Rettleid lesing og sosial utjamning

Når born kjem på skulen i 1. klasse, skal dei mellom anna læra å lesa. Ein metode læraren kan bruke, er rettleid lesing. Det er på mange sett ein god metode eg tenkjer vil fungere bra for å setje læringa i system, som kjem elevane til gangs. Eit punkt Grethe Klæboe og Dagrun Kibsgaard Sjøhelle setjer strek under, er foreldra si viktige rolle i rettleid skriving. Dei skriv:

«Utan engasjement og og dagleg oppfølgjing frå foreldra er det vanskeleg å gjennomføre lesing og skriving frå skulestart.» ( Klæboe & Sjøhelle, 2013, s. 68)

Mange born har foreldre som er ivrige og støttande, men kva med dei få som ikkje har det?

Det finst born med foreldre som ikkje er i like god stand til å teke vare på seg og sine born. No skal ikkje eg gå inn på omsorgssvikt, og skulen si rolle når det kjem til barnevern. La oss berre konstatere at slike born finst i skulen, og dei må vi forhalde oss til. Ved å leggje stor vekt på foreldra i barna si læring, vil det ikkje skape enda større skilnad mellom borna med og utan ressurssterke foreldre? Når skulen manar til støtte frå foreldra, vil det vere eit overgrep, om skulen ikkje gjer noko aktivt, for å gjere opp for den støtta nokre elevar ikkje har.

Kva kan skulen gjere? Aller fyrst må skulen raskt få i hende dei elevane som treng ekstra støtte. Det nyttjer ikkje å setje i gang tiltak når alle dei andre elevane allereie har lært seg å lesa. Så spør eg: kan skulen setje i gang et prosjekt, der elevane som treng det, får ein fast leseven, for å gjere opp for manglande innsats frå foreldra? Om det kjem ein trygg person inn for å lese med ein elev nokre gonger i veka, vil eleven få tid til å gjere leselekse med støtte. Dei vil ha nokon å prate med om teksten, og nokon til å hjelpe med vanskelege ord og uttrykk. Til døme kan det vere lærarstudentar, pensjonistar frå nærområdet, fadrane frå skulen eller andre menneske som vil vere til hjelp. Om hjelpa opplevast som fast, trygg og nær, vil det kunne gjere stor skilnad, for dei som treng det. Og det er mange ildsjeler i dette landet som har evne og iver til å hjelpe, det gjer godt for dei også.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nokre born har ei tung bør å bere. Skulen må ikkje gjere ho tyngre enn ho må vere. Han skal jamne ut sosiale skilnader, ikkje auke dei. Det har vore målet i mange tiår, OECD si undrsøkjing viser at det norske systemet i høg grad fremjar likeverd, men at ein i den norske skulen manglar konkrete strategiar for å minske skeivskap. Eg seier ikkje at ein leseven er ei seker løysing på utfordringa, men ein tanke som er verdt å granske nøyare. Skulen må tenkje nytt og annleis, for hjelpe dei elevane som treng det, når dei treng det.