Historisk kunnskap og historiemedvit

tid

Fotografi: Colourbox.com

Kva vil det sei å ha kunnskap om historie? Enkelte tenkjer gjerne at historisk kunnskap er å kunne gjengi viktige hendingar i fortida, som den franske revolusjon eller grunnlovsforsamlinga på Eidsvold, supplert med viktige personar frå slike hendingar som Maximilien de Robespierre og Christian Magnus Falsen. Det er jo tross alt slik historiekunnskap ein får bruk for på quiz eller i Trivial Pursuit. Andre vil kanskje hevde at det er viktigare å kunne sei noko om «dei store linjene» i historia, altså om korleis større endringar som industrialisering eller demokratisering har utspela seg over tid. Felles for begge desse oppfatningane er at dei knytt historisk kunnskap utelukkjande til fortida. Med omgrepet «historiemedvit» stiles det derimot spørsmålsteikn ved slike konvensjonelle oppfatningar av historisk kunnskap.   

Historiemedvit og historiedidaktikken

Som sett i eit tidligare blogginnlegg, var historiemedvit eit av dei omgrepa som har blitt sentrale på det historiedidaktiske feltet. Den svenske historiedidaktikaren Klas-Göran Karlsson definerer omgrepet slik: «Historiemedvetande är med andra ord den mentala process genom vilken den samtida människan orienterar sig i tid, i ljuset av historiska erfarenheter och kunskaper, och i förväntning om en specifik framtida utveckling.» (Karlsson & Zander 2009:  49).

Det er særskilt to aspekt i Karlsson sin definisjon som er verdt å legge merke til. Det første er at historiemedvit er ein mental prosess der mennesket orienterer seg i tid. Det vil sei at alle mennesker har eit historiemedvit og at det som ein mental prosess blir aktivisert på ulike måtar i ulike situasjonar. Det andre aspektet er at historiemedvit sett den historiske kunnskapen i relasjon til tidsdimensjonane samtid og framtid. Som ein mental prosess, er det på bakgrunn av vår kunnskap om fortida at vi kan førestille oss mulige framtidsscenarier. Omgrepet historiemedvit gjer oss altså medvetne på korleis historisk kunnskap er med på å forme vår orientering i samtida.

For forskingsfeltet historiedidaktikk har omgrepet historiemedvit gitt nye perspektiv på formålet og meininga med historisk kunnskap. Men det er også eit omgrep som har bydd på utfordringar for den historiedidaktiske forsking. Når historiemedvit er definert som ein mental prosess, er utfordringa korleis ein kan studere denne prosessen vitskapeleg. Historiedidaktikaren Kenneth Nordgren har peika på at ein aldri kan studere historiemedvitet i seg sjølv, men at ein kan studere ulike hendingar, forteljingar eller institusjonar som uttrykk for historiemedvit (Nordgren 2006: 41). I eit tidlegare blogginnlegg viste eg til korleis den sosiale rørsla Mødrene på Plaza de Mayo kunne studerast med bruk av omgrepet historiebruk. For å gi eit døme på omgrepet historiemedvit, kan ein på ny vende tilbake til denne rørsla.

Mødrene på Plaza de Mayo, eit utrykk for historiemedvit?

Korleis kan dei faste demonstrasjonane av mødrene på Plaza de Mayo tolkast som eit uttrykk for historiemedvit? Det første ein kan peike på er at desse demonstrasjonane er kollektive handlingar, og at dei derfor ikkje kan tolkast som utrykk for eit individ sitt historiemedvit. Derimot kan Mødrene på Plaza de Mayo tolkast som eit institusjonelt uttrykk for fellestrekk i historiemedvitet til dei individa som utgjør denne sosiale rørsla.

Vidare kan ein observere at demonstrasjonane byggjer på historiske kunnskapar om det argentinske diktaturet sine brot på menneskerettar på 1970- og 1980-talet. Med denne kunnskapen som eit utgangspunkt, vil det i hovudsak være to framtidsførestillingar som vil presentere seg; det eine er førestillinga om at eit slikt diktatur vil kunne gjenoppstå og på ny gjennomføre brot på menneskerettane, og det andre vil være at ein skaper eit demokratisk samfunn med respekt for menneskerettane. Kva framtidsførestilling som vil bli realisert, vil for medlemene av rørsla være avhengig av kva handlingar dei sjølv utfører i samtida. Dei faste demonstrasjonane kan dermed tolkast som eit uttrykk for at Mødrene på Plaza de Mayo  forsøkjer å realisere det andre av dei to framtidsførestillingane.

Bilete er frå ein av Mødrene sine faste demonstrasjonar. Legg merke til teksten på banneret, «framtida er vår», som illustrerer korleis historiemedvitet rettar seg mot framtida. Fotograf: Vidar Fagerheim Kalsås.

Dette korte dømet illustrerer korleis eit individ sitt historiemedvit kan være eit utgangspunkt for at det engasjerer seg i samfunnet og organiserer seg i kollektive rørsler. Utan kunnskapen om Argentina sin historie med diktatur og brot på menneskerettar, og utan dei framtidsførestillingane som leder ut av den kunnskapen, ville det heller ikkje ha vore meiningsfult for medlemene av Mødrene på Plaza de Mayo å demonstrere framfor presidentpalasset i Buenos Aires kvar torsdag.

Litteratur:

Nordgren, K. (2006). Vems är historien? historia som medvetande, kultur och handling i det mångkulturella Sverige, Doktorgradsavhandling, Karlstads Universitet.

Karlsson, K.-G. and Zander, U. (red.) (2009). Historien Är nu: en introduktion till historiedidaktiken. Lund; Studentlitteratur.

 

Den danske historiedidaktikaren Bernard Eric Jensen var sentral i å bringe historiemedvitsomgrepet inn i nordisk historiedidaktikk. På Jensen sin personlege heimeside kan du lese meir om hans perspektiv på historie. Den 28.04.2016 kjem Jensen til Kristiansand og Stiftelsen Arkivet, for å snakke om historiebruk ved åstadar og minnestadar: https://www.facebook.com/events/999394716794078/