Profesjonell lærar

Er du noe du selv vil trekke fram som vil være viktig for at du skal kunne framstå som profesjonell lærer på denne skolen?

Arneberg beskriv den profesjonelle lærar med desse punkta:

– Evne, vilje og mot til å utvikle skolens virksomhet til beste for elevene sammen                  med sine kolleger.

           – Kompetanse til å ikke la seg ensidig styre av lærebok

           – Kompetanse i å begrunne de valg som gjøres på bakgrunn av innsikt i både                        læreplan, i faget og i eleven.

(Arneberg, 2008)

Dette er viktige punkt ein profesjonell lærar burde besitte, men for at desse punkta skal bli tilfredsstilt, så er det viktig at læraren har rammefaktorane på sin side. Skulen må legge til rette at lærarane kan jobbe i team, samt vidareutdanne lærarar. Skulen, må sjølvsagt også ha andre rammefaktorar i orden for at læraren ikkje treng å vere ensidig styrt av lærebøkar. For at ein skal bli så profesjonell som mogleg i denne tid, er samarbeid ein viktig faktor. Det å jobbe saman med kollegaer, få andre sine innspel, vurdere saman, spelar ein viktig rolle for å vidareutvikle seg til å bli ein betre profesjonsutdøvar.  det at ein utviklar  Undervisningsreportoaret våres og at skulen legg til rette for at ein kan bruke nye/andre  metodar gjer også at ein blir ein betre utdøvar av sitt yrket. Postholmm fl 2012, seier også dette. » profesjonsutvikling  er viktig for å skape gode skoleresultater både faglig og sosialt.»

Hva tenker du om viktige tema som «god klasseledelse» og «samarbeid i team»?

 

» Samarbeid i Team»

Tradisjonelt har formidlingspedagogikken stått sterkt, med et
kognitivt syn på læring, og en organisasjon karakterisert av individuelt læringsarbeid.
(Kompetanseberetningen 2005) Sentrale styringsdokumenter og politiske meldinger har
imidlertid i vår tid fokus på skolen som et sted hvor samhandling, elevaktivitet og kollektive
prosesser er i fokus (Stortingsmelding nr. 30, 2004-2005).  

Det er ingen tvil om at etter me,lærarar, har byrja jobbe saman i trinn og lærarteam har styrkja både lærarens kvardag, samt læringsutbytte elevane sit att med. Saman står me sterkare! Ikkje berre er det ynskeleg å jobbe i lærarteam, men LK06, seier faktisk at skulen skal legge til rette for at lærarane kan lære av kvarandre gjennom samarbeid om planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæring(s34). Det at ein kan forhøre seg med andre lærarar om kva ein burde gjere, korleis ein burde gjere ting og ikkje minst kvifor ein burde gjere det, skapar ein tryggleik når ein til dømes er usikker på noke. God klasseleiing kjem av godt samarbeid. 

Klasseledelse.  I læraryrket jobbar ein ikkje berre med kollegaer, men i hovudsak med born og unge. Born møter opp på skulen fordi dei faktisk er plikta til å gjere det, difor er din rolle som lærar og korleis du utfører denne rolle ekstremt viktig. For å ikkje skrive for mykje om dette viktige temaet, kjem eg til å nevne to punkt som eg tykkjer stend sterkt iforhold til klasseleiing.

Relasjon: Det å skaffe gode relasjonar med elevane dine, tykkje eg er noke av det viktigaste med god klasseleiing. du skal kjenne elevane dine godt, og dei skal også kjenne deg. Med gode relasjonar kjem tryggleik, forståing, omsorg gjensidig respekt. Ein skal møte elevane der «dei» er!  

Fagleg kompetanse: Når ein har som yrke å undervise born og unge, er kanskje det at ein sjølv er fagleg sterk noke av det viktigaste. Ein lærar bør ha gode, faglege kunnskapar for at ein skal kunne undervise i eit fag. Dersom ein er fagleg sterk, hjelper dette også til at ein letar kan tilpasse opplæringa etter mangfoldet av elevar i skulen. Tilpassa opplæring er essensielt for at alle skal bli inkludert og dette er tydelig beskrivd i læreplakaten.  “Fremme tilpasset opplæring og varierte arbeidsmåter (oppl.l.).  Det er sjølvsagt mykje meir eg kunne skrivd om klasseleiing, men mine 250 ord er forlengst bruka upp. 

På gjennmunn!

