Organisering av skulebiblioteket

Oppgåve 3.

Hei og takk for sist! Forrige veke diskuterte vi skulebiblioteket og leiinga sitt ynskje om å utvikle biblioteket vårt i takt med fagfornyinga. Vi bestemte at praksisen min i skulebibliotekkunnskap er ei fin moglegheit til å utvikle eit årshjul for integrering av biblioteket i ulike fag og prosjekt. Da passar det fint at rektor har bede meg om å informere om korleis de kan orientere dykk i samlinga vår. Eg meiner korleis vi organiserer biblioteket, er ein viktig del av debatten for å finne ut korleis vi kan utvikle biblioteket vårt.

I dag har skulebiblioteket vårt her på ungdomsskulen ei heilt standard, tradisjonell hylleoppstilling. Alle fagbøker er plassert etter Deweynummer og all skjønnlitteratur er sortert alfabetisk etter forfattar. I tillegg har vi trekt ut nokre typar bøker i eigne hyller, slik som fantasy og teikneseriar. Alle ungdomsbøkene har også eiga hylleplassering, men er sortert alfabetisk, ikkje tematisk. Ein del av bøkene er merka i ryggen med tema/sjanger.

Det store spørsmålet er da – fungerer denne organiseringa godt? For å svare på dette må vi fyrst definere kva som er målet. Målet med å ha ei god organisering av biblioteket, må vera at elevane enkelt skal finne den boka dei treng, altså attfinning. Det skal vera eit system som gjer det lett å finne bøker du på førehand veit at du treng, men det skal også vera lett å finne bøker som du får lyst til å lesa i det du er på biblioteket (Hoel, Rafste, & Sætre, 2008, s. 108).

Å finne ei bok du på førehand veit at du treng, er greit. Vi har elektronisk bibliotekkatalog, altså ei systematisk oversikt med informasjon om alt materialet vi har i biblioteket. Alle elevar lærer å søke i katalogen vår når dei har brukaropplæring på 8. trinn. Dei kan søke frå sin eigen Ipad, eller på søke-pcen på biblioteket. Alle bøkene er katalogisert med søkbare emneord, i tillegg til standard informasjon som tittel, forfattar osv. I søkeresultatet er hylleplasseringa tydeleg merka. Elevane treng rettleiing i å velge gode søkestrategiar, men når dei har funne ei aktuell bok, er dei flinke til å finne att boka på rett hylleplassering.

Den største utfordringa er å finne rett bok til rett elev, når boka ikkje er bestemt på førehand. Tilbakemeldinga frå de norsklærarar er at mange elevar slit med å finne rett bok, og de har spurt korleis vi kan klare å løyse dette på ein betre måte. Her trur eg at ei endring at hylleorganiseringa, vil kunne ha ein positiv effekt på leselysten. I boka Skolebiblioteket. Læring og leseglede i grunnskolen, seier Line Hjellup at elevar nesten alltid spør etter tema eller sjanger når dei er på jakt etter litteratur (2018, s. 141). Dette stemmer veldig godt med mi erfaring. Elevane vil ha bøker om fotball og snøbrett, teikneseriar eller bøker som er morosame eller skumle. Elevane er for unge til å ha forfattaren som referanse. Dei klistremerka vi bruker i bokryggen for å vise emne, navigerer elevane i liten grad etter. Det er ingen regel som seier at bøkene stå organisert alfabetisk. Ei omorganisering av hyllene i ungdomsavdelinga etter tydelege tema eller sjanger, trur eg vil gjera det enklare for elevane å søke mot ei hylle som interesserer dei. Ei slik organisering vil også gjera det lettare å presentere bøkene visuelt. Kvart tema kan vera ei lita fast, utstilling i seg sjølv. Det visuelle er viktig for å vekke leselysta.

Den visuelle presentasjonen er viktig for å vekke leselysta. (Foto privat).

