«Eg skal i alle fall ikkje studere meir, … »

har eg sagt mange gonger når venner har starta på både det andre og tredje studiet i vaksen alder. Med mange år på skulebenken frå før må eg bruke tida til å arbeide, ikkje studere. Men, plutseleg sit eg her og gler meg skikkeleg til å starte på eit nytt studium og tenkjer at dette eg berre gjera! Er det 40-årskrisa som har slått inn?

Nei, å søke kunnskap og innsikt trur eg er grunnleggande for alle menneske. Vi treng å utvikle oss. I fjor hamna eg meir eller mindre tilfeldig inn i eit vikariat som skulebibliotekar, utan annan bakgrunn enn eit kort vikariat på folkebiblioteket og stor leseinteresse. Nå er jobben min og er synes den er heilt super! Heldigvis har eg nok sjølvinnsikt til å forstå at jo, skal dette vera jobben min i framtida, må eg faktisk studere meir.

For å bli trygg i jobben som skulebibliotekar treng eg relevant fagkompetanse. Eg må kunne stole på kva eg gjer og eg må kunne formidle til både elevar og lærarar utan å tvile på det faglege aspektet. Dette vil eg tru dei fleste av dykk kan kjenne seg att i.

Etter å ha jobba som skulebibliotekar i eitt år, har eg satt meg to mål for utvikling:
1. Skaffe meg fagleg innsikt.
2. Bruke denne faglege tyngda til å skape tettare relasjonar til brukarane, det vil si elevane, lærarar og ikkje minst skuleleiinga.

Deretter skal eg vera open for det meste. Det er viktig for meg å ikkje ha svaret på kva vi skal utvikle biblioteket til, på førehand. Det må vera eit resultat at ein prosess.

Foto: Designit

Eg liker omgrepet brukar, for bakgrunn min er eigentleg frå fagfeltet design, innovasjon og nyskaping. Her er inngangen til utvikling ofte å setja brukaren i sentrum og søke innsikt i brukaren sine behov. Det er ein metodikk som er overførbar til det meste, også skulebibliotek. Det er eg sikker på. Denne veka las eg eit intervju med Katrine Svela som nettopp er tilsett som tenestedesignar hos Biblioteksentralen. Det er veldig artig å sjå denne koplinga mellom ulike fagfelt og korleis nettopp det tverrfaglege er nøkkelen til utvikling. Les heile intervjuet her.

Heldigvis har skulen der eg arbeider eit relativt godt fungerande skulebibliotek. Det er eit bra utgangspunkt, men utfordringane er likevel mange. Eg håper min kreative kompetanse innan utviklingsprosessar, kombinert med påfyll av skulebibliotekkompetanse, kan bli ein motivasjonsfaktor for lærarar og skuleleiing slik at vi saman kan skape eit meir relevant og framtidsretta skulebibliotek. Det treng vi. Eg gler meg til å koma i gang, 40-årskrise eller ei!