Nabospråk og nabospråkundervisning

Norske myndigheiter har i samarbeid med dei andre nordiske landa utarbeida og skrive under på ei avtale, Helsingforsavtalen, som legg føringar om kva plass nabospråka skal ha i skulen.
I samband med fagfornyinga i grunnskulen og Læreplanen Kunnskapsløftet 2020, kjem konkrete kompetansemål om nabospråk inn etter 7.trinn. Då skal elvane kunne lese danske og svenske tekstar og samtale rundt formål, form og innhald (LK20 s.27) Etter 10.trinn er målet at elevane skal lese og lytte til nabospråka, og kunne reflektere over innhald og språklege trekk (LK20, s.28).

Ved å kunne lese og forstå språka i nabolanda våre har vi ein fantastisk moglegheit til å kunne delta i samfunnslivet, få utdanning og jobb i eit større geografisk område. Vi har, og har hatt, tette kontaktar med folk i nabolanda våre og det krev lite å lære seg skandinavisk i forhold til framandspråk. Opplæringa har som hovudmål å gje elevane ei forståing av dei skandinaviske språka og gjere dei i stand til å delta i det nordiske språkfellesskapet. Stian Hårstad skriv i boka si, Nabospråk og nabospråkundervisning, at tanken bak kompetansemåla var at det er verdifult å kunne kommunisere med svenskar og danskar på vårt eige språk (2015, s.13). Han skriv i tillegg at den metaspråklege kompetansen elevane lærer seg gjennom dette arbeidet vil gjere innlæring av framandspråk enklare.

Folket i Skandinavia har hatt tett og nært samarbeid over tid, både kulturelt og fagleg. Dette har ført til at vi lett kan forstå kvarandre sitt samfunn, sosiale koder og humor. Olemic Thommesen(2015, s.10) hevdar at nabospråkundervisning er viktig fordi språket er ein del av identiteten vår som skandinavar, og at det gjennom eit sterkt skandinavisk språk gjer det lettare å stå i mot trykket frå engelsk. Ut frå desse betraktningane hevdar Olemic Thommesen at kunnskap om nabospråk kan vere ei investering i framtida(2015,s.9).

Svensk og dansk liknar på norsk og mange hevdar at språkinnlæringa skjer automatisk bare vi vi høyrer og blir eksponert for språka. Ungar i dag høyrer mindre dansk og svensk tale enn barn gjorde for bare nokre få år sidan. Eg tenker på barndommen min med Astrid Lindgrens klassikarar og danske krimseriar som gjekk på barne tv. At desse filmane nå er ofte er dubba på norsk syns eg er synd. At Emil og Pippi snakkar norsk blir liksom ikkje rett i mine øyrer. Sjølv om vi ikkje hadde opplæring i svensk og dansk skjønna vi bodskapet ut frå konteksten frå vi var ganske små. Unge i dag er i liten grad eksponert for nabospråka og dette gjer sitt til at språka blir vanskelege å skjønne og at dei ofte vel engelsk når dei skal kommunisere med andre nordiske folk. Likevel viser det seg at norske barn skjønnar nabospråka langt betre enn svenskar og danskar. Grunnen til det kan vere at norsk i seg sjølv har stor talevariasjon avhengig av kvar ein bur i landet, og at språket har to skriftsspråk der bokmål har klare likskapar med dansk.

Nettsida «http://nordeniskolen.org/nn» meiner eg er ein god læringsarena for å nå måla i LK20. Nettsida er ei gratis undervisningsplattform som rettar seg mot lærerar og elevar i grunnskulen opp til vidaregåande skule. Læringsplattforma er sjølvinstruerande og lett å bruke. Nettsida vektlegg reseptive ferdigheitar på ein måte som gjer at elevane kan ha ei aktiv rolle i læringsprosessen. Tekstane er dela inn i ulike kompetansenivå og gjer det enkelt for lærerar å tilpasse stoffet til den enkelte elev.

Hårstad meiner at læring av nabospråk er møte med eit språk elevane stort sett mestrar og at det difor er snakk om tilpassing som i morsmålsdidaktikk(2015, s.57). Tekstane på læringsarenaen er nivå og temabasera og kan appellere til eit bredt spekter elevar. Ved lesing av tekstane kan elevane nytte ein top-down lesing. Ved denne måten å lese på nyttar eleven meininga han/ho får ved å lese ein tekst til å skjønne enkeltord og fraser i staden for å bruke energi på å lære seg enkeltord. Aktivitetane har preg av leik og spill som kan vere motiverande for alle.

På nettsida har levane moglegheit til å studere ulikskapane i språka fordi same tekst er oversett og blir presentert på alle nordiske språk i korte videosnuttar. Dette er perfekt då elevane i tillegg til å lære nabospråka kan få medvit om kva lingvistisk kompetanse dei har.

LK20 legg vekt på at læringa av nabospråka skal skje i reelle læringssituasjonar fordi dette er med på å skape motivasjon og engasjement for læring. På læringsplattforma til «Norden i skolen» er dette lagt til rette for via ein « chatte» plattform og invitasjon til å deltake i vennskapsklasser med elever i dei ulike landa. Elevane er på denne måten aktive og møter det talte språket i naturlege samanhengar noko som også gjer innlæringa enklare. Elevane får i tillegg ei kjensle av å kunne nytte kompetansen sin til å kommunisere med folk frå ein annan kultur.

