Historiebruk og Mødrene på Plaza de Mayo

I førre innlegg skreiv eg om utviklinga av historiedidaktikken og gjennombrotet for omgrepa historiekultur, historiemedvit og historiebruk blei nemnt. I dette innlegget vil eg ta omgrepet historiebruk nærare i augesyn. Professor i historie, Ola Svein Stugu har skrive den korte og opplysande boka Historie i bruk, og skildrar kva han legg i omgrepet historiebruk:

«I dette perspektivet er det ikkje fortida i seg sjølv som blir viktig, men tolkingane av fortida og funksjonane ho kan ha i samtida. Dei er ikkje eintydige, historia er som eit steinbrot der kvar og ein går inn og finn seg argument, har tyske Thomas E. Fischer sagt. Historia kan brukast både som reiskap til auka sjølvmedvit og stoltheit for dei svake og som legitimering for undertrykking og overgrep frå dei sterke. Historia har eit fleirtydig potensial, og det er bruken som avgjer kva potensiale som skal realiserast.» (Stugu 2008: 11)

Stugu peikar her på det fleirtydige potensialet som ligg i historie. Det kan nyttast av vidt forskjellige grupper som siktar mot vidt forskjellige mål. Desse gruppene kan gå inn i og gi historia funksjonar i ei rekke ulike sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske samanhengar. I eit historiebruksperspektiv er målet å undersøkje dei samanhengane som historia blir nytta i og kva rolle historiske framstillingar får. I kva grad den historiske framstillinga er objektiv eller ikkje, er av liten interesse i ein studie av historiebruk.

Kampen om fortida: Historia sitt politiske potensial

I autoritære og diktatoriske statar, både til høgre og venstre på den politiske aksen, har historie vore eit viktig reiskap for å halde på makta i samfunnet. Autoritære regime held gjerne fast på ein versjon av historia, der det sittande regimet blir framstilt som patriotar og heltar som historisk har redda nasjonen frå eksterne og interne fiendar. I det tidligare Sovjetunionen var det til dømes kommunistpartiet som redda Russland og Aust-Europa frå den nazistiske invasjonen, mens det i Latin-Amerika ofte var hæren som blei framstilt som heltane som redda landa frå kommunismen. I tilfelle der opposisjonelle grupper utfordrar regimet sin makt, vil regimet kunne mobilisere slike historiske framstillingar og sette opposisjonen i samband med nasjonen sine historiske fiendar. Under desse regima handla dermed det å halde kontroll over historia også om å halde kontroll over samfunnet.

Frå 1980-talet har desse regionane vore prega av radikale endringar i deira politiske system. På 1980-talet falt gradvis dei Latin-Amerikanske diktatura saman, og på byrjinga av 1990-talet falt det sovjetiske imperiet i grus. Både i Latin-Amerika og i Aust-Europa har perioden frå slutten av 1980-talet og framover vore prega av demokratisering. Ein del av denne demokratiseringa har dermed også handla om å utfordre tidligare einsidige historiske framstillingar og å skape nye historier som kan erstatte dei gamle. Demokratiseringsprosessen har altså også handla om å demokratisere historia, ved at ulike samfunnsaktørar kan få utforme sine historier. Eit samfunn med eit mangfald av ulike historiske framstillingar kan medverke til eit mangfald av stemmer i det offentlege ordskiftet.

Eit interessant tilfelle som illustrerer korleis historie og bruk av historie er viktig i demokratiseringsprosessar er den argentinske rørsla Madres de Plaza de Mayo (Mødrene på Plaza de Mayo). I resten av dette innlegget vil eg sjå nærare på denne sosiale rørsla og korleis deira bruk av historie inngår både ein kamp om den argentinske historia og ein kamp om utviklinga i det argentinske samfunnet.

Mødrene på La Plaza de Mayo

Bakgrunnen for mødrene på La Plaza de Mayo er den argentinske militærjuntaen og den statlege terroren mellom 1976 til 1983. Perioden blir kalla for «den skitne krigen» og viser til styresmaktene sin jakt på venstreradikale og opposisjonelle. Ved bruk av tryggleiksstyrkar blei personar som var mistenkt for å være tilknytt geriljagrupper i Argentina, bortført, torturert og i mange tilfelle drepne. Desse personane blei bortført utan noko formell sikting og heldt fanga av styrker som ikkje var underlagt det formelle politisystemet. For pårørande av desse personane var det dermed umogeleg å vite om deira kjære framleis var i live og kor dei eventuelt var haldne fanga.

