Kvifor skolebibliotekar?

Eg elskar kunnskap. Det er noko av det mest fundamentale eg kan seie om meg sjølv. Eg lev av å lære nye ting, og byggje vidare på det eg kan frå før. Eg kan bruke timevis på datamaskina mi, eller langs hyllane i fagseksjonen på biblioteket mitt, om eit enkelt tema eg interesserer meg for her og no. Eg hugsar ikkje kva eg las i det eg er ferdig, men det spelar eigentleg ingen rolle. Noko ligg latent i hjernen, og det ventar så tolmodig på rett tid. Tida for å hente informasjonen på nytt. Eg kan ikkje noko, men eg er veldig flink til å finne ut av det til riktig tid.

Bilete: erdem dindar, henta frå – Pixabay

Heilt sidan eg var ung har eg prestert godt i skulen. Eg har vorte nytta som hjelpelærar fleire gonger enn eg kan hugse, mens eg sjølv aldri har hatt behov for hjelp sjølv. Eg hjalp ofte medelevane mine å lære matematikk. Det var særs vanskeleg for dei, men eg tok det på ein, to, tre. Det at eg klarte så mykje av det faglege gav meg status i klassen som ein ressurs. Dei andre ynskja gjerne å ha meg på lag for å få gode karakterar i det akademiske, men det var så langt det gjekk. I friminutta satt eg gjerne åleine på ein benk ved vindauge med ei bok i handa. Eg las frå timen var ferdig til timen byrja. Bøkene var gode vener. Eg visste dei ikkje ville forlate meg eller la meg åleine. Det var godt. Samstundes visste eg òg at eg ville dele kunnskapen med nokon andre enn meg sjølv.

Eg hadde ein aspirasjon om å vere lærar når eg vart stor. Då kunne eg kome på jobb kvar dag og undervise born om den spennande verda vi lev i. Eg ville utforske verda i samråd med ein gjeng nysgjerrige individ og skape lyst og glede for oppdaging. Oppdage, ikkje berre ein, men mang ein verd og utforske kvar einskild ein med iver og engasjement. Ikkje nok med at eg skulle bli lærar, eg ynskja å arbeide med elevar som ikkje fekk nytte av den ordinære undervisninga. Spesialpedagog skulle eg bli. Eg las, og eg las. Snart hadde eg ete all informasjon eg fann frå nettet om tematikken, og kunne seie alle moglege studiestader med tilbod i spesialpedagogikk på rams. Emneplaner, studiesamansetting og så vidare. Eg visste alt. Eg var klar. Eg elska alle aspekt ved tanken om å vere spesialpedagog. Alle unntatt ein.

Bilete: Joe, henta frå – Pixabay

Som lærar er ein bundne av eit pensum. Et klasserom er ikkje faktisk ein stad for sjølvutvikling eller utforsking. Det er så rigid. I min ideelle verd skulle eg leggje til rette for å utforske og oppdage i undervisninga, utan å forhalda meg til eit pensum, timeplanar eller testing. Eg ville vere fri, og eg ville la borna vere fri. Det var meg, men slik ein pedagog klarte eg ikkje å finne i skulen; Ikkje i nærskulane, ikkje på noko organisasjonskart  og ikkje på nettet. Krava var store i skulen. Ein kunne ikkje vere lærar og samstundes vere fri.

For nokre år sidan kom ei løysing snikande inn frå sidelinja. Mor mi byrja å studere. «Skolebibliotekkunnskap – samlingsbasert nettstudie ved UiA». Og vi diskuterte pensum og oppgåver. Eg likte yrke. Ein skulebibliotekar er litt som ein lærar, ein får opne dørar til andre stader, men der læraren må vere rigid kan skulebibliotekaren ha fleksibilitet. Skulebibliotekaren kan invitere elevane til seg og la dei vere seg sjølv. Ein kan tilpasse tida til kvar enkelt elev med noko dei vil like, ikkje bundne av læreplanar eller modning, og kvar einskild elev kan kome til bøkene og meistre dei. Teikneseriar, lettlestlitteratur, romanar, sakprosa og alt ein kan finne på, vil vere tilgjengeleg for eleven og meg sjølv.

Eit skulebibliotek er ikkje berre ein fristad, det er og ein læringsarena, men på ein annleis måte enn klasserommet. I eit skulebibliotek kan ein lære kven ein er. Ein får ro til å utforske sider ved seg sjølv ein kanskje ikkje visste eksisterte, og byggje seg opp som individ, ved hjelp av litteraturen. Kva lik eg? Kven er eg? Korleis vil eg verda skal vere? Slike spørsmål kan ein stille seg sjølv i eit trygt bibliotek, utan å tenkje at ein må vise det fram på ein PowerPoint veka etter eller i ein stil. Ein lærer, men lærdommen kan ikkje dømmes, slik ein skal i skulen. Den berre foregår. Og skulebibliotekaren leggjer til rette for det.

Bilete: J Key, henta frå – Pixabay

Slik vil eg vere. Ein tilrettelegjar, magiker, pilot, vertskap og undervisar, på ein og same tid, innom ramane som er ein skule. Eg håpar og trur eg vil lære mykje om litteratur og menneske i tida framover. Korleis dei berører og påvirker kvarandre, samt utfyller og beriker. Dessuten vil eg utvikle mi eiga identitet som fagperson gjennom studiet. Eg skal vere den aller beste pedagogen eg kan vere.

2 Comments

Filed under Uncategorized

Hvem er jeg?

God kveld, kjære leser.

Mitt navn er Saga Elisabeth Lövström og jeg er 20 år gammel. Jeg fullførte videregående opplæring våren 2021, innen studieretningen musikk, dans og drama, med spesialisering i musikk. Jeg er en kreativ sjel og elsker mennesker. Jeg er autist, som har sine fordeler og ulemper, og jeg er veldig glad i litteratur. Tegneserier og bildebøker er den foretrukne litteratur, men er glad i bøker som kan leses med både skrift og lyd samtidig, også. For tiden er hovedbeskjeftigelsen min å være student, men jeg arbeider også som ekstrahjelp på folkebiblioteket i Molde og som rengjører hos diverse organisasjoner. I tillegg til dette er jeg aktiv innen frivilligheten. Jeg er styremedlem i flere organisasjoner, representant på fylkesnivå, redaktør i et tidsskrift for barn, frivillig pedagog for både barn og pensjonister, litteraturformidler, med mer. Jeg elsker å engasjere meg i det frivillige organisasjonslandskapet, og vet ikke hva jeg skulle gjort dersom jeg ble utestengt fra å bidra.

Det var kort om meg. Jeg har sannsynligvis glemt noe interessant, og det kan være noe av dette som ikke er så spennende, men det er nå slik livet er. Så nå får du gå tilbake til dine andre gjøremål, så skriver jeg snart igjen.

Leave a Comment

Filed under Uncategorized