Vi bur i eit lite land, og norsk er eit lite språk. Om vi tenker litt større og ser på oss sjølve som skandinaviske med eit skandinavisk språk blir vi fleir og kan hende står vi sterkare i ein global samanheng. Dette er viktig om vi skal prøve å bevare norsk som språk og demme opp for det sterke trykket av engelsk som er på full fart inn i det nordiske kultur- og næringsliv. Og då språk er ein stor del av identiteten vår, må nabospråkundervisning vere ein invistering i framtida.

 

 

 

Kjelder:
Læreplanverket, 2020, Kunnskapsløftet 2020, Pedlex, Oslo
Hårstad, Stian, 2015, Nabospråk og nabospråkundervisning, Cappelen Damm, Oslo
Thommesen, Olemic, 2015, Handbok i nabospråkundervisning, Kunnskap om nabospråk – en invistreing i fremtiden, Språkrådets skrifter nr. 4, Oslo

http://nordeniskolen.org/nn

 

Norskfagets og morsmålets betydning for «kultur og samfunn»

Norskfagets og morsmålets betyding for
«kultur og samfunn».

Det er ikkje noko nytt at norskfaget har hatt ein viktig oppgåve med å
vere eit  nasjonalbyggjande fag.  På 1800 talet etter vi hadde blitt eit
sjølvstendig land, gjaldt det å byggje opp ein norsk kultur og ein norsk
fellesskapskjensle. I dette arbeidet fekk norskfaget ei viktig oppgåve. Norskfaget skulle vere med å byggje opp samhaldet mellom ulike grupperingar i det norske samfunnet. Mellom embetsmannsøner og småbrukardøtrer, mellom fiskerar  og industriarbeiderar og så danne den norske kulturen(Smidt, Jon,red. 3.utgave2009 s. 17), og det norske samfunnet. Norskfaget  var med på å formidle standarar for korleis/kva det norske skulle vere. Frå denne tida og fram til i dag har tematikken endra seg frå eit «kulturen vår», til eit meir globalt uttrykk der ein legg meir vekt på kulturforståing.

I Kunnskapsløftet LK06, har vi fått eit meir vidt begreip om kulturforståinga då det blir lagt meir vekt på at: «internasjonale perspektiver i norskfaget kan bidra til å utvikle kulturforståelse, toleranse og respekt for menneske frå andre kulturer» (Smidt 3. utgåve 2009 s.17). Jon Smidt sei i kappitelet om norskfagets dimensjonar at det fleirkulturelle gjev oss ein moglegheit til å ta inn over oss andre sitt perspektiv. Og Bjørn Kvalsvik Nikolaisen skriv rundt det å kunne møte «eit mangfald utan å bli fælen» (Jon Smidt 3.utgave2009 s. 20). Når vi ikkje er engstelege for det framande,
gjev det oss ein moglegheit i å sjå nye samanhengar og bruke det
nye  til å utvikle oss sjølv og andre. Eg tenker at mange er som meg, og har eit snev av konservative haldningar. At det vi kjenner er trygt, og at det er behageleg å vere i denne «bobla». Men vi må som norsklærerar formidle det kulturelle mangfaldet og det ukjende,  på ein måte som gjer kulturforskjellande i samfunnet ufarlege. Og vi må jobbe for at dei ulike kulturane blir sett på som ein ressurs for alle. Ved hjelp av norskfaget har vi gode moglegheiter til å få resultat i dette arbeidet.

I LP13 står det at eit mål for norskopplæringa etter 7. klasse er at
eleven skal: «Gi eksempler på og reflektere over hvordan språk kan
uttrykke og skape holdninger til enkeltindivider og grupper med mennesker»(LK06,s.23). Her tenker eg at det mellom anna handlar om korleis vi talar om kvar andre/med kvar andre i daglege gjeremål. Vidare handlar det om å kunne setje seg inn i andre sin situasjon. Kva hadde eg følt om…, kva ville eg ha gjort om…, osv. Som norsklærer har eg ein unik moglegheit til å bruke ulike tekstar til å eksemplifisere hendingar og samtale rundt desse.

Eit av kompetansemåla i norsk etter 10. klasse er at elevene skal kunne
drøfte:» hvordan språkbruk kan virke diskriminerende og trakaserende»(LK06,
s.24).  Eg synest at det i tillegg til det tekniske med å drøfte,  er viktig
at elevane kjenner til at vi brukar andre språk enn det talte i munnelege
samanhengar. Dette kan vere mimikk, kroppsspråk og toneleie, då drøftingar som regel  er i munnlege.

Det skriftlege har blitt ein viktig måte å kommunisere på i det moderne
samfunnet. Difor vil eg til slutt trekke fram formålsparagrafen i LK06. Her
står det at faget representerer ein demokratisk offentligheit som rustar til
deltaking i samfunn og arbeidsliv. Og så står det:» Mer enn noen gang krever samfunnet mennesker som mestrer språk og tekst»(LK06, s.19). Så det er vel ingen tvil at norskfaget er viktig når det gjeld kultur og samfunn.

