«Barsakh» – ei aktuell og spanande bok av Simon Stranger

Dersom du har lyst til å lesa ei bok som både er spanande, dagsaktuell og med pittelitt romanse er dette boka for deg. Ho er fyrst og fremst spanande. Barsakh handlar om flukta frå fattigdommen i Afrika og draumen om det gode liv i Europa. Ho set livet i perspektiv.

I boka møter me norske Emilie som er på ferie med familien sin på Gran Canaria. Ho er ei heilt vanleg tenåringsjente, men med spisevegring etter ein skeiv kommentar frå ein forbipasserande gut. Ho og foreldra har ein stillteiande avtale om at viss ho et litt skal dei ikkje laga bråk av det. Familien er på stranda kvar dag og kosar seg med å eta på restaurant både til lønsj og middag.

Barsakh er delt inn i to parallellhistoriar som møtest. Den andre hovudpersonen er Samuel. Han er ein ghanesar som betalar menneskesmuglarar for å koma seg ut av Afrika og inn i Europa. Far hans er vorten arbeidsufør, mor hans slit med å mata familien og Samuel har ikkje lukkast med å finna seg arbeid som kan brødfø familien hans. Det vil seia at arbeid finst, men det er så dårleg betalt at ikkje ein gong ein person kan leva av løna. Han bestemmer seg for å freista lukka i Europa.

Boka syner altså kontrastane mellom verda i Afrika og i Noreg. Og om kor vanskeleg og lett på same tid det er å hjelpa menneske i naud. Me kan lesa i avisa om at ting skjer og at menneske er i naud, men ikkje gjera noko med det før me brått får det oppi nevane våre.

Boka har bilete frå to YouTube-filmar og ein av desse filmane ligg ute enno, du kan sjå han her. Selskapet Journeyman som har produsert filmane har og ei heimeside. Bileta er illustrasjonar til innhaldet i boka og er med på å utdjupa innhaldet og gjera det meir verkeleg. Det finst menneske på flukt i dag slik som Samuel og dei andre karakterane i boka.

Det er også naudsynt å nemna forfattaren av boka, Simon Stranger. Han er ein norsk forfattar som skriv bøker både til barn og vaksne. Eg har møtt han ein gong og høyrt på han fleire gonger, han verkar å vera ein fin fyr. Det er svært lite om livet hans å finna på verdsveven, og det kan jo vera eit godt teikn – altså at det er bøkene hans som er i fokus og ikkje han.

Eg skal ikkje avsløra alt som skjer i boka, ho er drivande spanande og må lesast! Eg avsluttar med eit sitat som boka opnar med. Det er fakta henta frå organisasjonen World Socialist Web Site og Stranger siterer her Paul Mitchell.

En båt med elleve mumifiserte menn ble i mars 2006 funnet drivende utenfor den karibiske øya Barbados, etter å ha blitt ført med strømmen tvers over Atlanterhavet. Det skal opprinnelig ha vært 52 arbeidere som la ut fra Senegal med denne båten i desember i fjor, etter å ha betalt opp til 1500€ hver for reisen. I et brev skrevet av en flyktning man tror var Diao Souncar fra Senegal, står dette: «Jeg vil gjerne sende disse pengene til min familie i Bassada. Jeg beklager. Dette er slutten på mitt liv, i dette store marokkanske havet.»

4 Comments

14/10-2019 · 21:15

4 Responses to «Barsakh» – ei aktuell og spanande bok av Simon Stranger

  1. Eit bra blogginnlegg, synest eg også. Du får fram kva boka dreier seg om, seier noko interessevekkjande om personane, og også litt om strukturen. Etter mitt syn akkurat passe til å fange interessa til ungdomslesarar. Lenka til dokumentarfilmen er i høg grad relevant. Eg fekk interesse for filmen med det same, og blei sitjande og sjå utover i han. Når det gjeld forfattaren, kunne det vel vore nærliggjande å lenke til heimesida hans? Der ligg informasjon om bøkene, og han har også laga eit «intervju» med seg sjølv til bruk for skuleelevar som gjerne vil ha informasjon. Vennleg helsing Svein S.

  2. Hei Linda Mari og Kristine, tusen takk for gode tilbakemeldingar. Linda Mari, du må berre bruka bloggposten min for alt han er verdt!
    Helsing Siv

  3. Hei Siv
    Du presenterer boka «Barsakh» på en måte som gjør at man intuitivt får lyst til å lese boka. Din presentasjon belyser de to parallellhistoriene i boka godt.
    Som lærer i ungdomsskolen får jeg umiddelbart lyst til å bruke din presentasjon for å promotere boka i elevgruppen min. Du gir liv til innholdet i boka, som er skjult bak permer som kanskje ikke tiltaler alle elevene like mye.
    Du bruker både bilder og lenker som fungerer godt som «lokkemat» for leserne av bokanmeldelsen din.
    Et spørsmål avslutningsvis; Kan jeg få lov til å bruke din bok-presentasjon for elevene mine?

  4. Du grip fatt i meg allereie i overskrifta. Fordi eg vil lesa ei aktuell bok samstundes som den er spanande. Når eg les vidare gjev du meg mykje bakgrunnsstoff som kan vere med på å heve forståinga av boka når eg skal lesa den sjølv. Eller eg kan gå tilbake til bloggen når eg les eller etterpå for å få meir informasjon om båtflyktningane.

    Du gjer meg også nysgjerrig på forfattaren fordi på din personlege måte får eg sjå forfattaren gjenom dine auge.

    Grafisk sett likar eg dei små avsnitta og biletane som er plassert forskjellig i teksten. Det gjev det eit lett og spenstig uttrykk. For meg som er ein visuell person er det viktig. Eg får nemlig lyst å lesa teksten før eg veit kva den handlar om.

    Du avsluttar med sitatet som boka opnar med. Det er ein fin måte å opne boka for meg. No treng eg berre gå på biblioteket å låna den for å lesa resten. Takk Siv! No må eg gå fordi eg skal på biblioteket.

Legg att eit svar