Tankar om antologiar og utstillingar….. og temabøker

Skulen vår har 5-10 trinn, så her er mange behov å dekke.

I denne oppgåva skulle vi ta føre oss noko som har fungert godt i biblioteket vårt, og i tillegg peike på område som kan utviklast og bli betre. Her vil eg i første rekke vise til ei endring som har gjort ein skilnad i positiv retning, og som vi er godt nøgde med så langt. Til slutt vil eg nemne kva område som vi treng å arbeide vidare med.

 

Antologiar og utstillingar

I ei årrekkje har det vore slik at skulen har tinga, lese og gjort bruk av antologien til txt-aksjonen frå Foreningen !les. Ein har då kjøpt inn alle bøkene, gjerne fleire eksemplar av kvar av desse slik at elevane skal kunne lese dei bøkene som har fanga deira interesse.

I fjor kom ideen til bibliotekaren om å lage ei utstilling meir eller mindre dedikert til nett txt-aksjonen og bøkene som vert formidla gjennom denne. Dette gjeld eigentleg både hovudbøkene som det er fokusert på gjennom utdrag i antologien, men også dei bøkene som vert nemnde som forslag til vidare lesing. Plasseringa for utstillinga vart vald slik at elevar på alle trinn kunne sjå denne då dei hasta til dei ulike klasse- og fagromma og slik tek seg rundt i skulebygget via hovudtrappa der biblioteket ligg.

Hyller både av knallhardt stål og av gjennomsiktig plast vart kjøpt inn, vaktmeister vart sett i sving til å bore og få hyllene opp. Etterpå vart dei nyleg innkjøpte bøkene sette høgtideleg på plass, til sist vart aksjonsplakatar, «Monster» som denne aksjonen heitte, hengde opp rundt utstillinga. Bilete her syner vindauget som går mot trappa og hyllene både på vegg og på borda nedanfor, alle velfylde.

«Monster» Foto: Elisabeth Haukeli Skretting

 

I år har txt-aksjonen kome med ein ny antologi, «Opprør». Alle bøkene vart kjøpt inn i god tid, og vart plasserte på hyllene og bordet etter kvart som dei vart registrerte. Når endeleg antologiane og plakatane kom frå Foreningen !Les, såg her slik ut:

«Opprør» Foto: Elisabeth Haukeli Skretting

 

Elevane har heilt klart fått med seg at bordet og hyllene var øyremerka nye bøker, og dei har nok også forstått at dette var bøker som ville verta brukte i undervisninga og at det då kunne vera ein fordel å få tak i dei før andre. Same kva som ligg til grunn, bøkene er utlånte og det er det viktigaste.

Bibliotekaren ruslar glad vidare og har allereie eit nytt prosjekt på gang: Tid for ti, same opplegg med antologi og plakatar, dette også frå Foreningen !Les. Skilnaden ligg i at dette er spesielt for 7. trinn, oppstarten er i januar og at alle bøkene som vert presenterte er på nynorsk. Nytt bord og nye hyller, vaktmeister på plass…. I det minste før januar 2019 då denne leseaksjonen startar.

…..og temabøker

Biblioteket vårt treng nok ei opprusting når det gjeld faktabøker og temabaserte bøker. Vi har til ein viss grad starta fornyinga. Framover vil vi likevel legge vekt på å kjøpe inn bøker til eit eller fleire tema på kvart trinn, i samråd med lærarane på dei ulike trinna. Vi reknar med at det å gå inn i denne prosessen saman med det einskilde trinnet vil føre til felles eigarskap, og difor til større målretta bruk av biblioteket til fagleg arbeid.

4 Comments

Filed under Uncategorized

4 Responses to Tankar om antologiar og utstillingar….. og temabøker

  1. Hei!

    Godt blogg-innlegg! Du svarer på oppgåva, skriv godt tilpassa blogg-formatet, og syner fram aktivitetar og planmessig arbeid som er førebiletlege. Bileta og lenkene er relevante i samanhengen.

    Eg synes utstillingsopplegget ditt er eit godt eksempel på grep som synleggjer biblioteket, og så å seie strekkjer seg mot brukarane. Kanskje kan du byggje vidare på dette og stadig vere ute med utstillinga ri fellesareala.

    Vidare er det lovande at du ønakjer å få til meir planmessig arbeid saman med lærarane. Eg tolkar deg slik at eit betre samarbeid her, iallfall i nokon grad må bety felles fagleg planlegging.

    Venleg helsing
    Svein S.

  2. Det var interessant å lese om hvordan dere har jobbet med utstillinger, og at du har med bilder som viser hvordan dere faktisk har gjort det. Jeg er enig med kommentarene over – utstillinger er en flott måte å vekke leselyst og -interesse på. Det var også fint å lese om hvordan dere ønsker å planlegge temabasertinnkjøp med lærerne. Jeg kunne likt å lese mer om hvordan dere samarbeider – om det kun er for innkjøp eller om dere også har faglige samarbeidsprosjekter.

    Du skriver på en tilgjengelig måte som er godt tilpasset bloggformatet, med passelig korte avsnitt og illustrerende bilder underveis. Lykke til med arbeidet videre!

  3. Jeg hadde aldri hørt om txt-aksjonen før, så dette var spennende. Leselystprosjekter er alltid bra, og sammen med gode utstillinger kan de virkelig gi elever økt leselyst, -motivasjon og -mestring. Har disse prosjektene blitt godt tatt i mot av elevene? Syns de temaene og bøkene er interessante?

    På facebook følger jeg Skolebiblioteket på Vestbyen skole. Bibliotekaren får hjelp av ulike klasser/trinn til å lage utstillinger. Da får elevene enda mer et eierforhold til skolebiblioteket. Kanskje det kan være et tips videre.

    Lykke til videre!

  4. Utstillinger er alltid en super måte å få ut bøker. Enten slik som her hvor du gjør bøker som elevene har hørt om på en eller annen måte lettere tilgjengelig. Eller ved å få frem bøker som en ellers ikke får lånt ut, bøkene som blir glemt inni hyllene. Ofte vil disse bli lånt om de bare blir vist frem mer.

    Bloggmessig har du et greit oppsett. Fine mellomrom som gjør det lettere å lese. Men du hadde nok ikke trengt innledningen din med hva oppgaven går ut på 🙂

Legg igjen en kommentar