Har du gløymd alt som var betre før?

Soleis lyder dei mjuke orda til Erlend Ropstad i han sin song: «Maria.» Orda, og dei tunge tonane, smyg seg rundt nakken og kyssar deg på halsen, før dei treffer øyra dine med ei så stor kraft at du ikkje gløymer dei med det same.

Etter fleire magiske stunder med Ropstad sin musikk, er det vanskeleg å leggja han heilt vekk, i møte med Ropstad sjøl, som ein av hovudkarakterane i filmatiseringa av «Himmelen bak huset.» Kan hende det er ein av filmatiseringa sine baksider? I møte med det visuelle, får sjåaren fleire assosiasjonar, enn ved ei bok? Eller kan det hende det berre er eg som er hugteken?

For kva kan vere vanskeleg når ein skal filmatisere biletboka «Himmelen bak huset»? Jo, til dømes å få fram boka sitt lyriske vesen. Det har filmskaparen, Steffen Strandberg, løyst ved å ha få replikkar, og å late billeta tale for seg sjølve. Som ei god forteljing: filmen syner oss, meir enn han fortel med ord. Filmen, som er eit multimodalt medium, bruker også musikk som skapar stemning og vekkjer kjenslene våre. Stundom er musikken på grensa til å verke litt for tydeleg og manipulerande, men i alt eit godt trekk for å gjenskape den lyriske og langdregne stemninga frå boka.

 

Bilete frå filmen "Himmelen bak huset"Symbolikken i filmen er annleis på fleire vis, enn den er i boka. Den raude farga er nedtona, og vi får eit rikare spekter av symbol å tolke i filmen. Det skjer sjølvsagt automatisk for sjølve filmen er filma i eit fargeformat, og ikkje sort-kvitt. Boka viser kun sort, kvit og raudt, som er effektivt, men litt klisjé. I filmen finn ein fleire spekter av symbolske fargar som gult, kvitt og bruk av lys, som kan symbolisere håp og ein ny start. Han er ikkje like dyster som boka, og det er større kontrast mellom det skumle og det vonfulle. I scena der mor grip om guten sin i skogen, og far er ein tilskuar, tar guten farvel med mora. Sjølv om navlestrengen til mor si er kutta, vil båndet mellom dei alltid vere der. Ved hjelp av blikk med sin far, ser vi at båndet mellom far og son er i ferd med å bli knytte sterkare. Kroppsspråk, som har stor kapasitet til å formidle, finn vi ikkje i ei bok i særleg høg grad.

Bilete henta frå filmen: "Himmelen bak huset"

Og, ja, eg gret, på universitetet, i seminartimen, når vi så denne scena.

Til slut vil eg peike på at boka har fleire opne rom, og lar lesaren få leggje si eiga meining i boka, meir enn i filmen. Filmen er tydeleg i kva den formidler, nemlig filmskaparen si tolking av boka. Det kan både vere negativt og positivt. På meg verker det slik at filmen ruggar hardt ved mine kjensle. Eg har sjølv ei mor som har fått ein dødsdom ikkje langt fram i tid. At døden har en så stor plass i mitt hovud no, kan på den eine sida gjere meg for følsom og kjenslefull for temaet, til å sjå klart på det. På ei anna side er døden noko allment som dei fleiste har erfaring med, og filmen kan soleis verke terapeutisk. Det gjer vondt å sjå filmen, og eg kan kjenne sorgen til guten som har mista mor si. For i tap av si mor blir ein alle som eit barn igjen.

Henta frå filmen: "Himmelen bak huset"

Men eg kan også relatere til guten sin far, som trass i si vonløyse og sorg, må halde motet oppe for sin son. Det er tungt, men han blir sjøl haldt oppe i dette prosjektet. Han skrattar til og med når dei knyt tråden rundt tåa. Desse kjensla og assosiasjonane klarer ikkje boka å vekkje like sterkt i meg, som filmen gjer. Filmen kjem nærare, på godt og ondt.

Boka er bra, og filmatiseringa er bra. Men for at ein skal klare å lage ei god filmatisering, kan ein ikkje ha som mål å lage ho så lik boka som mogleg. Det er to medium i slekt med kvarandre, med forskjellege kvalitetar, og som treng ulike kunstneriske omsyn. Derfor, alt var ikkje naudsynleg betre før, berre annleis. Og i det ligg håpet om at alt vil bli bra til sist, trass i tap og sakn. Kan hende det er ei meining bak det heile.

Ein skule utan skjønnlitteratur

Eg kan ramse side opp og side ned, nei… skjermbilete opp og skjermbilete ned, om korfor vi treng skjønnlitteratur i skulen. Men, for å verkeleg fatte kva skjønnlitteratur betyr for skulekvardagen, la oss gjere eit tankeeksperiment: korleis ville skulekvardagen fortone seg utan skjønnlitteratur?

«Eg er ferdig, kva skal eg gjere no?», spør vesle Frida. Læraren sjår seg om i klasserommet. Kun ein eller to er ferdige med oppgåva, og ho har ikkje noko ekstra materiale! Utan ei hyllebok å ty til, ber ho Frida teikne noko. Samstundes ser ho hylla hennar flyte over av teikningar, og læraren kjenner ei bølgje av dårleg samvete skylje over ho. «At eg aldri får gitt ungane ei riktig teikneoppgåve, med mål og meining!» sukkar læraren.

I neste time er det norsk. Elevane skal skrive ei forteljing. Læraren har fortalt gong på gong at ei forteljing skal ha innleiing, mellomdel med høgdepunkt og ei avslutting. Det skal vere ein hovudkarakter, eit problem og ei utvikling. Men ho fattar ikkje kvifor dei berre skriv faktaopplysningar om fuglar, bilar, folk og fe? Ho skulle så gjerne ønskje at ho kunne vise til noko anna enn faglitteratur for at dei skal forstå korleis ei god forteljing skal vere.

Lise underviser i femte klasse. Og endeleg har alle elevane knekt lesekoden! Det må ha vore noko heilt spesielt med ungane frå tida når ho sjølv gjekk på skule. Då kunne dei fleste lese allereie etter første klasse. Merkeleg, tenkjer ho, og set på atter ein film for ungane.

Når skuledagen er over og ho seier farvel, minner ho elevane på leksa til i morgon: «Hugs å les i boka Kven-Kva-Kor, 2013 Ho høyrer stønn og sukk spreie seg i rommet. Det er ikkje mange som liker å lese, tenkjer ho. Vi får kutte ned på det i neste veke.

Ein veit ikkje kva ein har før ein mistar det, er det noko som heiter. Eg håpar verkeleg eg aldri treng å kjenne på korleis det er å vere lærar utan å late elevane mine få flykte inn i ei verd av fantasi og spenning. Kva skal elevane gjere for å få til det? Lese ein fagtekst eller spele eit dataspel? Ein kunne kanskje fått ungar som var makelause til å diskutere munnleg, for ikkje å snakke om deira evne til å lese og skape multimodale tekstar. Men evna til fantasi og fabulering, ville vore kraftig understimulert. Spør du meg, er fantasien sjølve kronjuvelen i eit barn sitt liv. Det legg grunnlag for skaping, og må takast vare på, som den skatten den er.

Treng du meir motivasjon?