Organisering av nytt skolebibliotek

Dette er del 2 av min mappeeksamen i SK-100 hausten 2020.

Hei, gode kollegaer ved Grønnskogen barne- og ungdomsskole!

Gratulerer med nytt skolebiblioteklokale! Eg studerer skolebibliotekkunnskap dette året, og har blitt beden om kome med nokre råd om korleis de best mogleg kan organisere biblioteket si samling no når de skal inn i nye lokale. Det vil eg så klart gjerne hjelpe til med. Dette er råd og tips som eg har plukka opp på studiet, men til sjuande og sist er det de som kjenner skulen best og behovet de har.

De skriv at i dag er bøkene i biblioteklokalet sett opp etter alderstrinn, og at dei innanfor kvart trinn er oppstilt alfabetisk etter forfattar. Eg tenkjer at det finst både fordelar og ulemper med å plassere bøkene i alderstrinn. Mange elevar vil nok kunne finne bøker som passar for seg på det alderstrinnet dei høyrer heime, men det vil òg vere elevar som ikkje gjer dette. Dei dyktigaste lesarane må gjere opp på eit høgare alderstrinn for å finne ei bok som passar for dei (noko som sikkert kan vere stas), men dei svakaste lesarane må kanskje ned på eit lågare alderstrinn for å finne noko dei meistrar, og det er ikkje alltid kjekt. I boka «Skolebiblioteket» (Hjellup, 2018, s. 147) skriv forfattarane at det kan verke stigmatiserande å merke avdelingar med alder. I staden kan ein organisere samlinga slik at det finst bøker med ulikt lesenivå i kvar avdeling. No veit ikkje eg kor stor samlinga dykkar er, men dersom de har ei stor samling kan de ha ei eiga avdeling for dei uerfarne lesarane. Vidare gjev Hjellup (2018) eit eksempel om at ein på byrjinga av hylla kan ha dei lettaste bøkene med lite tekst og mykje bilete, og at vanskelegheitgrada aukar bortover hylla. Sist i hyllerekka står dei bøkene med mykje tekst, som kanskje må lesast av ein vaksen, eller som ein kan lese når ein har fått meir leseerfaring. Slik kan ein òg organisere samlinga dersom ein ikkje har ei så stor samling at ein kan ha ei eiga lettlestavdeling. I begge tilfella vil ein kunne plassere bøker under forfattar, men ikkje stille dei opp alfabetisk utover første bokstav i etternamn.

Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

De skriv at de har ei eiga hylle for bildebøker. Bildebøker kan plasserast saman med dei andre bøkene i samlinga, slik som eg har nemnd over, men det er ikkje noko i vegen for at bildebøker kan stå for seg sjølve. Til dømes kan bildebøker vere plassert i bokkassar (merka med bokstav etter namn på forfattar), slik at det er lett for dei yngste elevane å bla seg gjennom desse. Det viktige her er at bildebøkene blir registrert i katalogen med riktig hylleplassering (til dømes «bokkasse» eller «bildebøker»), slik at ein ikkje ender opp med å leite etter ei bok på feil plass.

De fortel òg at de har ei eiga hylle med bøker for gutar. Eg forstår kvifor de har vald å gjere dette, og grunntanken er god. Arne Svingen (2018) skriv om at gutar les mindre enn jenter, og at det er viktig å ha eit fokus på å heve gutane si lesing. Ei eiga hylle med bøker for gutar kan gjere at ein del gutar synest at det er kjekkare å låne bøker, fordi dei finn bøker som passar for seg, men det kan òg verke mot si hensikt. Eg er redd nokre gutar kanskje ikkje vil «tørre» å velje bøker i frå andre hyller, fordi dei blir sett på som «jentebøker», eller at dei ikkje tenkjer over at det finst meir litteratur for dei, fordi dei vert avgrensa til «gutehylla». Mange jenter vil nok heller ikkje tørre eller tenkje på å låne bøker frå denne hylla. Eg tenkjer at det heller kan vere lurt å organisere noko av skjønnlitteraturen etter emne, ut i frå kva elevane er interesserte å lese i. Til dømes kan ein ha ei hylle for «spenning», noko som treff mange lesarar, både gutar og jenter. Andre tema som kan vere aktuelle å organisere etter er «fotball», «hestar», «humor» – ta ein runde i klassane og høyr kva type bøker dei synest er kjekkast å lese. Igjen – her er det viktig å registrere bøkene med riktig hylleplassering i katalogen, slik at ein lett kan finne dei igjen.


Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

Det at faglitteratur og skjønnlitteratur står blanda, kan gjere det vanskeleg for lånarane å finne fram til ei fagbok om eit spesielt emne. Eg tenkjer at det kan vere ein god idè å opprette ei eiga fagbokavdeling, der all faglitteraturen er plassert etter emne. I «Skolebiblioteket» (Hjellup, 2018, s. 142) står det at når ein skal organisere faglitteraturen, kan det kan vere lurt å ta utgangspunkt i kva tema elevane likar å lese om. I tillegg kan det vere smart å sjå på kva tema som går igjen i læreplanane til dei ulike klassetrinna. Når ein vel å stille bøkene opp etter emne, lausriv ein seg frå Dewey sitt klassifikasjonssystem. Det er likevel nokre bøker det ikkje går an å putte inn i under eit emne, desse kan plasserast i Dewey. Når ein skal registrere ei fagbok i bibliotekkatalogen, kan det vere lurt å registrere henne både med tema og Dewey-nummer, slik at ein har god oversikt, og kan vere fleksibel og variere kva tema som får ein eigen hylleplass (Hjellup, 2018, s. 143).