 

 

Korleis eg vil legge opp ein undervisningsøkt i musikk

I dette innlegget vil eg ta føre meg ein undervisningsøkt i musikk, der eg fyrst og fremst tek for meg musisering som er eit av dei tre hovudtema kunnskapsløftet favnar om.Dei viktigaste aspekta med ein god time, er variasjon.Variasjon gir motivasjon. Kunnskapsløftet seier at » formål med faget

Som et allmenndannende kunstfag skal musikkfaget gi elevene grunnlag for å kunne oppleve, reflektere over, forstå og ta del i musikalske uttrykk. Som et skapende fag skal musikkfaget gi grunnlag for utvikling av kreativitet og skapende evner slik at elevene blir i stand til å skape musikalske uttrykk ut fra egne forutsetninger.(Læreplan i musikk)  »                                                Det er som skapande fag eg vil presentere denne undervisningsøkta.

Denne økta har som mål at elevane skal kunne spele ein solo(improvisere) medan ein taktfast puls og melodi gjeng i bakgrunnen.

Oppstart: I starten ville eg byrja med å presentere målet for timen, samt vist dei korleis ein skal bruke dei ulike instrumenta for puls, melodi og improvisasjonen. ein enkel basstromme vil fungere som puls(fleire trommer dersom det blir for lett) , enkle gitarakkordar som fungerar som melodi og ein xylofon, der ein berre har dei passande tonane til improvisasjon. xylofon, er eit Carl Orrf instrument, som er utvikla for grunnskuleelevar for enkel improvisasjon. Når eg har presentert (mesterlære) instrumenta og målet for timen, så vil eg dele klassa inn i trommissar, gitaristar og xylofonistar.(ca 10min)

hovuddel: her vil eg gå rundt å lære dei forskjellige gruppene den melodien, pulsen og måten ein burde spele på for å improvisere, for så å gå rundt å hjelpe elevane. dei vil få fem minutt til å øve på instrumenta, før me tar eit samspel med alle gruppene saman. Når dette er gjordt, så skal elevane rulere på instrumenta og gjere det same med dei andre instrumenta. Elevane vil då få ein variasjon i instrument, takt og melodi. denne delen tek omlag 25 min.

Avslutning: for å få mest mogleg variasjon, så ville eg hatt ein type, song eller dansleik som ville avrunda det heile. Dette fordi det er morosamt, samt at det er eit mål i kunnskapsløftet å utfolde seg fysisk iform av dans.

Her ser du ein time med variasjon og aktivitetar som motiverar og utfordrar elevane. Det at elevane får skape sin eigen musikk(improvisere) gjer også at dei får utvikla sin kreativitet som er viktig for å bli ein «danna» elev.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arbeidskrav 2 innlegg 1. Kvifor vil eg bli lærar og kva slags visjonar har eg?

 

Dette er eit spørsmål eg har fått mange gonger under lærarutdanninga og svaret eg gir kan vere forskjellig frå gong til gong. I hovudsak valde eg å gange på lærarskulen fordi eg jobba eit år som lærar ved ein grendeskule i heimbygda mi. Dette trigga lysta til å ta denne utdanninga. Når eg jobba som lærar fekk eg sjå gleda elevar opplevde då dei meistra dei ulike oppgåvene ein møtte i skulen, samt korleis dårleg meistring kunne øydelegge skuledagen. Den gleda ville eg ta del i, noke eg også fekk oppleve. Eg kom rett frå fyrstegongstenesten i HMKG og hadde ingen lærarerfaring når eg fekk jobben, men tidligare erfaringar som elev, samt erfaring som lagførar for tolv mann i millitæret gjorde at eg meistra det å vere lærar, etter forholda, godt. Elevane, lika meg og respekterte meg, noke eg også gjorde, og etter det eg har høyrd fekk elevane mine også eit godt læringsutbytte.

Nå har eg gått på lærarskulen i 3 år, og ser sjølvsagt at måten eg var som lærar ikkje var perfekt. Dersom eg ser på den pedagogiske retninga eg fylgde som lærar, kunne det likne den sosialkognitive retninga med Bandura i spissen. Eg fungerte, på ein måte som rollemodell og lærestilen min var for det meste observasjonslæring. Etter meir pedagogikk og meir fagdidaktikk, så har eg lærd at det er mange måtar ein kan vere som lærar og uttallige teknikkar for at elevane skal få mest mogleg motivasjon og læringsutbytte. Min visjon som lærar er å bruke, kanskje også utvikle, metodar og metodikk som styrkjer elevanes motivasjon og læringsutbytte. Eg tykkjer elevar skal møte på ein varierande skulekvardag som styrkjar motivasjonen til å møte opp på skulen. Sidan det er eit stort mangfald i skulen, er dette eit spanande og komplisera emne innanfor det å vere lærar.