Tilbake på skulebenken!

Å finne fram på yrkesstien er ikkje alltid like lett. For nokre er vegen strak og målet rett fram, for andre er han meir kronglete og utan ein klar destinasjon. I løpet av tenåra endra eg meining om kva skulle utdanne meg til ørten gongar. Eg ville bli kokk, journalist, interiørarkitekt, blomsterdekoratør, elektriker, barnelege, lærar og politi. Det innramma vitnemålet på toppen av vitrineskapet fortel at eg enda opp med ein bachelor i teiknspråk og tolking.

Teiknspråk og tolking var ei utruleg spennande utdanning. Eg fann fort ut at eg var veldig glad i språket, men hadde meir lyst til å bruke det i ein pedagogisk samanheng, framfor å drive med tolking. Før eg visste ordet av det hadde eg fått meg jobb som teiknspråklærar på ein barneskule, og der blei eg verande. Eg stortreivst, men etter å ha jobba i fire-fem år, begynte det å krible i studentfingrane igjen. Kanskje tida var inne for å prøve noko nytt? Eg sette meg ved datamaskina og scrolla gjennom alternativa, og der lyste det mot meg, svart på kvitt: Skolebibliotekkunnskap.

Som barn var eg det ein på godt norsk kallar ein lesehest. Det var ikkje reint sjeldant eg sovna om kvelden med ei bok liggjande på magen, og leselampen framleis på. På barneskulen hadde klassen min ein gong eit leseprosjekt der målet var å lese flest mogleg bøker i løpet av ein viss periode. Eg kan framleis hugse at eg gjekk rundt og proklamerte til alle som viste eit hint av interesse: «Veit du kva? Eg leste 52 bøker frå jul til påske!» (Kledeleg sjenanse var ikkje mi sterkaste side.) Leseinteressa tok eg med meg vidare inn i ungdomsåra, og eg oppdaga biblioteket for alvor då eg begynte på ungdomsskulen. Då fekk me lov til å låne bøker i det splitter nye folkebiblioteket i fleirbrukshallen, rett ved sidan av skulen. Lånekortet mitt fekk køyrd seg, og det gjekk stort sett i Varg Veum-bøkene og den nyaste utgåva av Bonytt. Etter tre år var eg nesten på fornamn med bibliotekaren (han blanda meg alltid med tremenningane mine).

Lenkje til det nemnde biblioteket, der eg fekk opna auga for krim; Tysnes folkebibliotek.

Sjølv om vaksenlivet no har innhenta meg, og eg ikkje har like mykje tid som før til å fordjupe meg all den litteraturen eg ynskjer, er eg framleis veldig glad i bøker. Kombinert med dette finst det ein annan tungtvegande grunn til at hadde lyst til å studere skolebibliotekkunnskap: Eg er nemleg over snittet interessert i organisering og sortering. Som student hadde eg deltidsjobb som bibliotekvakt på høgskulebiblioteket, der eg tok meg av utlån og innleveringar. Noko av det beste var å setje innleverte bøker på plass i hyllene; lese av nummeret nedst på bokryggen og gå langs hylleradene til eg fann akkurat det tomrommet der boka høyrde heime. (I lys av det eg har lærd dei siste vekene, vil eg no seie at ei bok høyrer heime i hendene på den rette lesaren, men det får så vere.) Orden og system, organisering og sortering.

No når eg har starta på dette studiet, har det jo gått opp for meg at å vere ein bibliotekar er så mykje meir enn berre å halde orden i bøker. Det vil seie, eg har jo vore klar over det, men eg har hatt nokså liten kunnskap når det kjem til den pedagogiske delen av jobben. Det er mange ting eg ser fram til å jobbe med innanfor faget, men det som peikar seg ut er arbeidet med leseglede. Eg ser fram til å lære meg korleis eg kan bidra med å utvikle interesse for lesing hos barn og unge, ei gåve som eg sjølv fekk då eg var ung. Eg har møtt elevar som ikkje synest det er så kjekt å lese, og har fått lesing litt opp i halsen, blant anna på grunn av tunge tekstar i lærebøker på skulen. Eg håpar eg får auka kompetanse på det å hjelpe desse, og treffe dei på deira nivå. Det finst ei bok for alle, det gjeld berre å finne den rette.