Høyr på «Hør her`a!»!

Oppgåve C.

Nå er det snart eitt år sidan Hør her`a! av Gulraiz Sharif fann vegen til biblioteket vårt. Da boka kom ut fekk ho stor merksemd i litteraturverda. Dei fleste meldarane ga svært gode kritikkar og det ser ut til at Sharif traff godt da han formulerte baksideteksten: «Hør her’a! Grunnen til at jeg skriver denne boka er fordi norske nordmenn digger sånt. De elsker at en utlending muligens litt undertrykket og uslepen diamant sitter og skriver en bok eller to.» Den store mediemerksemda gjorde meg nysgjerrig, og eg skunda meg å lese boka før elevane fekk ho. Det fyrste som slo meg var ja, eg forstår at vaksne litteraturkritikarar med både livs- og leseerfaring likte boka. Men vil ho fenge ungdomen på same måte? I denne vesle bokpraten hos Cappelen Damm, seier Sharif sjølv at han får fanbrev av eldre damer i raudvinsrus. Det gjorde meg nesten enda meir skeptisk. Kan ei og same bok treffe både ungdom og vaksne så godt?

Gulraiz Sharif. Foto: Gabriel Aas Skålevik

 

Med dette i bakhovudet har eg hatt eit ekstra auge på utlånet av nettopp denne boka. I dag sjekka eg utlånshistorikken vår for dei 12 siste månadane og fekk bekrefta mistanken min, det er faktisk Hør her`a! som toppar lista over mest lånte ungdomsbok. Det eg har lagt merke til i denne uhøgtidlege rekognoseringa, er hovudsakleg to ting. Det eine er humor, det andre er gutar. I fleire år har eg sett at elevar i ungdomsskulealder gjerne ynskjer humoristiske bøker, men utvalet er dårleg, samanlikna med andre tema. Dei er for gamle til En pingles dagbok-bøkene, og kanskje med unntak av Det blir pinlig uansett av Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland, er det få humoristiske bøker som elevane faktisk har likt. Og dei som har snakka varmast om boka, det er gutane. «Denne må du lesa, den er morsom!» har eg høyrt gutar seie til kvarandre. Det er ikkje så ofte å høyre når dei går på ungdomsskulen.  Eg trur Hør her`a! heilt tydeleg har plassert seg i eit landskap der det er skrikande behov for fleire bøker. Vi har fleire gonger i studiet vore innom Arne Svingen, som lenge har prata varmt for at forfattarar må skrive bøker som i større grad fengar gutane. I 2020 hadde han ein workshop i lag med 30 10.-klassegutar under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Resultatet vart ti punkt for å få fleire gutar til å lesa meir. Det er interessant å sjå at når vi samanlikar desse ti punkta med Hør her`a!, er det stort samsvar. Boka er relativt kort, men likevel tettpakka med både ytre og indre handling. Boka er fengande frå start, vi hoppar rett inn i kanskje ein av dei mest morosame  observasjonane til Mahmoud, på fyrste sida. Hovudpersonen er ein gut, det er ei hemmelegheit i boka, og omslaget er godt utforma. Kåre Kverndokken har også formidla kor viktig gripefaktoren til boka er, altså at omslaget må fenge. Det friske gule omslaget til Hør her`a! skil seg positivt ut i mengda og det er godt samsvar mellom innhaldet og omslaget. Omslaget er kjønnsnøytralt, og Mahmoud er ein artig, jovial og positiv type som alle kan like. Alt i alt framstår boka veldig ufarleg for gutar å like. Det trur eg er ein viktig grunn til at boka er så godt motteke av ungdommen sjølv.

Gutane som Arne Svingen jobba med, er også opptekne av at det må vera lov å lesa utan at det er skuleoppgåver knytt til det, og eg er heilt einig. Dette er ei perfekt bok for å lesa, ha det artig og få ei god leseoppleving. Punktum. Det har ein stor nok verdi i seg sjølv. I fjor hadde vi delar av boka Leselyst i klasserommet av Åsmund Hennig på pensum. Nettopp dette med kor viktig det er å finne ei genuin leseglede, var veldig interessant. Og kor viktig evna til å danne seg ei førestillingsverd, er for sentrale ferdigheiter som det å utvikle empati og sympati, eller evna til å reflektere og tenke kritisk. Boka Hva foregår i norsktimene? av Marte Blikstad-Bals og Astrid Roe bygger på LISA-studien (Linking Instruction and Student Achievement), ein omfattande videostudie av norsktimane i norske klasserom. Eitt av funna her er at lesing av skjønnlitterære tekstar i norske klasserom i stor grad hamnar innanfor den analytiske tradisjonen. Det vil seie at litterære tekstar som oftast blir brukt som eksempel på ein bestemt sjanger eller skrivemåte, med fokus på verkemidla. Samtaler om litteratur på litteraturen sine premiss med fokus på innhald, leseopplevinga og tolking, var noko få lærarar, i følgje studien, brukte tid på. Det blir kanskje litt enkelt, men eg tenkjer at her er 10.-klassegutane og forskarane einige. Det er viktig å ta seg tid til å lesa utan å alltid måtte levere analytiske oppgåver knytt til teksten. Det er fort gjort å øydelegge ei god leseoppleving av Hør her`a! med skriftlege oppgåver om grammatikk og ordstilling, sjangertekk og virkemiddel.