 

 

 

Kjelder:

Smidt, Jon (red.)(2009). Norskdidaktikk – ei grunnbok 3.utg.
Universitetsforlaget.

Kunnskapsløftet(2006)Fag og læreplaner i grunnskolen.

Kunnskapsdepartementet (2013) Læreplan i norsk, fastsatt
20.juni 2013.

1.fagblogg, norsk 2.

Norskfaget og morsmålet sin betyding for/funksjon i «ungdom sin identitetsutvikling.

 

 

Eit hovudmål for opplæringa i norsk gjennom det 13-årige løpet er språklig sjølvtillit og trygghet i eigen kultur som grunnlag for utvikling av identitet, respekt for andre kulturar, aktiv samfunnsdeltaking og livslang læring. Norskfaget skal fremme og vidareutvikle kultur, kommunikasjon, danning og identitet  (LK 2006).

 Alle har vel i sitt eige livsløp tenkt, kven er eg og kven ynskjer eg og vere?

For å vite kven eg er, må eg ha eit reiskap til å tenke noko om det, og eg  må kunne dele dette med andre. For å tenkje må eg ha eit språk og for å dele med andre, må eg kunne kommunisere . Med dette som utgangspunkt har norskfaget ein stor betyding/funksjon i ungdom sin identitets utvikling. Kva språk eg kan, har eg lært i mitt miljø.  Korleis eg kommuniserer og tenker er og eit resultat av mine erfaringar i samhandling med andre. I den gjeldande læreplanen LK 2006  står det og, at språk kan uttrykke og skape holdningar til enkeltindivid og grupper av menneske. Min identitet er prega av mine meiningar og holdningar.

I norskfaget brukar ein noveller og historier som utgangspunkt for ulike samtaler med elevane. Om møtet med vaksenlivet blir « trøblete» kan tekstane hjelpe elevane  å møte utfordringane i livet, og til å skape sin identitet. ( Forelesing Uia 1.sep.2015)

Åsfrid Svensen skriv: « De beste livshistoriene er de som integrerer mest av de utfordrende og følelsesladde erfaringene livet har gitt oss, de historiene som i størst grad får bruddstykker til å falle på plass i en helhet der årsaks- og hensiktsrelasjoner skaper sammenheng. Mitt sjølbilde i nåtida har mye av sitt grunnlag i mine historier om min personlige fortid».

I psykoanalytisk teori «må fortiden erkjennes og integreres i en helhetlig livshistorie. Den trenger ikke være sann, men må være plausibel og subjektivt sann».  Om identitet har fått seg ein knekk, kan den byggjast opp at om ein greier å setje saman ein livshistorie som ein meiner er sann, og som ein kan leve med. Ein historie kan hjelpe med dette.

Psykologene definerer identitet som «… dei bevisste eller ubevisste førestellingane eit individ har om seg sjølv». Sosiologane er oppteken av at identiteten vår er knytt til dei sosiale gruppene vi identifiserer oss med – familien vår, lokalsamfunnet vi kjem  frå, eller gjengen vi er ein del av.  

Språket er i seg sjølv ein identitetsmarkør. Det vil sei at måten vi bruker språket på, fortel omverden både kven vi er, kven vi ynskjer og vere, kva slags sosiale grupper vi er ein del av, og kva grupper vi identifiserer oss med.

Språket får ein stør betyding som identitetsmarkør når andre kjenneteikn på at vi er ein del av ein bestemt kultur blir borte. Nokon forskerar meiner at menneske i dag kan vele identitet nesten fritt. Identiteten er då ei bestemt maske som vi tek på oss når vi ynskjer det. Men er det fullt så enkelt å skifte identitet?

Språkforskar Unn Røyneland har undra seg over kvifor «Sossar» og «Rånerar» snakkar ulikt og har studert talespråket til ungdomar på Tynset og Røros. Ho fant at dei unge bruka språket for å signalisere kva slags gruppe dei ynskte å identifisere seg med: «Rånerne» var de mest tradisjonsorienterte. Dei ville gjerne bli buande på Tynset og bruka difor også Tynset-dialekten. «Sossene» ynskte seg burt frå bygda og var oppteken av urbane trendar. Derfor normaliserte dei talespråket sitt. Dette er og noko eg kan støtte opp om ut frå mine erfaringar frå eiga bygd i Vest Telemark.

Eg tenker at det er det særs viktig for elevane/ungdomane  at dei lærer å beherske norsk/morsmål, slik at dei aktivt kan vere med på å kommunisere sin eigen identitet og si eiga framtid.

 Og heilt til slutt; identiteten vår er ikkje statisk, men den er dynamisk og endrar seg over tid med erfaringar vi gjer oss gjennom livet.

 

Kjelder: Forelesing UIA 1.september 2015, LK 2006 revidert 2013, Svendsen Åsfrid(2001) Kompendium, http://ndla.no/nb/node/124547.