Kven skal lære barna våre digital dømmekraft og sunne vanar?

Dersom du ser for mykje på fjernsyn får du firkanta auger! Nei, men du er sikkert forkjøla fordi du sit å glor på den telefonen heile tida! Både medievanar og fritidsinteresser endrar seg i takt med tida. Kva ansvar har skuleverket for å skape ungdom med god digital dømmekraft, og har lærarane i det heile kompetanse til å rettleie barn og unge om kva som er lurt og kva som ikkje er lurt å gjere på nettet? Grensa om kva som er foreldra sin jobb og kva som er skulen sin jobb med omsyn til oppseding av barn og unge blir stadig rykka nærmare offentlege instansar. Er det kommunen og fylkeskommunen sitt hovudansvar å lære den kommande generasjonen digital dømmekraft og sunne digitale medievanar?

I eit samfunn som i større og større grad for kvar månad som går blir heildigitalisert og integrert i verdsveven, føregår meir og meir av både barn og unges liv på ulike digitale plattformar. Foreldregenerasjonen er sant nok opptekne av både Facebook og kan lese avisen på nettet. Men veit vi kva som føregår på TikTok og Snapchat? Korleis kan ein følgje med på kva dei unge driv med på ein lukka plattform som er nokre «tastetrykk» unna? (Det er nærmast symptomatisk at ein i det heile bruker ord som tastetrykk for å skildre noko som skjer på nettet…)

Ei undersøking gjort av Medietilsynet i 2020 syner at 97 prosent av alle 9-18 åringar i Noreg har eigen mobiltelefon. Blant barn mellom 9 og 10 år har 87 prosent eigen smarttelefon. Ser ein på dei mellom 13-14 år har omtrent alle eigen mobil. Halvparten av norske niåringar bruker sosiale media. For tiåringane gjeld det heile 65 prosent. Snapchat er mest utbreidd, med TikTok og Instagram på ein god andreplass.

80 prosent av alle 13-18 åringar som bruker sosiale media seier at dei har mykje kontakt med venene sine her. Det er og her barn og unge vert utsett for målretta reklame. Når ein veit at det i norsk lov ikkje er tillate å målrette reklame mot barn, er desse tala urovekkjande.

Meir enn 30 prosent av alle 13-18 åringane som nyttar sosiale media seier i tillegg at dei har angra på noko dei har delt på nettet. Bryt ein det meir ned i kjønn og alder ser ein frå undersøkinga at omlag halvparten av jentene mellom 17-18 har angra på noko dei har delt.

Ein har i ei årrekke hatt fokus i læreplanane om å gjere barn og unge robuste til å møte samfunnet og gjere dei til «gangs menneske». Når livet i større og større grad no speler seg ut på nettet, korleis skal skulen klare å henge med på utviklinga? Den førre regjeringa ynskja å satse på kompetanse i skulen. Lærarar med allmennlærarutdanning skulle «avskiltast» fordi dei mangla nokre studiepoeng i matematikk eller engelsk. Staten og kommunane har brukt millionar av kroner for å etterutdanne lærarar så dei kan halde fram å undervise også etter 2025. Problemet, etter mitt syn, er at ein ikkje i stor nok grad har satsa på å etterutdanna lærarar i digital kompetanse. IKT er som vi kjenner ein av dei fem grunnkompetansane elevane skal meistre – på lik line med lesing, rekning, skriving og munnleg aktivitet. Tyder IKT at ein kan skrive på ein PC og lage eit dokument i Excel, eller tyder kompetanse i IKT at ein faktisk følger med i utviklinga, veit og meistrer digitale plattformar og sosiale media? Bør ikkje ein lærar vite kva elevane driv med på fritida dersom ein i praksis gir dei midlar til å nytte desse både i skulen og på fritida? Jau, 97 prosent har eigen mobil, og eit meir eller mindre vellykka forsøk somme stader med mobilhotell og forbod mot å bruke telefonen på skulen gjer at ein har betre kontroll akkurat i skuletida. Men elevane har likevel PCen eller Chromebooken som dei har fått av kommunen eller fylkeskommunen.

Når Magnus Carlsen verkeleg byrja dominere sjakkverda og sjakk vart ein «folkesport» med timelange program på NRK og tusenvis av menneske satt benka framføre skjermen var ein av dei fyrste tinga ein høyrde at sjakk måtte inn i skulen! Slikt er det med det meste. Alt må inn i skulen. Det offentlege skal lære barna både etikk og moral. Skulen skal lære elevane grunnleggande oppseding og danning. Så kan ein som skuletilsett like eller mislike at foreldrerolla har endra seg i takt med lærarrolla. Ein skal forstå, leggje til rette og tilpasse. Ingenting skal vere ubehageleg. Grue seg til prøve er endra til angst, og det å bli stilt krav til er for mange ein heilt uakseptabel situasjon.

Det er denne utviklinga som gjer meg mest redd. For når ein veit at den sosiale interaksjonen i større og større grad føregår i sosiale media i appar som er laga for å «skjule» spora sine. Korleis skal lærarane klare å følgje opp dette? I tillegg vil ein i mykje større grad enn før trekke med seg utfordringar og problem utanfor skuletida inn i skulen når «alt» skjer digitalt.

Ein har lenge hatt fokus på oppøving av kjeldekritiske evner i skulen. Dette må vidareførast i samband med digitaliseringa av samfunnet. I tillegg må skulen ta inn over seg at ein i større grad må legge vekt på kommunikativ kompetanse. Til slutt må ein og på godt og vondt innsjå at internett og smarttelefonar gir elevane mogelegheit til kreativitet og deling av det dei skapar på ein heilt anna måte enn før. Konsekvensane av å legge ting ut på nettet og konsekvensane av å blottlegge seg for heile verda er ein del av å utvikle ein digital dømmekraft. Her har skulen ei viktig rolle og det kan ein ikkje kome unna.

Sosiale media og digitalisering er ikkje ein flopp som går over. Som institusjon har skulen eit ansvar for å gjere elevane til sjølvstendige menneske med mogelegheiter til delta i samfunnet på best mogeleg måte. Då må tilsette i skulen ha både kompetanse og motivasjon for å arbeide med å gjere elevane til «gangs menneske», både på nettet og i samfunnet elles. Dette kan ikkje løysast med ein time eller to med nettvett i 9. klasse eller ein temadag før jol. Det må arbeidast systematisk med i alle fag OG i heimen. Digital dømmekraft er som dømmekraft elles, det kjem ikkje av seg sjølve.