Tilbake på skulebenken!

Å finne fram på yrkesstien er ikkje alltid like lett. For nokre er vegen strak og målet rett fram, for andre er han meir kronglete og utan ein klar destinasjon. I løpet av tenåra endra eg meining om kva skulle utdanne meg til ørten gongar. Eg ville bli kokk, journalist, interiørarkitekt, blomsterdekoratør, elektriker, barnelege, lærar og politi. Det innramma vitnemålet på toppen av vitrineskapet fortel at eg enda opp med ein bachelor i teiknspråk og tolking.

Teiknspråk og tolking var ei utruleg spennande utdanning. Eg fann fort ut at eg var veldig glad i språket, men hadde meir lyst til å bruke det i ein pedagogisk samanheng, framfor å drive med tolking. Før eg visste ordet av det hadde eg fått meg jobb som teiknspråklærar på ein barneskule, og der blei eg verande. Eg stortreivst, men etter å ha jobba i fire-fem år, begynte det å krible i studentfingrane igjen. Kanskje tida var inne for å prøve noko nytt? Eg sette meg ved datamaskina og scrolla gjennom alternativa, og der lyste det mot meg, svart på kvitt: Skolebibliotekkunnskap.

Som barn var eg det ein på godt norsk kallar ein lesehest. Det var ikkje reint sjeldant eg sovna om kvelden med ei bok liggjande på magen, og leselampen framleis på. På barneskulen hadde klassen min ein gong eit leseprosjekt der målet var å lese flest mogleg bøker i løpet av ein viss periode. Eg kan framleis hugse at eg gjekk rundt og proklamerte til alle som viste eit hint av interesse: «Veit du kva? Eg leste 52 bøker frå jul til påske!» (Kledeleg sjenanse var ikkje mi sterkaste side.) Leseinteressa tok eg med meg vidare inn i ungdomsåra, og eg oppdaga biblioteket for alvor då eg begynte på ungdomsskulen. Då fekk me lov til å låne bøker i det splitter nye folkebiblioteket i fleirbrukshallen, rett ved sidan av skulen. Lånekortet mitt fekk køyrd seg, og det gjekk stort sett i Varg Veum-bøkene og den nyaste utgåva av Bonytt. Etter tre år var eg nesten på fornamn med bibliotekaren (han blanda meg alltid med tremenningane mine).

Lenkje til det nemnde biblioteket, der eg fekk opna auga for krim; Tysnes folkebibliotek.

Sjølv om vaksenlivet no har innhenta meg, og eg ikkje har like mykje tid som før til å fordjupe meg all den litteraturen eg ynskjer, er eg framleis veldig glad i bøker. Kombinert med dette finst det ein annan tungtvegande grunn til at hadde lyst til å studere skolebibliotekkunnskap: Eg er nemleg over snittet interessert i organisering og sortering. Som student hadde eg deltidsjobb som bibliotekvakt på høgskulebiblioteket, der eg tok meg av utlån og innleveringar. Noko av det beste var å setje innleverte bøker på plass i hyllene; lese av nummeret nedst på bokryggen og gå langs hylleradene til eg fann akkurat det tomrommet der boka høyrde heime. (I lys av det eg har lærd dei siste vekene, vil eg no seie at ei bok høyrer heime i hendene på den rette lesaren, men det får så vere.) Orden og system, organisering og sortering.

No når eg har starta på dette studiet, har det jo gått opp for meg at å vere ein bibliotekar er så mykje meir enn berre å halde orden i bøker. Det vil seie, eg har jo vore klar over det, men eg har hatt nokså liten kunnskap når det kjem til den pedagogiske delen av jobben. Det er mange ting eg ser fram til å jobbe med innanfor faget, men det som peikar seg ut er arbeidet med leseglede. Eg ser fram til å lære meg korleis eg kan bidra med å utvikle interesse for lesing hos barn og unge, ei gåve som eg sjølv fekk då eg var ung. Eg har møtt elevar som ikkje synest det er så kjekt å lese, og har fått lesing litt opp i halsen, blant anna på grunn av tunge tekstar i lærebøker på skulen. Eg håpar eg får auka kompetanse på det å hjelpe desse, og treffe dei på deira nivå. Det finst ei bok for alle, det gjeld berre å finne den rette.

4 tanker om “Tilbake på skulebenken!

  1. Hei, Isabell!

    Takk for at eg fekk lese bloggen din. Det var veldig interessant å lese. Teksten din viser stort engasjement for lesing og leseglede, og det er tydeleg at det er bibliotekar du vil bli. Eg håper at du vil trivast på studiet.

    Det er fint at du har fått nye tankar om det å arbeide på bibliotek. Det er så mykje meir enn å rydde og halde orden slik du sjølv skriv. Eg håper studiet er med på å styrke trua på at du vil arbeide med barn, bøker, leselyst og kritisk tenkning.

    Du skriv også godt og interessant. Eg gler meg til å bli betre kjend med deg i løpet av studiet.

    Lukke til!

    Helsing Ingeborg

  2. Hei Isabell!
    Fint å lese blogginnlegget ditt! Jeg tror du blir en god skolebibliotekar med både leseglede, interesse for sortering og organisering i tillegg til erfaring fra skolen med deg i «bagasjen».
    Jeg ser også mest frem til å jobbe med leseglede i studiet. Håper vi får mange gode tips til hvordan vi kan bidra til å utvikle interesse for lesing for barn.

    Likte godt siste setning i innlegget ditt! «Det finst ei bok for alle, det gjeld berre å finne den rette!» Håper det blir lettere for oss å finne den rette boka til elevene våre når studieåret er omme.
    Lykke til med studiet, Isabell!

    Hilsen Inger Tove

  3. Hei,

    Så kjekt å sjå at me er flerie som har vore innom både det eine og det andre før me kom der me er no! Også har me ei felles interesse i å vekje lesegleda hjå dei unge.
    Eg kosar meg og veldig med organiseringa av bøkene, og alt «rutine arbeidet» som er innimellom, faktisk så mykje at sjefen min tykkjer det er litt morosamt og ler litt av meg(eg ler endå meir av meg sjølv berre så det er sagt ;))
    Eg gledar meg til å lære meir om jobben me skal gjere, og det verkar det som du gjer og, kanskje sjåast me på samlinga også sienare i haust og.

    Helsing
    Ingjerd

  4. Hei Isabell 🙂

    Så kjekt å lesa om reisa du har hatt fram til der du er i dag; student på skolebibliotekkunnskap. Eg likar at du er så personleg, og eg kan kjenna meg igjen i fleire av refleksjonane og oppdagingane dine både knytta til yrkesstien og deg sjølv, og korleis det ikkje alltid blir som me har tenkt. Eg synest du skriv presist og godt, og teksten flyt lett når ein les. Blogginnlegget har fin lengde. Det er ikkje så mange vekene sidan studiet offisielt starta, men eg får inntrykk av at du er godt i gang, og likar at du deler metaperspektivet på eiga læring og oppdagingar du har gjort allereie.

    Lukke til vidare, Isabell!

    Beste helsing
    Silje

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.