Kjære medstudentar!

Då eg tok til med studier i skolebibliotekkunnskap, hadde eg ein todelt motivasjon: Eg ville for det første auke kompetansen min på noko eg meiner me treng meir av, nemleg kunnskap og engasjement innan barne- og ungdomslitteratur. Eg ynskte også å stå sterkare i køen om fast jobb som bibliotekar, og tok samstundes delstudium i Kunnskapsorganisering og gjenfinning ved OsloMet.

Det var rimeleg lenge sidan eg hadde lest ungdomslitteratur då eg tok til på studiet. Eg tenkjer at born og ungdom i 2018 heilt sikkert vil lesa andre ting enn me gjorde for 20 år sidan, sjølv om mange av oss «kulturelle 40-åringar» ser på seg sjølv som «ganske så ungdommelege».

Av erfaring ser eg at me oftast tilrår og velgjer ut dei bøkene til borna som me sjølv elska i forrige årtusen. Det er vel og bra, men den fiktive røynda i barnelitteraturen har endra seg, i likhet med den faktiske røynda. Me skulder born og ungdom å visa dei ny litteratur som er meir relevant for deira liv!

Eg er høgst interessert i at litteratur for born verkeleg er for born, i tillegg til at organiseringa av desse bøkene i biblioteket er intuitiv for borna. Eg er interessert i metodar for å styrka lesegleda, og kva dette har å seie for vidare utvikling for den enkelte. Nett no gler eg meg veldig til seminar på barnebokfestivalen Falturiltu på Stord, der tema skal vera «Formidling til og med barn og ungdom», og «Formidling av biletbøker og teikneseriar». Bli med du óg, perfekt for skulebibliotekarar. Her finn du informasjon og program om sjølve seminaret.

Barnelitteratur er ofte skrive for at vaksne skal lika, godkjenna og kjøpa det til ungane sine. Det vert ikkje alltid på borna sine premissar sjølv om intensjonane er dei beste. Eg kjenner meg jo att, for eg innrømmer at det er så mykje kjekkare å lesa dei bøkene for borna som også har ein dose humor og referansar for vaksne, eller som har ein passande «moral» som støttar opp om den oppsedinga eg vil gje. Men – borna ville kanskje valgt noko heilt anna, som «berre» er verkeleg artig eller spanande for dei.

Eg trur at mange bibliotekarar (inkludert meg sjølv) er glade i system, og synest at bøker og andre medier bør vera organisert korrekt. Men eg ynskjer at det akkurat i skulebiblioteket, særleg for dei yngste, skal vera superenkelt for borna å finne desse bøkene sjølv – dei som dei vil bla eller lesa i. Organisert slik at det er freistande, artig og enkelt tilgjengeleg for dei – og for læraren, å finne, finne att, og anbefale for andre elevar. Ikkje enklast for bibliotekaren.

Eg har gjennom studiet så langt opplevd ei bevisstgjering om kor viktig det er å ha eit godt skulebibliotek, og korleis det kan vera ein pedagogisk meirverdi til undervisninga. Eg ynskjer å lære meir om pedagogisk bruk av litteratur, og samarbeid med lærarar og skuleleiing. Også det å finne bøker og andre tekstar som er midt i blinken for den enkelte, og bidra til ein god lesekultur ved skulen.

Ein kan få så mykje «gratis» gjennom å kosa seg med lesing: læring og danning, kreativitet, empati, toleranse, små sosiale møter «mellom» klasserom og friminutt, språkkunnskap, vidare evne til å forstå, tolke, vera kritisk og undrande til verda. I bøkene kan dei treffa andre som har dei same utfordringane som ein sjølv, få større styrke og «repertoir» til å løysa eigne kvardagsproblem. Alt dette samstundes som ein opplever noko verkeleg kjekt!