Monthly Archives: september 2018

Tankar om antologiar og utstillingar….. og temabøker

Skulen vår har 5-10 trinn, så her er mange behov å dekke.

I denne oppgåva skulle vi ta føre oss noko som har fungert godt i biblioteket vårt, og i tillegg peike på område som kan utviklast og bli betre. Her vil eg i første rekke vise til ei endring som har gjort ein skilnad i positiv retning, og som vi er godt nøgde med så langt. Til slutt vil eg nemne kva område som vi treng å arbeide vidare med.

 

Antologiar og utstillingar

I ei årrekkje har det vore slik at skulen har tinga, lese og gjort bruk av antologien til txt-aksjonen frå Foreningen !les. Ein har då kjøpt inn alle bøkene, gjerne fleire eksemplar av kvar av desse slik at elevane skal kunne lese dei bøkene som har fanga deira interesse.

I fjor kom ideen til bibliotekaren om å lage ei utstilling meir eller mindre dedikert til nett txt-aksjonen og bøkene som vert formidla gjennom denne. Dette gjeld eigentleg både hovudbøkene som det er fokusert på gjennom utdrag i antologien, men også dei bøkene som vert nemnde som forslag til vidare lesing. Plasseringa for utstillinga vart vald slik at elevar på alle trinn kunne sjå denne då dei hasta til dei ulike klasse- og fagromma og slik tek seg rundt i skulebygget via hovudtrappa der biblioteket ligg.

Hyller både av knallhardt stål og av gjennomsiktig plast vart kjøpt inn, vaktmeister vart sett i sving til å bore og få hyllene opp. Etterpå vart dei nyleg innkjøpte bøkene sette høgtideleg på plass, til sist vart aksjonsplakatar, «Monster» som denne aksjonen heitte, hengde opp rundt utstillinga. Bilete her syner vindauget som går mot trappa og hyllene både på vegg og på borda nedanfor, alle velfylde.

«Monster» Foto: Elisabeth Haukeli Skretting

Continue reading

4 Comments

Filed under Uncategorized