Om fantastiske trekk, arvesynd og uriaspost i Enger si ungdomsbok Den onde arven

Dette blogg-innlegget skal ta føre seg Tomas Enger si ungdomsbok Den onde arven og drøfta fantastiske trekk i denne teksten. Eg skal prøva å drøfta både kva funksjon det fantastiske har for tematikken og korleis det fantastiske pregar forma innanfor komposisjon, forteljarmåte og språk. Eg vil visa til døme frå boka undervegs og til slutt skal eg drøfta teksten sin appell til barne- og ungdomslesaren.

 

Omslaget til boka lovar oss skumle saker. Tittelen Den onde arven er kvit med blodsprut over deler av orda og det er dystre skyer i bakgrunnen. Baksida listar opp at boka inneheld 10% fantasy + 70% thriller + 20% krim = 100% spenning. Boka kom ut i 2013 og vann Uprisen i 2014. Juryen skriv mellom anna at «Boken er original. Vi har ikke lest noe lignende. Plottet var noe helt nytt.» Eg kan skriva under på at boka var spanande og uføreseieleg. Eigentleg litt for spanande for min del.

 

Sidan denne teksten skal sjå på det fantastiske i boka Den onde arven er det dei ti prosenta med fantasy som baksida skiltar med som skal vera i fokus. Grunnen til at det blir hevda at det «berre» er ti prosent fantastiske trekk i denne boka er truleg fordi boka er sett i røyndomen eller det realistiske, og ikkje i ei eiga verd. Mellomalderen er ikkje med, sjølv om me må attende i tid for å finna svar og forstå kva som skjer og har skjedd. Her er ingen portal å snakka om, sjølv om det finst ei løynd hola med mektige krefter om ein veit korleis ein skal nytta dei. Det er ofte ein utypisk helteskikkelse i fantastisk litteratur, er det lov å kalla helten ein tapar i verda sine augo?

 

Den onde arven er det Julie som er helten. Ho er ei jenta med briller, heilt utan superkrefter, og som blir mobba, noko me kan kjenna att frå til dømes Harry Potter. Slike attkjennande trekk frå anna fantatisk litteratur er eit anna kjennemerke på fantastisk litteratur. Overskrifta mi nemner arvesynd og uriaspost, begge frå Bibelen. Uriaspost tok det meg neste heile boka før eg kjende att Uhriaskogen som utposten som Uria blir sendt til slik at Kong David kan få Batseba frå Uria. I Den onde arven er det vel ikkje kjødeleg kjærleik som gjer at familien endar opp på Woodsview utanfor allfarveg, men heller som eit forsøk på å beskytta seg sjølve både frå nyskjerrige blikk og for å halda på løyndomen både om den vonde arva som familien ber på og dei hemmelege tinga som er ein del av det.

 

Mystiske gjenstandar er og eit fantastisk trekk, og i  Den onde arven er det særleg ein magisk og mystisk penn som er viktig. Han gjev brukaren superkrefter og skapar avhengigheit og freistar innehavaren til å bruka han om igjen og om igjen. Det er eit skorpionmerke på pennen og Julie si tvillingsyster ber eit smykke med same merke, me får ikkje svar på kva det symboliserar eller står for. Det kan vera nærliggjande å trekkja inn stjerneteiknet skorpion eller berre som eit symbol og kanskje ein advarsel?

 

Kva funksjon har det fantastiske for tematikken? Innan fantasy er det ofte reiser og kampar, særleg mellom det gode og det vonde, og dette finn me og i Den onde arven. Julie legg ut på reisa til Olmandy der ho blir både klokare og meir reflektert. Fantasy har jo ofte og eit danningsaspekt ved seg, ved at helten og reiser i seg sjølv og blir eit betre menneske ved boka sin slutt. Julie reflekterer til dømes mot slutten av boka (Enger 2013: 346-347):

Jeg har tenkt mye på pappa og hva han gjorde for oss. Han lærte meg noe viktig. Han dro fordi han trodde han måtte, fordi han mente det var skjebnen hans. (…) Han trodde det var det eneste han kunne gjøre. Men det er mulig å forandre skjebnen sin. Jeg forandret min.

 

Gode hjelparar er og noko som er typisk innanfor det fantastiske. Julie har nokre få vener som ho stolar på, og i tillegg møter ho på ei eldre kvinne og to eldre menn som alle kjem med informasjon og hjelper ho vidare. Her kjem og aspektet med at ein ikkje alltid veit kven ein kan stola på inn, ved at det seinare viser seg at nokre av hjelparane har gått over til det vonde si side.