Sjølv jobbar eg berre som skulebibliotekar, og ikkje som lærar i tillegg. Derfor har eg dessverre relativt liten innverknad på kva som skjer i klasseromma. Eg forstår at tida er knapp og at læreplanmåla er mange, slik at ein kanskje føler ein bør nytte lesinga til noko meir. Ein annan innfallsvinkel til dette kan vera nettopp å ta med seg det som Blikstad-Balas og Roe etterlyser, nemleg å utvikle elevar si litterære kompetanse gjennom ein meir opplevingsbasert litteraturdidaktikk. Etter at den nye læreplanen vart innført, har eg prøvd å selje inn litterær lesing til lærarane som innfallsvinkel til dei tverrfaglege emna. Hør her`a! er nettopp ei slik bok som passar godt som utgangspunkt for diskusjon. Ved å saman gå inn i verda til Mahmoud, onkel ji og lillebror Ali, kan vi bruke dette til å få innsikt i og diskusjon rundt viktige tema, situasjonar og utfordringar vi finn att i båe dei tverrfaglege emna folkehelse og livsmeistring, og demokrati og medborgarskap. Å finne stemma si og lære å handtere meiningsutvekslingar og ueinigheit kan vera både skremmande og vanskeleg, men òg heilt sentralt for å bli ein aktiv medborgar i dagens samfunn. Kanskje kan Mahmoud inspirere fleire til nettopp å finne stemma si når han sjølvsikkert legg i veg «Hør her`a!».

Og dei raudvinsdrikkande damene? Det er nok ikkje det ufarleg ved å innrømme at du liker boka, som gjer desse damene rusa. Truleg det motsette, tenkjer eg. Medan gutane kanskje søker til boka for det trygge og den underhaldande humoren, er det nok heller det skarpe og kritiske blikket, den sarkastiske undertona og humoren du må lese mellom linene, som treff oss vaksne. All ære til Sharif som har klart å skrive ei kort bok som rommar så mykje og fengar så breitt.

 

3 tanker om “Høyr på «Hør her`a!»!

  1. Hei!

    Veldig fine refleksjonar. Du får sagt mykje vesentleg her, synest eg, og på ein lett og engasjerande måte.

    Alt du tek opp er interessant. T.d. at denne boka treffer ungdomslesarar, ikkje minst gutar, så godt, og samtidig vekkjer begeistring hos vaksne lesarar. Denne «crossover»-kvaliteten finst i fleire ungdomsbøker, etter mi meining. Men ofte når dei ikkje godt nok ut i media til at vaksne lesarar blir klar over dei.

    Det du skriv om litterær lesing er også svært interessant. Det er i høg grad problematisk at så mykje lesing av skjønnlitteratur skjer med tanke på å hente ut kunnskap om t.d. verkemiddel og sjanger, og at elevane kjem til å forbinde litteraturlesing med oppgåveløysing.

    Lenkene fungerer godt. Her er mykje å gå vidare med.

    Helsing Svein S.

  2. Hei

    Det var veldig interessant å lese denne bloggen fordi jeg delte tvilen din om boken. Første gang jeg leste den, elsket jeg den, men jeg hadde følelsen av at den nesten ikke var en ungdomsbok men mer en «vanlig» bok for voksne. For eksempel var det mange referanser til politikk som kanskje får voksne til å le mer enn gutter og jenter i skolealder. Men, når jeg leste anmeldelser av unger som hadde lest boken og syntes den var både veldig morsom og veldig nær alderen deres, oppdaget jeg at jeg var feil. Også det som du forteller om din personlige erfaring, bekreftet til meg at denne boka klarer å underholde både unge og voksne på samme måte. Og jeg synes at det er en ekstraordinær prestasjon for en forfatter.
    Dine refleksjoner rundt potensialet denne boken har for å bringe barn nærmere lesing fikk meg også til å like boka enda mer. Det fineste er at den gjør det uten å ofre kvalitet eller dybde og gjennom håndtering av både aktuelle og svært viktige saker.
    Når det gjelder forslaget ditt om å få boken lest i klassen uten å gi den ekstra lekser for ikke å ødelegge lesegleden, kan jeg si meg enig, men som du selv påpeker, inneholder denne boken så mange viktige refleksjoner og muligheter til diskusjoner at det ville være synd å ikke å bruke den til å skape utveksling av ideer blant elever.

  3. Hei Eldrid,
    du skriv godt. Det er kjekt å lesa korleis boka har blitt motteken av elevane, eller i hovudsak gutane, på skolen din, og eg likar refleksjonen din rundt kvifor denne boka fenger gutane slik ho gjer. Du nemner at Hør her’a har plassert seg i eit landskap kor det er skrikande behov for fleire bøker. Eg tykkjer det er ein god og viktig observasjon. Viktig, for det er jo først når ein oppdagar det er eit hol at nokon tek på seg jobben med å fylla det.

    Eg trur du har rett i at mange lærarar tenkjer at lesing i timane bør brukast til «noko meir». Eg jobbar sjølv som lærar, og kjenner meg godt igjen i problemstillinga med «altfor mange mål og altfor lita tid». Men det skal ikkje alltid stort meir til enn eit lite tips før ein ser moglegheiter og får nye idear. Endring tek som kjent tid, så eg trur derfor at du skal fortsetja å selja inn litterær lesing til lærarkollegaene dine på måten du skildrar her, utan å mista av synet at ei god leseoppleving har verdi i seg sjølv, som du presiserer.

    Til sist likar eg godt korleis du får fram at boka treff ulike lesarar i ulike generasjonar på ulike måtar. Det er også fint korleis du i avslutninga hentar opp igjen spørsmålet du stilte i innleiinga. Eg set pris på referansene til faglitteratur du har med.

    Beste helsing
    Silje

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.