Undervisningsmateriell og minoritetspolitikk

I tidlegare blogginnlegg har ein sett at forskingsfeltet historiedidaktikk dei siste 20 åra har interessert seg for korleis historiske framstillingar verkar i ulike sosiale, kulturelle og politiske prosessar i samtida. For å undersøkje dette har ein nytta omgrepet historiebruk, at ulike aktørar i samfunnet kan mobilisere historia for å oppnå bestemte mål, og omgrepet historiemedvit, at menneske orienterer seg i tid på bakgrunn av historiske erfaringar og kunnskap. Med desse omgrepa i mente vil ein kunne skimte det interessante i mitt avhandlignsprosjekt, der eg studerer historiske framstillingar i undervisningsmateriell som omhandlar rom og romanifolket.

Med eit historiebruksperspektiv på undervisningsmateriellet, kan ein undersøkje om dei historiske framstillingane har hatt bestemte politiske føremål. Sidan materiellet omhandlar etniske minoritetar, er det særskilt relevant å spørje om det kan liggje nokre minoritetspolitiske implikasjonar i framstillingane. Korleis kan slike implikasjonar eventuelt sjå ut? Eit døme er styresmaktene sin minoritetspolitiske kategorisering.

Minoritetshistorie og minoritetspolitiske kategoriar

Norske styresmakter nyttar i dag tre hovudkategoriar for minoritetar; innvandrar, nasjonal minoritet og urfolk (Niemi 2008). Kva minoritetsgrupper som fell innanfor kva kategori blir avgjort av ei rekke kriterium, blant dei også historiske kriterium. Kva kategori ein minoritet tilhøyrer vil avgjøre rammene for styresmaktene sin minoritetspolitikk overfor denne minoriteten. I Noreg er til dømes både rom og romanifolket anerkjent som nasjonale minoritetar, noko som gir gruppene rett til å vedlikehalde og utvikle sin etniske identitet. Statusen som urfolk opnar for vidare kollektive rettar, blant anna knytt til naturresursar. Det er dermed interessant å sjå nærare på korleis desse kategoriane er knytt opp mot historiske kriterier.

Eg vil her sjå nærare på kategoriane nasjonal minoritet og urfolk som eit døme. Nemninga nasjonal minoritet blei innført i Noreg i år 2000, då Noreg implementerte Europarådets rammekonvensjon om beskyttelse av nasjonale minoriteter. Kategorien nasjonal minoritet blir ikkje definert i konvensjonen, men i Noreg har ein lagt seg på følgjande avgrensing «ei minoritetsgruppe må ha opphavleg eller langvarig tilknyting til den aktuelle staten sitt territorium for at minoriteten skal blir rekna som ein nasjonal minoritet […] det har vore nemnt krav om at gruppa må kunne vise til tilknyting til den aktuelle staten i minst hundre år» (Stortingsmelding nr.15 2000-2001: 20-21). For å få status som en nasjonal minoritet må altså minoritetsgruppa kunne vise til lengre historisk kontinuitet innan nasjonalstaten sine grenser.

Kategorien urfolk blei innført då Noreg ratifiserte ILO-konvensjon nr.169 om urfolks rettar i 1990. I følgje konvensjonen er eit urfolk: «folk i selvstendige stater som er ansett som opprinnelige fordi de nedstammer fra de folk som beboddelandet eller en geografisk region som landet tilhører, på det tidspunkt da erobring eller kolonisering fant sted eller de nåværende statsgrenser ble fastlagt og som, uavhengig av sin rettslige stilling, har beholdt noen eller alle av sine egne sosiale, økonomiske, kulturelle og politiske institusjoner» (ILO-konvensjon 169: artikkel 1b). Her har ein altså andre historiske kriterium som er sentrale. I tillegg til historisk kontinuitet, er det viktig å kunne fastlegge opprinnelse frå tida før staten sine grenser blei fastlagt.

Minoritetspolitiske kategoriar og undervisningsmateriell

Kva er relevansen av desse kategoriane for studiar av undervisningsmateriell? Om ein her er interessert i dei minoritetspolitiske dimensjonane ved materiellet, kan ein stille spørsmålet om det skaper framstillingar av romanifolket som fell inn under desse kategoriane. Om eit materiell til dømes legg vekt på den lange tilhøyrsla for romanifolket til det norske territoriet, vil det også byggje opp om romanifolket sin status som nasjonal minoritet i Noreg. Om det derimot framhevar at romanifolket eksisterte i Noreg lenge før statsgrensene var fastlagt, vil materiellet utfordre dagens kategorisering og minoritetspolitikk.

Å studere historiske framstillingar i ljos av den minoritetspolitiske kategoriseringa vil dermed kunne få fram korleis dei historiske framstillingane i materiellet blei utforma i relasjon til styresmaktene sine kategoriseringar. Å utforske denne relasjonen er eit av måla i mitt avhandlingsprosjekt.

Litteratur:

International Labour Organization (1989).  ILO‑konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i selvstendige stater. 

Kommunal- og regionaldepartementet (2000). Stortingsmelding nr.15 2000-2001: Nasjonale minoritetar i Noreg : om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar.

Niemi, E. (2008). Indigenous Peoples and National Minorities in Norway: Categorisation and Minority Politics. I: Goodnow, K og Akman, H (red.) Scandinavian museums and cultural diversity. New York: Berghahn Books.