Oppgåve 3.
Hei og takk for sist! Forrige veke diskuterte vi skulebiblioteket og leiinga sitt ynskje om å utvikle biblioteket vårt i takt med fagfornyinga. Vi bestemte at praksisen min i skulebibliotekkunnskap er ei fin moglegheit til å utvikle eit årshjul for integrering av biblioteket i ulike fag og prosjekt. Da passar det fint at rektor har bede meg om å informere om korleis de kan orientere dykk i samlinga vår. Eg meiner korleis vi organiserer biblioteket, er ein viktig del av debatten for å finne ut korleis vi kan utvikle biblioteket vårt.
I dag har skulebiblioteket vårt her på ungdomsskulen ei heilt standard, tradisjonell hylleoppstilling. Alle fagbøker er plassert etter Deweynummer og all skjønnlitteratur er sortert alfabetisk etter forfattar. I tillegg har vi trekt ut nokre typar bøker i eigne hyller, slik som fantasy og teikneseriar. Alle ungdomsbøkene har også eiga hylleplassering, men er sortert alfabetisk, ikkje tematisk. Ein del av bøkene er merka i ryggen med tema/sjanger.
Det store spørsmålet er da – fungerer denne organiseringa godt? For å svare på dette må vi fyrst definere kva som er målet. Målet med å ha ei god organisering av biblioteket, må vera at elevane enkelt skal finne den boka dei treng, altså attfinning. Det skal vera eit system som gjer det lett å finne bøker du på førehand veit at du treng, men det skal også vera lett å finne bøker som du får lyst til å lesa i det du er på biblioteket (Hoel, Rafste, & Sætre, 2008, s. 108).
Å finne ei bok du på førehand veit at du treng, er greit. Vi har elektronisk bibliotekkatalog, altså ei systematisk oversikt med informasjon om alt materialet vi har i biblioteket. Alle elevar lærer å søke i katalogen vår når dei har brukaropplæring på 8. trinn. Dei kan søke frå sin eigen Ipad, eller på søke-pcen på biblioteket. Alle bøkene er katalogisert med søkbare emneord, i tillegg til standard informasjon som tittel, forfattar osv. I søkeresultatet er hylleplasseringa tydeleg merka. Elevane treng rettleiing i å velge gode søkestrategiar, men når dei har funne ei aktuell bok, er dei flinke til å finne att boka på rett hylleplassering.
Den største utfordringa er å finne rett bok til rett elev, når boka ikkje er bestemt på førehand. Tilbakemeldinga frå de norsklærarar er at mange elevar slit med å finne rett bok, og de har spurt korleis vi kan klare å løyse dette på ein betre måte. Her trur eg at ei endring at hylleorganiseringa, vil kunne ha ein positiv effekt på leselysten. I boka Skolebiblioteket. Læring og leseglede i grunnskolen, seier Line Hjellup at elevar nesten alltid spør etter tema eller sjanger når dei er på jakt etter litteratur (2018, s. 141). Dette stemmer veldig godt med mi erfaring. Elevane vil ha bøker om fotball og snøbrett, teikneseriar eller bøker som er morosame eller skumle. Elevane er for unge til å ha forfattaren som referanse. Dei klistremerka vi bruker i bokryggen for å vise emne, navigerer elevane i liten grad etter. Det er ingen regel som seier at bøkene må stå organisert alfabetisk. Ei omorganisering av hyllene i ungdomsavdelinga etter tydelege tema eller sjanger, trur eg vil gjera det enklare for elevane å søke mot ei hylle som interesserer dei. Ei slik organisering vil også gjera det lettare å presentere bøkene visuelt. Kvart tema kan vera ei lita fast, utstilling i seg sjølv. Det visuelle er viktig for å vekke leselysta.