Workshop: Rom og reisande i den nordiske kulturarven

Den 28- og 29ende september deltok eg på workshopen Romer och resande i det nordiska kulturarvet, avholdt i Uppsala. Workshopen var arrangert av Institutet för språk och folkminnen i samarbeid med Forum för levande historia, HL-Senteret, É Romani Glinda og RomArchive Berlin. Tre hovudspørsmål blei adressert på worshopen:

Les meir

Nordic Conference on Romani Studies 2016

Mellom 13 og 15. April 2016 blei Nordic Conference on Romani Studies avholdt ved Södertörn Universitet i Stockholm. Romanistudier er eit tverfagleg forskingsfelt, noko konferansens program også bar preg av. Konferansen var delt opp i seks ulike sesjoner: Kultur og spirituelt liv; politikk og migrasjon; musikk; historie; pedagogikk og til slutt lingvistikk. Sjølv haldt eg eit innlegg under historiesesjonen, med tittelen  The Representation of Romani History at the Exhibition Latjo-Drom – The Romani/Traveller´s Culture and History. Meir informasjon om konferansen kan du finne her: http://www.sh.se/p3/ext/content.nsf/aget?openagent&key=sh_konferens_0_en_1449071253223#!/p3/ext/content.nsf/aget?openagent&key=sh_konferens_0_en_1449071253223

Minoritetshistorie på museum

 

I den siste utgåva av tidsskriftet Nordisk Museologi (nr.2, 2015), kan ein finne ein artikkel av underteiknande. Utgåva er eit tema nummer med tittelen Rethinking Sámi Cultures in Museums, og  er eit resultat av ein konferanse med same namn, halde ved Universitetet i Oslo i november 2014. Du finn ein oversikt over bibliotek som har tilgang på tidsskriftet her. Min artikkel handlar om framstillinga av samisk historie ved utstillinga Sápmi –en nasjon blir til, ved Tromsø Museum, og  framstillinga av romanifolket sin historie ved utstillinga Latjo-Drom – Romanifolkets/taternes kultur og historie, ved Glomdalsmuseet. I artikkelen undersøkjer eg korleis den historiske framstillinga var meiningsbærande innan eit endra museumsfagleg og etnopolitisk landskap. God lesing.