Programmering i skulen

Micro:bit – programmere ein bil til å halde seg på vegen

Elevane går i 9.klasse og har hatt programmering som valfag. Vi har arbeidd mykje med micro:bit frå før, men det er svært stor variasjon i kor mykje elevane mestrer. Vi hadde 4 biler tilgjengelig og elevane var i grupper på to eller tre.

Målet til slutt var å få bilen til å køyre ei gitt strekning og så stoppe inne i eit merka område.

Dei valde ulike måter for å nå målet. Nokre brukte sensorane under bilen til å halde seg langs ei teipa rute på gulvet. Nokre forsøkte å programmere inn ruta ved å prøve seg fram. (dette gjekk dårleg) og andre brukte to microbiter for å lage ein fjernkontroll som kunne kontrollere bilen.

Vi brukte 3 skuletimer for å få dette til. Nokre vart veldig tidleg ferdige då dei henta ferdige oppskrifter, medan andre klarte til slutt å finn ut av det sjølve.

Legg igjen en kommentar