Svartedalen av Atle Hansen

Boka Svartedalen er ei nynorsk bok, for barn og unge på
mellom- og ungdomstrinn. På baksida av bokomslaget står
her at dette er ein lettlesen grøssar. På framsida ser ein
konturane av tre og ein sti i tillegg til ein svart katt med
lysande auge. Opnar ein så boka og ser på teksten legg ein
fort merke til at her er godt rom, korte, luftige avsnitt med
ulik lengde på høgresida. Det visuelle fortel oss med andre
ord at dette er ei lettlesen bok. Her er heller ikkje vanskelege
ord, og rytmen i språket er god. Boka er teken inn i Leser søker bok
, noko som gjer eit kvalitetsstempel. Den svarte
katten på framsida ber bod om ulykke og fare, noko som
gjer det interessant å sjå nærare på kva som gjer at denne
boka kjem inn under fantastisk litteratur.

Det fantastiske og tematikken
Sjølve utgangspunktet for historia verkar til å vere det same som gammal
overtru er tufta på, nemleg lydar, mørket, naturen og det ein elles har rundt seg
saman med livleg fantasi og vanskar med å finne forklaringar det ein opplever
på ein meir realistisk måte. I denne boka er stemninga laga på ein slik måte at
alt peiker mot det overnaturlege. Dette gjeld frå starten av med lydane i huset
og vidare så er vegen til Svartedalen heilt i tråd med namnet både ved hjelp av
skog og fjell i tillegg til regn når hovudpersonen når fram. Her er særs lite lys å
oppdrive. Stemmane som eg-personen høyrer frå den mørke kjellaren i løa er
først diffuse og kan såleis vere eit produkt av fantasien, men dei vert etter kvart
tydelegare og han klarer å skjelne mellom to ulike stemmar, den mørke som vil
ha han vekk og den smiskande som vil at han skal gje tilbake noko. Det
fantastiske gjer her sitt inntog. Ein kan sjå på denne løekjellaren som ein portal
til underverda, eller den fantastiske verda, men eg-personen kjem aldri gjennom
denne og vi får aldri høyre noko om kva som går føre seg der. Det er bare dei
underjordiske som truleg passerer her og elles smeltar saman med den reelle
verda og spreier ei til tider uhyggeleg stemning.
Hovudpersonen møter fleire personar som er knytt til underverda: ei jente som
syner seg å vere ei hulder, ein mann som sannsynlegvis er faren til huldra,
kapteinen som i si tid bygde huset familien ferierer i og som viser seg ei natt i
uniform og den urgamle mannen i den verkelege verda, som nok også er denne
kapteinen. I tillegg er det stemmane, lydane og opplevingane både i Svartedalen
og på loftet i feriehuset som utgjer ein heilskap i det fantastiske i møte med den
reelle verda.

Det fantastiske og formen
Gjennom eg-personen, farga av kjenslene til denne, får lesaren innsikt i det som
verkar unaturleg t.d. når han treff ei jente på kaia, ho er annleis på mange vis
fargane hennar er svarte og kvite og ho har grøne auge som hovudpersonen
meiner er unaturlege og difor må vere farga linser. Han treff henne igjen i
butikken, i nærleiken av isdisken, då legg ho dei iskalde hendene sine rundt
halsen hans. Litt etter held ho hendene sine på skuldrene hans, han prøver å fri
seg frå henne, men kjenner det som om han sit i ei skruestikke. Det er ikkje
sikkert at dette er det fysiske grepet hennar, kanskje det like gjerne er kjensla
av å vere fanga. Seinare treff han ei mann, som etter å ha spurt faren sin ut om
denne finn ut at han må vere urgammal. Den gamle mannen viser seg å vita
mykje om alle dei involverte personane i historia, og fungerer som ein hjelpar
for hovudpersonen.
Vendepunktet i forteljinga kjem med dei nervepirrande hendingane på loftet i
feriehuset, her finn hovudpersonen gullmedaljongen og han observerer fleire
personar gjennom nøkkelholet etter å ha låst døra. I løpet av denne stunda har
han nok gjort seg opp ei meining om korleis han skal kunne gjera opp, etter
dette tek han seg ein ny tur til Svartedalen for å fullføre oppdraget.
Oppdraget i denne forteljinga er å gje tilbake ein gullmedaljong. Den etiske
tematikken vert då at guten, hovudpersonen, vel å sjølv gje denne tilbake til
jenta, huldra, og ikkje gjennom den urgamle mannen som fortel korleis det heile
heng saman. Det er fleire indikasjonar på at dette er den rette løysinga: jenta
sjølv har kravd dette, stemmane i løekjellaren bad om dette i tillegg til at den
urgamle mannen sjølv seier at jenta er den rette eigaren til medaljongen.
Med dette kan ein seie at Svartedalen ikkje er ei fantasybok, men snarare ei
fantastisk forteljing. Her er glidande overgangar som gjer at det ikkje er så lett å
sjå kva som er overdrivingar og kor det fantastiske startar. Kanskje her ligg
noko under? I det minste tyder det på at forfattaren vil tydeleggjere det å sjølv
avgjere kva som er rett måte å løyse eit problem på, som i dette høve då
hovudpersonen sjølv leverer medaljongen til jenta.

Teksten sin appell til unge lesarar
Barn og unge vil kunne kjenne seg att sidan dei aller fleste har høyrt på skumle
lyder i huset, har ferdast på mørke område og har kjent på uvisse i ulike
samanhengar. Mange unge liker også å kjenne på ei form for frykt i lesinga og
sluker difor bøker innan denne sjangeren. Denne boka her fører ein raskt inn i
historia der ein fort kan identifisera seg med hovudpersonen og slik kanskje

kjenne på dette med å utfordre seg sjølv både med omsyn til det å våge meir,
men også det å sjå gjere eigne etiske vurderingar. Han trassar med andre ord
eiga frykt og stiller opp. Han viser med dette styrke i høve til faren, som har hatt
dei same opplevingane, og vert det kompetente barnet.
Her kan du sjekka ut meir om forfattaren og hans virke:
Atle Hansen – forfattar og visesongar

3 Comments

Filed under Uncategorized

3 Responses to Svartedalen av Atle Hansen

  1. Oddbjørn Johannessen

    Du har skrive eit interessant blogginnlegg, der du får godt fram den diffuse grensa mellom fantasi og røyndom – slik den ofte kjem til uttrykk i gamal overtru. Dette er jo typiske trekk ved Atle Hansens forteljingar.

    Bra at du òg viser kva for trekk ved forteljinga som gjer dette til ei lettlesen bok.

  2. Jeg liker godt at du starter innlegget ditt med et bilde av forsida – og refleksjoner rundt dette. Det – sammen med referanser til gammel overtro – gjør at man raskt får plassert boka i riktig kategori og sjanger. Slik får du en god innledning som raskt driver meg som leser videre i teksten din.
    Med avsnitt og overskrifter skaper du et oversiktlig inntrykk, og du har mange gode eksempler fra boka på de fantastiske trekkene du presenterer underveis.
    En bra tekst som er god å lese!
    Mvh Randi

  3. denne teksten går godt i det grunnleggende i boka, og hvordan den er lagt opp for barn og unge.

    forfatteren til denne tekste også skrive hva bokan handler om men ødelegger ikke hva som sjer i boka.

    MVH
    Sara B. Bjarnadottir

Legg igjen en kommentar