Kva er historiedidaktikk?

Mitt avhandlingsarbeid er innan faget historiedidaktikk. Det vil sei at prosjektet sine spørsmål og problemstillingar er utarbeida med utgangspunkt i perspektiv og teoriar frå denne fagtradisjonen. Men det inneberer også at prosjektet skal skape ny historiedidaktisk kunnskap og medverke til ei utvikling av forskingsfeltet. For å forstå kvifor dette forskingsprosjektet skal studere noko som kan framstår som eit snevert avgrensa felt, undervisningsmaterial om rom og romanifolket, er det naudsynt å sette prosjektet inn i ein historiedidaktisk forskingstradisjon. Dette blogginnlegget vil derfor stille spørsmålet; kva er historiedidaktikk?

Å definere eit fag

Ordet didaktikk stammer blant anna frå det greske ordet didáskein og har i Skandinavia blitt eit sentralt omgrep knytt til skule og undervisning, der det ofte har blitt forstått som undervisningslære. Didaktikken har gjerne vore knytt til tre grunnspørsmål i undervisninga; kva, korleis og kvifor (Imsen 1999: 30-32). Med ein slik tolking av didaktikken, skulle ein kunne tenkje seg at historiedidaktikk handlar om undervisningslære innan skulefaget historie. Kunnskap om ulike sider ved historieundervisning er riktig nok ein viktig del av historiedidaktikken, men eit raskt blikk på dei emna og problemstillingane som historiedidaktikkarar forskar på, vil vise at dette er ei for snever skildring av faget.  Den dekker blant anna ikkje inn mangfaldet av historiedidaktiske studieobjekt utanfor skulesamanheng, som filmar, minnesmerker og skjønnlitteratur. Og den dekker ikkje inn faget sine perspektiv, omgrep og teoriar, som blir nytta for å fortolke desse studieobjekta.

Historiedidaktikken handlar altså om meir enn historieundervisning, og spørsmålet er korleis ein kan skildre faget på ein måte som fangar inn både studieobjekt og tilnærmingar. Samstundes må ein ta høgde for at vitskapsfag endrar seg over tid: Interessa blir retta mot nye fenomen og det blir utvikla nye tilnærmingar til å forstå desse fenomena. Ein måte å skildre faget historiedidaktikk på, er dermed å sjå nærare på korleis dette faget har utvikla seg; kva fenomen har ein ønska å forstå og kva tilnærmingar har ein nytta for å skape kunnskap om desse fenomena? Gjennom eit overblikk over faget sin utviklingshistorie kan vi altså nærme oss spørsmålet om kva fag historiedidaktikken eigentleg er.

Historiedidaktikken før og nå

I Noreg vaks historiedidaktikken fram i nært samband med lærarutdanningane på 1970-talet. Faget var i byrjinga tenkt som ei samanbinding mellom historiefaget og pedagogikken, der utfordringa var å finne gode metodar for å formidle historievitskaplege kunnskapar til elevar i skulen. Historiedidaktikken var i perioden prega av det som har blitt skildra som nedsigsmodellen: Den historiske kunnskapen skulle stamme frå historievitskapen og så «drype» nedover i samfunnet. God formidling handla dermed om å skape framstillingar som låg nært opp mot den kunnskapen som historiefaget produserte (Karlsson 2009: 193-194).

Den nordiske konferansen om historiedidaktikk var eit viktig forum for utviklinga av historiedidaktikken som eit forskingsfelt. Den første konferansen blei avholdt i Kungälv i 1982.

 


Dei siste 20-åra har historiedidaktikken derimot utvikla seg til å bli eit meir sjølvstendig forskingsfelt og eit viktig aspekt i dette har vore utviklinga av nye perspektiv og tilnærmingar. Det har vore ei utvikling der ein har gått frå å spørje om kva som er god formidling, sett opp mot kunnskapsideal definert av historiefaget, til å spørje om kva som er formålet med historieformidlinga. Innan historiedidaktikken byrja ein å studere historiske framstillingar som utrykk for ulike sosiale og kulturelle prosessar i samfunnet.

I samband med nye perspektiv på historieformidling, blei det også naudsynt å utarbeide nye omgrep for å utforske dette. Særskilt har omgrepa historiekultur, historiemedvit og historiebruk blitt sentrale. Historiekultur viser til korleis historie er ein del av ei rekke kulturelle praksisar og institusjonar i samfunnet. Historiemedvit handlar om korleis vi menneske orienterer oss i verda ut frå ei fortolking av fortida som former vår forståing av samtida og våre forventningar til framtida. Historiebruk handlar om korleis historia blir anvendt og har bestemte funksjonar i samfunnet.

Biletet viser tre nyare bøker innan historiedidaktikken frå Danmark, Sverige og Noreg. Legg merke til korleis titlane vender seg mot vår eiga samtid. 

 

Vi ser altså at det er vanskeleg å svare kort og konsist på kva historiedidaktikken er. Dette korte blogginnlegget har samstundes vist at det i tillegg til å handle om korleis ein kan formidle historisk kunnskap, også handlar om kvifor vi formidlar historie og kva samanhengar denne formidlinga går inn i. I tillegg stiller historiedidaktikken spørsmål ved kva historisk kunnskap eigentleg er, og utfordrar dermed også vitskapsfaget historie til å reflektere over sin eigen praksis.

I det neste blogginnlegget vil eg sjå nærare på eit av dei sentrale omgrepa i historiedidaktikken; historiebruk. Dette omgrepet er sentralt i mitt avhandlingsprosjekt, så følg med. 

 

Litteratur:

Imsen, G. (1999). Lærerens verden : innføring i generell didaktikk, Tano Aschehoug.

Karlsson, K.-G. og Zander, U. (red.) (2009). Historien Är nu : en introduktion till historiedidaktiken, Lund: Studentlitteratur.

 

Ønskjer du ei breiare innføring i historiedidaktikken, kan desse introduksjonsbøkene anbefalast:
Hva skal vi med historie? 
Historien är nu