Til deg som ikkje likar å lese

Svar på oppgåve til leksjon 2, alternativ A

Tru det eller ei, men eg forstår deg faktisk. Du sit med ei bok som verkar uoverkommeleg tjukk: Det er alt for mykje tekst på kvar side, alt for mange ord og bokstavar. Du prøver å konsentrere deg, men hovudet er på ein heilt annan stad – du tenkjer på fotballtreninga du hadde i drittregnet eller den siste episoden av den serien med 16-årsgrense som du eigentleg ikkje har lov til å sjå. Eg skjønar det.

Men likevel har det å lese så mange fordelar, det er ikkje til å stikke under ein kontorstol. Kanskje du berre har sete med feil bøker? Viss du er villig til å gi det ein sjanse til, har eg èi bok du må lese. Ei bok som faktisk er heilt genial. Då eg leste henne for første gong, tenkte eg: «Går det an å skrive så briliant? Denne forfattaren er eit geni.» (Okei, for å vere ærleg høyrde eg henne på lydbok. Det er nemleg 1000 gongar betre å høyre på lydbok enn å ikkje lese i det heile tatt, men det har du sikkert høyrt før.) Boka heiter «Hør her’a!» av Gulariz Sharif, og er skriven på norsk med innvandrarslang og ikkje perfekt grammatikk. Derfor likte eg godt å høyre henne på lydbok – innlesaren leste skikkeleg som ein person med innvandrarbakgrunn, og gjorde boka levande. Og ikkje minst hysterisk morosam.

Boka handlar om 15 år gamle Mahmoud som har sommarferie. Han trur at sommaren heime i Oslo skal bli kjedeleg, men så kjem onkelen på besøk i frå Pakistan, og Mahmoud må ta på seg rolla som turistguide for han. I tillegg avslører veslebroren til Mahmoud ei hemmelegheit som tek Mahmoud og resten av familien heilt på senga, og gjer sommaren til Mahmoud meir innhaldsrik enn han hadde rekna med.

Foto: Cappelen Damm

Eg berre seier det: Du kjem til å trekkje på smilebandet mange gonger i første halvdel. Boka gjer narr av både pakistansk og norsk kultur, og hovudpersonen set alle stereotypiane på spissen. Dei norske politikarane får gjennomgå, det same gjeld pakistanske familierelasjonar. Ta ting med ei klype salt medan du morar deg gjennom alle dei saftige beskrivingane til hovudpersonen:

«I Norge bikkjene spiser sånn Pedigree pal og tygger på leker, de sitter og ser på Nytt på nytt med eierne sine, blir oppdatert på verden. Lykkelige bikkjer som smiler med fin rosa tunge og fine tenner, de storkoser seg (…). I Pakistan bikkjene har spist møkk og dritt, døde dyrelik, vetta faen hva de har fått i seg! De loker slappe rundt hele dagen, som utlendingene på Grønland og kurderne på Oslo City som tror de skal få seg dame. Og hvis de ser noe matbit, de slår til. Ikke kurderne, bikkjene.»

I andre halvdel kjem dei litt meir alvorlege, men veldig viktige sidene av forteljinga fram. Boka er rett og slett ein godbit frå første til siste side, og skal du berre lese èi bok i år bør du velje denne. Framles ikkje overbevist? Då anbefalar eg å lese NRK si anmelding av boka. Give it a try, og viss ikkje du likte henne, kan du skulde på meg.