at elevane skal lese og lytte til nabospråka, og kunne reflektere over innhald og språklege trekk (LK20, s.28).

Ved å kunne lese og forstå språka i nabolanda våre har vi ein fantastisk moglegheit til å kunne delta i samfunnslivet, få utdanning og jobb i eit større geografisk område. Vi har, og har hatt, tette kontaktar med folk i nabolanda våre og det krev lite å lære seg skandinavisk i forhold til framandspråk. Opplæringa har som hovudmål å gje elevane ei forståing av dei skandinaviske språka og gjere dei i stand til å delta i det nordiske språkfellesskapet. Stian Hårstad skriv i boka si, Nabospråk og nabospråkundervisning, at tanken bak kompetansemåla var at det er verdifult å kunne kommunisere med svenskar og danskar på vårt eige språk (2015, s.13). Han skriv i tillegg at den metaspråklege kompetansen elevane lærer seg gjennom dette arbeidet vil gjere innlæring av framandspråk enklare.

Folket i Skandinavia har hatt tett og nært samarbeid over tid, både kulturelt og fagleg. Dette har ført til at vi lett kan forstå kvarandre sitt samfunn, sosiale koder og humor. Olemic Thommesen(2015, s.10) hevdar at nabospråkundervisning er viktig fordi språket er ein del av identiteten vår som skandinavar, og at det gjennom eit sterkt skandinavisk språk gjer det lettare å stå i mot trykket frå engelsk. Ut frå desse betraktningane hevdar Olemic Thommesen at kunnskap om nabospråk kan vere ei investering i framtida(2015,s.9).

Svensk og dansk liknar på norsk og mange hevdar at språkinnlæringa skjer automatisk bare vi vi høyrer og blir eksponert for språka. Ungar i dag høyrer mindre dansk og svensk tale enn barn gjorde for bare nokre få år sidan. Eg tenker på barndommen min med Astrid Lindgrens klassikarar og danske krimseriar som gjekk på barne tv. At desse filmane nå er ofte er dubba på norsk syns eg er synd. At Emil og Pippi snakkar norsk blir liksom ikkje rett i mine øyrer. Sjølv om vi ikkje hadde opplæring i svensk og dansk skjønna vi bodskapet ut frå konteksten frå vi var ganske små. Unge i dag er i liten grad eksponert for nabospråka og dette gjer sitt til at språka blir vanskelege å skjønne og at dei ofte vel engelsk når dei skal kommunisere med andre nordiske folk. Likevel viser det seg at norske barn skjønnar nabospråka langt betre enn svenskar og danskar. Grunnen til det kan vere at norsk i seg sjølv har stor talevariasjon avhengig av kvar ein bur i landet, og at språket har to skriftsspråk der bokmål har klare likskapar med dansk.

Nettsida «http://nordeniskolen.org/nn» meiner eg er ein god læringsarena for å nå måla i LK20. Nettsida er ei gratis undervisningsplattform som rettar seg mot lærerar og elevar i grunnskulen opp til vidaregåande skule. Læringsplattforma er sjølvinstruerande og lett å bruke. Nettsida vektlegg reseptive ferdigheitar på ein måte som gjer at elevane kan ha ei aktiv rolle i læringsprosessen. Tekstane er dela inn i ulike kompetansenivå og gjer det enkelt for lærerar å tilpasse stoffet til den enkelte elev.

Hårstad meiner at læring av nabospråk er møte med eit språk elevane stort sett mestrar og at det difor er snakk om tilpassing som i morsmålsdidaktikk(2015, s.57). Tekstane på læringsarenaen er nivå og temabasera og kan appellere til eit bredt spekter elevar. Ved lesing av tekstane kan elevane nytte ein top-down lesing. Ved denne måten å lese på nyttar eleven meininga han/ho får ved å lese ein tekst til å skjønne enkeltord og fraser i staden for å bruke energi på å lære seg enkeltord. Aktivitetane har preg av leik og spill som kan vere motiverande for alle.

På nettsida har levane moglegheit til å studere ulikskapane i språka fordi same tekst er oversett og blir presentert på alle nordiske språk i korte videosnuttar. Dette er perfekt då elevane i tillegg til å lære nabospråka kan få medvit om kva lingvistisk kompetanse dei har.

LK20 legg vekt på at læringa av nabospråka skal skje i reelle læringssituasjonar fordi dette er med på å skape motivasjon og engasjement for læring. På læringsplattforma til «Norden i skolen» er dette lagt til rette for via ein « chatte» plattform og invitasjon til å deltake i vennskapsklasser med elever i dei ulike landa. Elevane er på denne måten aktive og møter det talte språket i naturlege samanhengar noko som også gjer innlæringa enklare. Elevane får i tillegg ei kjensle av å kunne nytte kompetansen sin til å kommunisere med folk frå ein annan kultur.

Vi bur i eit lite land, og norsk er eit lite språk. Om vi tenker litt større og ser på oss sjølve som skandinaviske med eit skandinavisk språk blir vi fleir og kan hende står vi sterkare i ein global samanheng. Dette er viktig om vi skal prøve å bevare norsk som språk og demme opp for det sterke trykket av engelsk som er på full fart inn i det nordiske kultur- og næringsliv. Og då språk er ein stor del av identiteten vår, må nabospråkundervisning vere ein invistering i framtida.

 

 

 

Kjelder:
Læreplanverket, 2020, Kunnskapsløftet 2020, Pedlex, Oslo
Hårstad, Stian, 2015, Nabospråk og nabospråkundervisning, Cappelen Damm, Oslo
Thommesen, Olemic, 2015, Handbok i nabospråkundervisning, Kunnskap om nabospråk – en invistreing i fremtiden, Språkrådets skrifter nr. 4, Oslo

http://nordeniskolen.org/nn