Når vi diskuterer organiseringa av biblioteket vårt, er det fleire avgrensingar vi må ta hensyn til. Eitt eksempel er kor mykje informasjon vi kan tildele kvar bok i katalogen vår. Vi kjøper ferdige postar med informasjon, men står fritt til å tildele alle bøker fleire relevante, søkbare emneord. Det skal vi i utgangspunktet vera litt forsiktige med, for det er viktig at emneorda har høg spesifisitet. Emneordet må i størst mogleg grad dekke emnet i boka som heilheit (Hjortsæter, 2009, s. 27). Legg vi inn veldig mange emneord, vil søkeresultata bli upresise. Grunnen til at eg likevel nemner dette, er behovet de lærarar har for å finne att bøker. Bibliotekressursen er berre 20%, slik at biblioteket er sjølvbetjent største delen av veka. Eg vil at de har dette i bakhovudet framover. Er det tema de arbeider med kvart år som treng nye emneord for betre attfinning? Er det nye omgrep i fagfornyinga vi treng å legge inn? Vi har prata om å bygge større samlingar knytt til dei tre overordna tverfaglege temaa. Da er det viktig at vi sikrar behovet de lærarar har for sjølvstendig attfinning, med gode emneord.

Den viktigaste avgrensinga er likevel at vi deler bibliotek med vidaregåande. Dette gjer at vi må finne ein balanse mellom ungdomsskuleelvane sine behov og dei meir akademiske behova til elevane på studieførebuande line. Det er uansett eit viktig prinsipp for biblioteket vårt at vi skal gjera alle elevane studieførebudde. Elevane skal lære dei same grunnleggande prisnippa for kunnskapsorganisering her, som dei vil møte i stort sett alle bibliotek seinare i livet. Derfor meiner eg vi skal halde fagbøkene unna ei permanent endring til tema- og sjangerorganisering. Vi kan ikkje sende frå oss biologistudentar som forventar å finne «bamsefar» som temahylle i eit universitetsbibliotek.

Dette betyr ikkje at vi ikkje kan trekke ut bøker og lage spennande, tverrfaglege utstillingar med både fagbøker og skjønnlitteratur saman. Men det må vera midlertidige hyller og utstillingar, ikkje fast hylleplassering. Organiserer vi alle hyllene fast etter ulike tema eller læreplanmål, gjer vi elevane ei stor bjørneteneste. I fagfornyinga og dei nye læreplandokumenta er djupnelæring eit sentralt omgrep. Djupnelæring handlar om lære noko så godt at du kan anvende kunnskapen og sjå samanhengar både i eit fag, men også mellom faga (Nyhus & Talsethagen, 2020, s. 27). Gradvis progresjon, å forstå tema på tvers av fag, refleksjon, kritisk tenking og utforsking, aktiv deltaking i den verkelege verda, heile kroppen må med. Dette er punkt Nyhus og Talsethagen trekker fram i «Dybdelæringens ti bud» (2020, s. 34). Og poenget? Dette er jo skulebiblioteket i eit nøtteskal! For å lykkast med djupnelæring er vi heilt avhengige av eit godt skulebibliotek. Da må vi finne ein god balanse mellom det å «drukne» elevane i relevante temautstillingar som tydeleg viser samanhengar og tverrfaglege koplingar, og det å lære dei å gradvis meir sjølvstendig navigere i dei faste hyllene for å finne samanhengane. Da er dei forhåpentlegvis godt rusta til å takle utfordringar dei vil møte i framtida. For det er jo målet vårt, slik heilt eigentleg!

 

Referansar

Hjellup, L., Håland, A., Pihl, J., & Svingen, A. (2018). Skolebiblioteket. Læring og leseglede i grunnskolen. (L. Hjellup, Red.) Oslo: Cappelen Damm.

Hjortsæter, E. (2009). Emneordskatalogisering. ABM-media.

Hoel, T., Rafste, E. T., & Sætre, T. P. (2008). Opplevelse, oppdagelse, opplysning. Fagbok om skolebibliotek. Oslo: Biblioteksentralen.

Nyhus, J. Ø., & Talsethagen, A. S. (2020). Dypt og grunnleggende norskfaglig: Dybdelæring i teori og praksis. Bergen: Fagbokforlaget.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.