Ei munnleg forteljing om korleis sola og månen vert til

Solkvinna og Månemannen

I praksis på tredjetrinn treffer ein elevar som er takksame for få høyre ei munnleg forteljing. Ved fleire tilfelle fortalte eg eit eventyr eller ei myte frå minnet, og medan eg fortalte satt dei alle stille som mus. Til og med dei barna som til vanleg ikkje finn det så enkelt å verken sittje stille eller følgje med på undervisninga, satt med store auge og open munn medan eg fortalde. Det var magisk å sjå.

Over to økter fotalde eg ei myte, som elevane fekk arbeide med sidan. Den fyrste økta starta eg timen med å fortelje om aboriginare, urbefolkninga i Australia. Eg synte filmar av dansane deira, bilete av kunsten og hadde med ein didgeridoo for å fengje elevane og gi dei innsyn i korleis aboriginarane sin kultur er. Så fortalde eg ei myte om korleis dei trur at sola og månen verte til. Elevane var engansjerte og nysgjerrige. Motivet ved å velje ei myte frå den Aboriginske kulturen, var at eg sjølv har budd i Australia og har eit forhold til kuturen. Når eg har eit personleg engasjement, smitter det over på elevane. Samstundes er det spanande for dei å høyre noko anna enn eit eventyr frå den norske kulturarven.

Som kunstentusisast ville eg at elevane skulle arbeide med inntrykka deira ved å uttrykkje seg gjennom kunst. Då var det eit naturleg val å la dei verte inspirert av aboriginsk kunst. Dei skulle ape etter deira teknikk ved å male med prikkar med fyrstikk, i staden for strekar med pensel. Dette fenga godt! Det å møte noko annleis og å sprengje grensa for det vanlege, gjer mykkje for motivasjonen og engasjementet. Alle arbeidde, og alle fekk eit produkt dei var stolt av.

Her er nokre av elevarbeida:

 

For å inkludere skriving i timen ville eg at elevane skulle gjere ei kameratvurdering av kvarandres produkt, opp mot tre kriterie dei hadde fått. Dei skulle fylle ut eit skjema med to positive trekk, og ein ting som ein kunne ha gjort anneleis. Eg verte overaska over kor mange som fekk godt til å vere konkret og fagleg i sine tilbakemeldingar, tross i at dei ikkje har arbeidd noko med vurdering for læring før. Det var eit par gutar som ikkje mestra det heilt, og skreiv lite vennlege tilbakemeldinger. Ein klarte vi å snu, og han vart veldig stolt over endringane sine. Å bruke eit skjema som to stjerner og eit ynskje, er ein god måte å øve opp elevane sine evne til å vere sakleg og å grunngje sine meiningar, samstundes som det set fokus på kva dei har lært.

Til sist ynskte eg at elevane skulle stille ut arbeide deira, saman med andre ting dei hadde laga gjennom praksisperioden. Derfor hadde vi ei kunstutstilling siste dag i praksis. Dette gjer elvane ei kjensle av meistring og eit eigeforhold til sitt produkt.

Det at elevane starta økta med ei felles oppleving som fenga, og som endte opp med atten flotte og ulike resultat er eit godt teikn på at dei har alle ulike inntrykk, men sitt igjen med noko av den same opplevinga. Munnleg forteljing er absolutt noko eg vil fortsetje med i mitt arbeid som norsklærar.