Minoritetshistorie på museum

 

I den siste utgåva av tidsskriftet Nordisk Museologi (nr.2, 2015), kan ein finne ein artikkel av underteiknande. Utgåva er eit tema nummer med tittelen Rethinking Sámi Cultures in Museums, og  er eit resultat av ein konferanse med same namn, halde ved Universitetet i Oslo i november 2014. Du finn ein oversikt over bibliotek som har tilgang på tidsskriftet her. Min artikkel handlar om framstillinga av samisk historie ved utstillinga Sápmi –en nasjon blir til, ved Tromsø Museum, og  framstillinga av romanifolket sin historie ved utstillinga Latjo-Drom – Romanifolkets/taternes kultur og historie, ved Glomdalsmuseet. I artikkelen undersøkjer eg korleis den historiske framstillinga var meiningsbærande innan eit endra museumsfagleg og etnopolitisk landskap. God lesing.

 

Historiebruk og Mødrene på Plaza de Mayo

I førre innlegg skreiv eg om utviklinga av historiedidaktikken og gjennombrotet for omgrepa historiekultur, historiemedvit og historiebruk blei nemnt. I dette innlegget vil eg ta omgrepet historiebruk nærare i augesyn. Professor i historie, Ola Svein Stugu har skrive den korte og opplysande boka Historie i bruk, og skildrar kva han legg i omgrepet historiebruk:

Les meir