Workshop: Rom og reisande i den nordiske kulturarven

Den 28- og 29ende september deltok eg på workshopen Romer och resande i det nordiska kulturarvet, avholdt i Uppsala. Workshopen var arrangert av Institutet för språk och folkminnen i samarbeid med Forum för levande historia, HL-Senteret, É Romani Glinda og RomArchive Berlin. Tre hovudspørsmål blei adressert på worshopen:

 

  1. Kva er statusen for rom og reisande i dei nordiske kulturarvsinstitusjonane i dag?
  2. Korleis kan og bør denne representasjonen forandrast?
  3. Korleis kan dei nordiske rom og reisande sin kulturarv representerast i det europeiske digitale arkivprosjektet RomArchive som er under oppbygging?

Dei to første spørsmåla blei i hovudsak adressert i workshopen sin første dag, med innlegg om det finske historieverket De finska romernas historia från svenska tiden till 2000-talet, om Glomdalsmuseet sin utstilling Latjo-Drom, om den svenske utstillinga Rom san – Vi är romer, samt den svenske Kommissionen mot antizigansim sitt forslag om å opprette eit senter som skal arbeide mot antiziganisme og støtte opp om initiativ som styrker romer sin kultur og språk.  

Dag to av workshopen handla om å samle idear og mulig material til det europeiske prosjektet RomArchive, som er under oppbygging. RomArchive skal bli eit internasjonalt digitalt arkiv over romani kunst, i tillegg til historiske dokument og populærvitskaplege tekstar. Ved denne workshopen konsentrerte ein seg om ei grein av prosjektet, med namnet The civil rights movement in the Nordic countries and Germany: the politics of historical justice and combatting antigypsyism. Denne delen av prosjektet siktar mot å synleggjere dei ulike formene for motstand og politisk organisering av rom og romani som har gått føre seg i Norden og Tyskland frå andre verdskrigen og fram til i dag. Målet er at RomArchive skal være klart til publisering på internett i 2018.