Biletet viser mødrene under ein demonstrasjon på Plaza de Mayo i 1982. Hentet frå Archivo Hasenberg-Quaretti, via Wikimedia Commons.

Etter kvart som talet på forsvunne auka, byrja pårørande å leite etter sine kjære. 30. april 1977 samla ei lita gruppe med mødre til forsvunne personar seg på torget Plaza de Mayo, som ligg framfor presidentpalasset i Buenos Aires. Mødrene sitt krav var at regjeringa måtte sette dei bortførte fri. Den vesle gruppa med mødre blei etter kort tid til fleire tusen, som kvar torsdag protestere mot dei ulovlige bortføringane. Mødrene blei den første sosiale rørsla som opent konfronterte det militære regimet i Argentina. Den symbolske tydinga av at det var mødre som gjennomførte protestane i kombinasjon med deira ikkjevaldelege aksjonsform, førte til at rørsla fekk internasjonal merksemd (Hernandez 2002: 397-398).

Det argentinske militærdiktaturet falt saman i 1983 og bortføringane stoppa dermed opp. Talet på forsvunne under den «skitne krigen» varierer frå rundt 9000 til 30000 personar og det er framleis mange etterlatne som aldri har fått noko svar på kva som faktisk skjedde med sine kjære. Då mange personar framleis var sakna då militærdiktaturet falt saman, haldt mødrene på Plaza de Mayo fram med sine protestar, med krav om å få vite kva som var skjedd med sine barn. Kvar torsdag sidan byrjinga i 1977 har mødrene møttes på Plaza de Mayo med krav om svar.

Biletet av demonstrasjon ved Plaza de Mayo, den 16.07.2015. I bakgrunnen kan ein sjå det argentinske presidentpalasset. Fotograf: Vidar Fagerheim Kalsås.

I dagens Argentina er mødrene sine kontinuerlege protestar med på å forme historia om det argentinske militærdiktaturet, ved å vidareføre minnet om regimet sine ugjerningar og brot på menneskerettane. Mødrene er dermed delaktige i det som kan skildrast som kampen om fortida. Men kampen handlar ikkje berre om det som har skjedd. Mødrene sin kamp handlar også det samtidige samfunnet og muligheitene for endring. Ved å ta i bruk historia om dei bortførte under diktaturet, krev mødrene sosial rettferd i dagens Argentina. Mødrene sin kamp er altså først og fremst ein kamp for eit samfunn der sosial rettferd og menneskerettar står i sentrum.

Biletet av mødrene under ein demonstrasjon ved Plaza de Mayo, den 16.07.2015. Fotograf: Vidar Fagerheim Kalsås.

Biletet over viser mødrene under ein fast torsdagsdemonstrasjon i 2015. På banneret står det «framtida er vår», og dette illustrerer korleis mødrene av Plaza de Mayo sin bruk av historie er retta mot politisk handling i samtida og med mål om å forme framtida. Rørsla har klare visjonar for ei framtid der det argentinske samfunnet sett sosial rettferd og menneskerettar i sentrum. Denne visjonen kan forstås på bakgrunn av historia om militærdiktaturet, ei historie som viser konsekvensane av eit samfunn der menneskerettane er underordna staten sin valdelege maktutøving.  Kampen om fortida er altså ein kamp som skjer i ei samtida, med mål om å forme framtida.

Dette døme frå Argentina illustrerer viktige aspekt med det innleiande sitatet av Ola Svein Stugu. Under militærjuntaen blei historia nytta av «dei sterke» som ei legitimering for undertrykking, mens mødrene på Plaza de Mayo har nytta historia for at «dei svake» skal få auka sjølvmedvit og eit utgangspunkt for å endre samfunnet. Som Stugu peikar på, så er det bruken av historia er avgjerande for kva potensial i historia som skal realiserast. Omgrepet historiebruk gir oss eit perspektiv til å studere dei prosessane og hendingane der historia blir tatt i bruk av ulike grupper for å verke inn i samtida og dermed forme framtida.

Litteratur:

Abreu Hernandez, V. M. (2002). The Mothers of La Plaza de Mayo: A Peace Movement. Peace & Change, 2002, Vol.27(3).

Stugu, O. S. (2008). Historie i bruk, Oslo; Samlaget.