 

Korleis pregar det fantastiske forma innanfor komposisjon, forteljarmåte og språk? Det er ein ungdomsroman som er fortalt i fyrste person av Julie, hovudpersonen. Det er korte kapittel og det blir avslørt litt og litt. Språket er enkelt ungdomsspråk og Julie både tenkjer «høgt» og snakkar med seg sjølv undervegs. Med slike tankereferat får ein fram mykje meir av kva som går føre seg, og når ein i tillegg tek i bruk draumar der Julie er formor si Verna Moore og ser og opplever kva som hender med ho fell mange av puslebitane på plass.

 

Kva er teksten sin appell til barne- og ungdomslesaren? Hovudpersonen Julie på 16 år som ikkje er særleg kul eller modig er ei jenta som barne og helst ungdomslesaren kan identifisera seg med. Det at Julie lukkast i kampane sine og finn løysingar når det verkast å ikkje finnast nokon gjev lesaren håp og styrke, og når ho kjempar mot vaksne menn.

 

Boka har som mange andre fantastiske bøker vanskelege tema, til dømes bur Julie saman med ein bestefar som tilsynelatande ikkje bryr seg så mykje om ho, og har ei psykisk sjuk mor som bur på ein sjukeheim. Far hennar er sporlaust vekke, og erklært død. Når bestefaren døyr endar Julie opp med ei verge og kjem i midlertidig fosterheim. Ein kan diskutera om dette kjem innunder ein appell til lesaren, men det set i allefall sakene på dagsordenen og gjev ein mogelegheit til å snakka om slike opplevingar.

 

Boka er kjempespanande og ein vert riven med frå fyrste side. Born og ungdom i dag er vane med å sjå mykje på skjerm og ventar at ei bok skal dra deg inn i eit anna univers like fort, det meinar eg nettopp Enger og Den onde arven lukkast med.

 

 

 

3 Comments

17/03-2020 · 18:45

3 Responses to Om fantastiske trekk, arvesynd og uriaspost i Enger si ungdomsbok Den onde arven

  1. Oddbjørn Johannessen

    Det er mykje bra i dette innlegget ditt. Flott at du bruker ein del plass på å analysere omslaget, som jo inneheld sentrale frampeik – og som dermed òg har ein viktig motivasjonsfunksjon.
    Sjølv om dette er ei relativt kompleks forteljing, som hentar inspirasjon frå ulike litterære tradisjonar, greier du å konsentrere analysen om dei fantastiske innslaga. Du har eit godt blikk både for intertekstuelle referansar (t.d. «uriaspost») og for dei magiske elementa, som jo er «tradisjonelle» verkemiddel i den fantastiske tradisjonen heilt tilbake til undereventyra.
    Kanskje kunne på ha skrive litt meir om kva for appell ein kan tenkje seg at denne boka kan ha i møte med den aktuelle lesargruppa?

  2. Hei, Siv!
    Eg likte godt blogginnlegget ditt. Her var det mange gode poeng! Du får tydeleg fram mange fantastiske trekk, og tek også fram kva som er vanleg i fantasy, men som ein ikkje finn i denne boka. Kampen mellom det gode og det vonde er jo ekstra sentralt i denne boka, og også knytta til denne magiske pennen. Eller kanskje ein skal seie forholdet mellom det gode og det vonde? Kanskje det hadde vore aktuelt å seie noko meir om det? Men ja, ein kan ikkje få med alt heller i ei slik oppgåve. Eg tykkjer du har fått med mykje!

    Eg likte godt det andre avsnittet, der du ser på omslaget, saman med omtale frå Uprisen. Eg tykkjer det fungerer godt at du ser på heilskapen først, før du går i detaljar.

    Veldig interessant med referansen frå Bibelen! Eg har ikkje kjennskap til kva Uriaspost eigentleg er, så dette skulle eg likt å høyre meir om. Eg tenker at du gjerne kunne ha brukt heile det avnittet berre til Uriaspost-referansen, og at samanlikninga mellom Julie og Harry Potter kunne ha kome i eit anna avsnitt.

    Gode poeng når du skriv om teksten sin appell til unge lesarar.

    Og så er eg heilt einig i at det er kjempespennande bok! Eg valde vekk to TV-kveldar til fordel for denne 🙂

  3. Fin start på innlegget, hvor du forteller kort hva det handler om. Deretter går du direkte over og vurderer bokens omslag, som betyr mer enn vi aner når barn og unge skal velge bøker. Liker godt at du tar for deg ett og ett sjangertrekk som du finner igjen i boken. Du tar for deg kort om handlingen og tematikken i boka, greit fortalt. Fint at du sier noe om språket, at ungdommer lett kan leve seg inn i situasjonen til karakterene. Enig med deg at det blir tatt opp et vanskelig tema i boken, men at det blir formidlet tilpasset aldergruppen. Et oversiktlig og fint svar på oppgaven.

Legg att eit svar