Eg håpar noko av dette var til hjelp for dykk, ta gjerne kontakt dersom de har nokre spørsmål. Eg ynskjer dykk lykke til med innflytting i nye skolebiblioteklokale!

Litteratur:

  • Hjellup, L. H. (Red.). (2018). Skolebilbioteket: Læring og leseglede i grunnskolen. Oslo: Cappelen Damm.

  • Svingen, Arne. (2018). Gutta som slutta – om gutter og lesing. I L. H. Hjellup (Red.), Skolebilbioteket: Læring og leseglede i grunnskolen. (s. 69-75). Oslo: Cappelen Damm.

Tilbake på skulebenken!

Å finne fram på yrkesstien er ikkje alltid like lett. For nokre er vegen strak og målet rett fram, for andre er han meir kronglete og utan ein klar destinasjon. I løpet av tenåra endra eg meining om kva skulle utdanne meg til ørten gongar. Eg ville bli kokk, journalist, interiørarkitekt, blomsterdekoratør, elektriker, barnelege, lærar og politi. Det innramma vitnemålet på toppen av vitrineskapet fortel at eg enda opp med ein bachelor i teiknspråk og tolking.

Teiknspråk og tolking var ei utruleg spennande utdanning. Eg fann fort ut at eg var veldig glad i språket, men hadde meir lyst til å bruke det i ein pedagogisk samanheng, framfor å drive med tolking. Før eg visste ordet av det hadde eg fått meg jobb som teiknspråklærar på ein barneskule, og der blei eg verande. Eg stortreivst, men etter å ha jobba i fire-fem år, begynte det å krible i studentfingrane igjen. Kanskje tida var inne for å prøve noko nytt? Eg sette meg ved datamaskina og scrolla gjennom alternativa, og der lyste det mot meg, svart på kvitt: Skolebibliotekkunnskap.

Som barn var eg det ein på godt norsk kallar ein lesehest. Det var ikkje reint sjeldant eg sovna om kvelden med ei bok liggjande på magen, og leselampen framleis på. På barneskulen hadde klassen min ein gong eit leseprosjekt der målet var å lese flest mogleg bøker i løpet av ein viss periode. Eg kan framleis hugse at eg gjekk rundt og proklamerte til alle som viste eit hint av interesse: «Veit du kva? Eg leste 52 bøker frå jul til påske!» (Kledeleg sjenanse var ikkje mi sterkaste side.) Leseinteressa tok eg med meg vidare inn i ungdomsåra, og eg oppdaga biblioteket for alvor då eg begynte på ungdomsskulen. Då fekk me lov til å låne bøker i det splitter nye folkebiblioteket i fleirbrukshallen, rett ved sidan av skulen. Lånekortet mitt fekk køyrd seg, og det gjekk stort sett i Varg Veum-bøkene og den nyaste utgåva av Bonytt. Etter tre år var eg nesten på fornamn med bibliotekaren (han blanda meg alltid med tremenningane mine).

Lenkje til det nemnde biblioteket, der eg fekk opna auga for krim; Tysnes folkebibliotek.

Sjølv om vaksenlivet no har innhenta meg, og eg ikkje har like mykje tid som før til å fordjupe meg all den litteraturen eg ynskjer, er eg framleis veldig glad i bøker. Kombinert med dette finst det ein annan tungtvegande grunn til at hadde lyst til å studere skolebibliotekkunnskap: Eg er nemleg over snittet interessert i organisering og sortering. Som student hadde eg deltidsjobb som bibliotekvakt på høgskulebiblioteket, der eg tok meg av utlån og innleveringar. Noko av det beste var å setje innleverte bøker på plass i hyllene; lese av nummeret nedst på bokryggen og gå langs hylleradene til eg fann akkurat det tomrommet der boka høyrde heime. (I lys av det eg har lærd dei siste vekene, vil eg no seie at ei bok høyrer heime i hendene på den rette lesaren, men det får så vere.) Orden og system, organisering og sortering.

No når eg har starta på dette studiet, har det jo gått opp for meg at å vere ein bibliotekar er så mykje meir enn berre å halde orden i bøker. Det vil seie, eg har jo vore klar over det, men eg har hatt nokså liten kunnskap når det kjem til den pedagogiske delen av jobben. Det er mange ting eg ser fram til å jobbe med innanfor faget, men det som peikar seg ut er arbeidet med leseglede. Eg ser fram til å lære meg korleis eg kan bidra med å utvikle interesse for lesing hos barn og unge, ei gåve som eg sjølv fekk då eg var ung. Eg har møtt elevar som ikkje synest det er så kjekt å lese, og har fått lesing litt opp i halsen, blant anna på grunn av tunge tekstar i lærebøker på skulen. Eg håpar eg får auka kompetanse på det å hjelpe desse, og treffe dei på deira nivå. Det finst ei bok for alle, det gjeld berre å finne den rette.