VR og AR – mogelegheiter til bruk i undervisninga

Eg har for mange år sidan brukt VR-briller i undervisninga når ein hadde om verdsrommet i naturfag på 9. trinn. Dette var heit enkelt og mest meint som noko som skulle vere litt morosamt. Eg hadde gått til innkjøp av eit sett «briller», dvs, ei kasse til å feste mobiltelefonen inni. Målet var at elevane skulle få eit innblikk i at det ikkje er noko opp eller ned i verdensrommet ved å sjå ein video på youtube der ein astronaut kom bort frå romferga og byrja å spinne.

Skjermbilde frå Aliexpress.

Det har skjedd ei lita utvikling sida sist eg prøvde dette og eg har såvidt prøvd Google Earth VR. Det er veldig spennande, mest for å utforske nye stader ein ikkje har vore på før. Dette vil eg forsøke i klassen ved eit høveleg tilfelle.